Dweezil Zappa























































Dweezil Zappa
Dweezil.jpg
Dweezil Zappa i Danmark med Zappa Plays Zappa, 13. oktober 2007
Fødd
5. september 1969 (49 år)
Fødestad Los Angeles
Fødenamn Ian Donald Calvin Euclid Zappa
Opphav USA
Aktiv 1986 til i dag
Sjanger
Rock, hardrock, heavy metal, instrumentalrock
Instrument
gitar, vokal, bass, piano, banjo
Kjende instrument
Gibson SG
Hagström Viking
Eric Johnson Stratocaster
Tilknytte artistar
Frank Zappa
Ahmet Zappa
Extreme
Ozzy Osbourne
Spinal Tap
Steve Vai
Warren DeMartini
Zappa Plays Zappa
Dream Theater
Winger
Plateselskap
Zappa, Favored Nations, Barking Pumpkin, Chrysalis
Mor Gail Zappa
Far Frank Zappa

Dweezil Zappa (fødd 5. september 1969) er ein amerikansk rockegitarist og stundom skodespelar. Han er son til musikaren Frank Zappa.




Innhaldsliste






  • 1 Tidleg liv


  • 2 Karriere


  • 3 Personleg liv


  • 4 Diskografi


    • 4.1 Solo


    • 4.2 Med Ahmet Zappa


    • 4.3 Med Zappa Plays Zappa


    • 4.4 Gjesteartist




  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Tidleg liv |


Zappa vart fødd i Los Angeles i California, som son av musikaren Frank Zappa og Gail Zappa, som arbeidde i føretaket til mannen.[1] Han er den andre av fire sysken: den eldre systera Moon, den yngre systera Diva og den yngre broren Ahmet. Han er syskenbarn til skodespelarinna Lala Sloatman.[2] Far til Zappa var av siciliansk, gresk, arabisk og fransk slekt, medan mora var av fransk, irsk og stort sett dansk slekt.[3]


Fødenamnet til Dweezil er Ian Donald Calvin Euclid Zappa.[4] Sjukehuset der han vart fødd nekta å registrere han med namnet Dweezil, så Frank lista opp namnet på fleire av musikarvenene sine. «Dweezil» var eit kallenamn som Frank gav den rare vesletåa til Gail. Fem år gammal, fekk Dweezil vite at det verkelege namnet hans var annleis, men insisterte på at kallenamnet hans skulle bli det lovlege namnet hans. Gail og Frank leigde ein advokat og kort tid etter var Dweezil offisielt namn.[5]



Karriere |


I 1980-åra arbeidde Zappa som programleiar på MTV, men fekk sparken kort tid etter han snakka stygt om MTV på The Howard Stern Show. Han spelte òg inn nokre soloalbum, og spelte gitar for andre artistar. Ein kan høyre Zappa spele sologitar på The Fat Boys sin «Wipe Out» (1987) og han er å sjå i musikkvideoen for Don Johnson-hitten «Heartbeat». Han spelte òg sologitar (i lag med Reb Beach) på Winger-versjonen av Jimi Hendrix sin «Purple Haze». Han hadde ei rolle i den futuristiske Arnold Schwarzenegger-filmen The Running Man som Stevie («Don't touch that dial!»), og gav den første kjende cameo-rolla i John Hughes sin Brat Pack-film, Pretty in Pink (med Molly Ringwald), som venen til Andie, Simon.


Sidan tidleg i 1990-åra, har Zappa skrive musikk for eit stykke kalla «What the Hell Was I Thinking?», eit 75 minuttar langt stykke med gitarsoloar av fleire kjende gitaristar. Prosjektet har vorte omarbeidd fleire gongar sidan 1990-åra. Dweezil sa i september 2004:[6] «Eg byrja å spele inn på analogt lydband for nesten 13 år sidan... Det er truleg 35 gjestegitaristar med, alle frå Brian May til Eddie Van Halen, Eric Johnson, Angus og Malcolm Young — det var eit sprøtt prosjekt. Eg ventar og håpar på å få spele inn med Jeff Beck og Jimmy Page som ein av dei siste gjestene der».[6]


I midten av 1990-åra var Zappa stemma til figuren Ajax Duckman i animasjonsserien Duckman. Han var òg ei kort stund med i situasjonskomedien Normal Life med systera Moon Unit Zappa and tidlegare Laverne & Shirley-stjerna Cindy Williams. Han skreiv og framførte kjenningsmelodien for The Ben Stiller Show (soloen frå Spinal Tap sin «Break Like the Wind»). I 1999 var han i lag med broren, Ahmet Zappa, med i eit show med kjendisar, band og dansetruppar kalla Happy Hour som vart sendt første gongen i april 1999 på USA Network.




Dweezil Zappa spelar med «Zappa Plays Zappa» i 2006.


På det 11. studioalbumet til "Weird Al» Yankovic frå 2003, Poodle Hat, spelar Zappa den første gitarsoloen og syng på sporet «Genius in France». I 2006, organiserte Zappa «Zappa Plays Zappa»-turneen. Han samla eit band med unge musikarar med eit mål om å føre musikken til Frank Zappa til eit yngre publikum. Med på turneen handde han Steve Vai, Napoleon Murphy Brock og Terry Bozzio. Turneen byrja i Europa i mai og fortsette i USA i juni. Etter ein pause fortsette turneen i USA i oktober 2006. I 2007 gjekk turneen frå juli og enda i Australia tidleg i desember, med Ray White som gjest. Fleire turnear har følgd seinare.[7] In 2009, Ray White left Zappa Plays Zappa for an undisclosed reason.[8]




Dweezil Zappa på Bluesfest 2008 i Ottawa.



Personleg liv |


Frå 1998 til 2004 var Zappa kjæraste med musikaren Lisa Loeb. Zappa og Loeb skreiv og spelte i lag, og Zappa turnerte med bandet hennar. Paret var programleiarar på matshowet Dweezil & Lisa på Food Network i 2004.


Zappa gifta seg med motestylisten Lauren Knudsen den 3. september 2005 i Los Angeles. Dei har to døtrer, Zola Frank Zappa (f. 2006) og Ceylon Indira Zappa (f. 2008).[9][10] I mars 2010 søkte Knudsen om skilsmisse.[11] Dweezil gifta seg med Megan Marsicano i ein privat seremoni i Los Angeles i april 2012.[12]



Diskografi |



Solo |



  • 1982 – My Mother Is a Space Cadet

  • 1986 – Havin' a Bad Day

  • 1988 – My Guitar Wants to Kill Your Mama

  • 1991 – Confessions

  • 2000 – Automatic

  • 2006 – Go med What You Know



Med Ahmet Zappa |



  • 1994 – Shampoohorn

  • 1996 – Music For Pets



Med Zappa Plays Zappa |



  • 2008 – Zappa Plays Zappa

  • 2010 – Return Of The Son Of...

  • 2011 – In The Moment

  • 2012 – F.O.H.

  • 2012 – F.O.H. 3 - Out Of Obscurity[13]



Gjesteartist |



  • 1984 – Gitarsoloane på «Sharleena» og «Stevie's Spanking» på Frank Zappa-albumet Them or Us

  • 1984 – Gitar på Frank Zappa sitt You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 på «Sharleena»[14]

  • 1985 – Vokal på Frank Zappa-albumet Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention

  • 1986 – Gitarsolo på «Whipping Post» på Frank Zappa-albumet Does Humor Belong in Music?'

  • 1988 – Winger på «Purple Haze»

  • 1989 – Med systera Moon Unit medverka han på songen «(In Love) With You Gumby» på albumet Gumby

  • 1990 – Opnings- og avslutningssolane på Extreme sitt Pornograffitti på songen «He-Man Woman Hater»[15]

  • 1992 – Sologitar på «Diva Fever» på Spinal Tap-albumet Break Like the Wind

  • 1993 – Sologitar på «Dirty Love» og «Chunga's Revenge» på hyllestalbumet Zappa's Universe

  • 1994 – Bjeffing på «Waffenspiel» på Frank Zappa-albumet Civilization Phaze III

  • 1997 – Gitarsolo på Pat Boone-versjonen av «Smoke on the Water» (No More Mr. Nice Guy-albumet)

  • 2000 – Gitar på Dixie Dregs på albumet California Screamin «Peaches en Regalia»

  • 2001 – 911, på «Top of the World»

  • 2003 – «Weird Al» Yankovic-albumet Poodle Hat på «Genius In France»

  • 2006 – Sologitar på «Chunga's Revenge» og «Bavarian Sunset» på Frank Zappa-albumet Trance-Fusion

  • 2006 – Gitar på Kip Winger-albumet Songs From The Ocean Floor

  • 2011 – Sologitar på «Release the Memes» frå Centrifugal Satz Clock: Morning av Steve Kusaba

  • 2013 – Sologitar på «Mind Your Step» frå «Freak Guitar: The Smorgasbord» av Mattias IA Eklundh



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Dweezil Zappa» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Dweezil Zappa Biography (1969-)». Filmreference.com. 1969-09-05. Henta 5. juli 2014. 


  2. «Lala Sloatman at IMDB». Henta 5. juli 2014. 


  3. Miles, Barry (2004). Zappa. Grove Press. s. 124. ISBN 0-8021-1783-X. 


  4. Dette var namna på musikarane til Frank Zappa Ian Underwood, Don van Vliet, Calvin Schenkel og Euclid James «Motorhead» Sherwood; sjå «What are the names of Frank Zappa's kids?». Henta 5. juli 2014. 


  5. Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1990), The real Frank Zappa book, Simon & Schuster, s. 254, ISBN 0-671-70572-5 , Snippet view page 245


  6. 6,06,1 James, Daniel (september 2004). «Dweezil Zappa: 64-bit Computing & The Frank Zappa Archive». Sound on Sound. Henta 5. juli 2014. 


  7. «Tour Dates». Zappa Plays Zappa. 2013-08-20. Henta 5. juli 2014. 


  8. «Ray White Leaves Zappa Plays Zappa». Kill Ugly Radio. Henta 5. juli 2014. 


  9. Edler, Molly Snyder (2007-06-17). «Dweezil and Frank reunite in «Zappa Plays Zappa"». Arkivert frå originalen 2008-06-15. Henta 5. juli 2014. 


  10. Zappa, Dweezil (2008-06-06). «On the road again/Dyna Flangers». Henta 5. juli 2014. 


  11. «Lauren Knudsen Leaves Dweezil Zappa: Pictures». Zimbio.com. Henta 5. juli 2014. 


  12. «Dweezil Zappa Bio». Dweezilzappaworld.com. Henta 5. juli 2014. 


  13. «Dweezil Zappa: F.O.H. 3 – Out Of Obscurity». 11345.com. 2012-11-10. Henta 5. juli 2014. 


  14. NOTE: sjølv om han er innspelt 23. desember 84, vart versjonen av «Sharleena» gjeven ut som singel i januar 1987 i magasinet Guitar Player.


  15. «Extreme II: Pornograffitti CD Album». Cduniverse.com. Henta 5. juli 2014. 







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad


  • IMDb om Dweezil Zappa


  • Dweezil Zappa-intervju frå 2008 med Jon Niccum


  • Intervju frå 2010 med Tom Waring





































Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029