XYZ
XYZ | |
Opphav | London i England |
---|---|
Aktiv | 1981 |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock |
Tilknytte artistar | Led Zeppelin, Yes, The Firm |
Plateselskap | Swan Song |
Medlemmer | Jimmy Page Chris Squire Alan White |
XYZ var ei kortliva supergruppe. Namnet XYZ kjem frå eX-Yes-&-Zeppelin sidan gruppa bestod av tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, i lag med tidlegare Yes-medlemmar Chris Squire (bassgitar, vokal, klaverinstrument) og Alan White (trommer). Squire var den viktigaste låtskrivaren for gruppa.[1] Page meinte at bandet trong ein sterk vokalist og høyrte med tidlegare Led Zeppelin-songar Robert Plant. Plant møtte opp på ei øving med XYZ den 28. februar 1981, men valte å ikkje bli med i gruppa, fordi han ikkje likte den komplekse musikken.[2] Utan Plant og med kontraktsproblem om kven som skulle styre gruppa[3][4] vart prosjektet skrinlagt kort tid etter.
Medverkande |
Jimmy Page - Sologitar
Chris Squire - Bassgitar, klaverinstrument, vokal
Alan White - trommer
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «XYZ (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2011.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «Chris Squire of Yes talks about the band's legacy, current tour and future».
↑ «Led Zeppelin :: Achilles Last Stand».
↑ Welch, Chris (2003). Close to the Edge: The Story of Yes, Revised Edition. London: Omnibus Press, s. 202. ISBN 0-7119-0509-5
↑ Alan White de Yes: el batero que tocó con todos
|