Mihaela Melinte
















Mihaela Melinte

Fødd
27. mars 1975
Bacău
Yrke
sleggekaster, friidrettsutøvar

Mihaela Melinte (fødd 27. mars 1975) er ein rumensk tidlegare sleggjekastar frå Bacău. Ho tok gullmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1998 og verdsmeisterskapen 1999. Melinte sette tre verdsrekordar i sleggjekast, den siste på 76,07 meter frå 1999 gjaldt i seks år. Straks føre Sommar-OL 2000 i Sydney testa ho positivt på nandrolon og vart utestengd i to år.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Doping


    • 1.2 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Kjelder





Aktiv |


Sommaren 1997 vann Melinte sleggjetevlinga både under ungdoms-EM i Turku og universiaden i Catania, med vinnarkast på høvesvis 70,26 m og 69,84 m. Året etter vart ho europameister i Budapest. Gjennom 1999-sesongen forbetra Melinte verdsrekorden i sleggjekast tre gongar, sist til 76,07 meter i tyske Rüdlingen den 29. august 1999. Etter å ha forsvart studentmeister-tittelen i Palma de Mallorca i juli månad med eit bestekast på 74,26 m, vart ho 24. august verdsmeister med 75,20 meter. Fem dagar etter ho tok VM-gullet sette ho altså verdsrekorden, ein rekord som var sletta av russiske Tatjana Lysenko knapt seks år seinare.



Doping |


Ved stemnet Notturna di Milano i 2000 vart Melinte avslørt for å ha brukt det anabole steroidet nandrolon. Då det rumenske friidrettsforbundet ikkje vart informert om dopingfunnet og utestenginga, møtte Melinte opp på olympiastadion i Sydney, for så å verte bortvist frå arenaen.


Melinte gjorde comeback i sleggjeringen i 2003. Ho kvalifiserte seg til VM-finalane i 2003 og 2005, men makta ikkje å melde seg på i medaljestriden. Etter utstenginga i 2000 kasta ho aldri 72 meter i sleggje.


Tolv gongar vart Melinte kåra til rumensk meister i sleggjekasting.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 71,17 m, framom Olga Kuzenkova 69,28 m


  • VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje – 75,20 m, framom Olga Kuzenkova (72,56 m)


  • VM 2003 i Paris: Nr 6 – 68,69 m


  • VM 2005 i Helsinki: Nr 11 – 64,31 m


  • EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (63,96 m =nr 20)


  • VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (62,40 m =nr 33)



Kjelder |




  • (en) Mihaela Melinte – Profil på nettsida til IAAF



  • Denne artikkelen bygger på «Mihaela Melinte» frå Wikipedia på tysk, den 16. oktober 2016.

  • Denne artikkelen bygger på «Mihaela Melinte» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2016.














Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669