Erosjon






Klippeerosjon på Krimhalvøya


Erosjon (latin erosio, «avgnaging») er alle geologiske prosessar der ytre krefter som vind, bølgjer, isbrear og rennande vatn riv laus og flyttar materiale frå ein stad på jordoverflata til ein annan. Ofte deler ein erosjon inn etter kva kraft som rår, som vinderosjon, bølgeerosjon, breerosjon og elveerosjon. Energien til denne nedbrytinga av jordoverflata kjem frå solstrålinga, og hadde det ikkje vore for at dei indre geologiske prosessane samstundes skapte nye geologiske formasjonar, så ville erosjonen for lengst ha jamna ut overflata til ei plan flate under havnivå.



Former |


I lause jordartar skjer erosjonen raskt, fordi det lause materialet vert ført bort med regnvatn, bekkar eller vind. Den faste berggrunnen vert slipt ned ved at strøymande vatn fører med seg sand, grus og stein som gnir over overflata. Små renner kan utvikle seg til gjel og dalar forma som ein V.


Isbrear kan grave vidare i eldre renner og forme terreng som tindar og skar, dalbotnar, U-dalar og fjordar. Medan elvene berre eroderer terrenget ned til havnivået, vil isbreane kunne grave ut groper og renner djupt under havnivået.


Langs kysten er det havbølgjene som verkar og gjer at kysten langsamt trekkjer seg attende, noko ein kallar abrasjon. Vind fjernar støv og sand, sliper fasettar på stein som stikk fram eller grev ut bratte skrentar med innhole former, noko ein kallar deflasjon.



Erosjonsproblem |


Når menneske eller dyr fjernar vegetasjon frå eit terreng, vil ofte erosjonen få betre tak. Regn og vind kan fjerne matjorda, medan avskoging, overbeiting eller intensivt jordbruk i jordbruksområde kan omskape området til ufruktbar steppe og ørken, som til dømes i USA, Mellom-Amerika og Afrika. Regnvatnet vert ikkje lenger soge opp i jorda når eit område er avskoga, men renn avstad. Dette aukar mellom anna sjansane for flaum og har ved fleire høve ført til at tusenvis av menneske har mista livet. I tillegg vil lokalklimaet endrast ved erosjon.


I Noreg har erosjon vert eit problem for gardsbruk på Austlandet. Kvart år renn det vekk fleire tusen kubikkmeter jord med regnvatnet. Dette er særleg merkbart på Romerike på grunn av flatehogst, bakkeplanering og asfaltering som har gjort at nedbørsvatn i mindre grad trekkjer ned i jorda. Dette medfører at det lettare oppstår flaum og elva Leira transporterer årleg om lag 100 000 tonn jord forbi Frogner i Sørum.



Kjelder |



  • «Erosjon» i Store norske leksikon, snl.no.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum