Karpatane






Satellittbilete av Karpatane.




Dei sørlege Karpatane i Romania.




Dei transilvanske vestlege Karpatane (Apuseni.




Dei indre vestlege Karpatane, Tatra i Polen




Dei indre vestlege Karpatane, Tatra i Polen


Karpatane (rumensk Munţii Carpaţi; polsk, tsjekkisk og slovakisk Karpaty; ukrainsk: Карпати (Karpati); tysk: Karpaten; serbisk: Karpati; ungarsk: Kárpátok) er den austlege fjellkjeda av det store sentrale fjellsystemet i Europa. Ho strekkjer seg 1 500 km langs grensene til Romania, Tsjekkia, Slovakia, Polen, Ukraina, Austerrike, Serbia og nordlege delar av Ungarn.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Geografi


  • 3 Geologi


  • 4 Inndeling


    • 4.1 Horisontal inndeling


    • 4.2 Vertikal og generell inndeling




  • 5 Avtale om vern av Karpatane


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Namn |


Namnet 'Karpetes' kan trekkast tilbake til den urindoeuropeisk rota *sker-/*ker-, som det albanske ordet kar (stein) har utvikla seg frå, kanskje via det dakisk ordet som tydde fjell, stein eller kupert. Det gamle polske ordet karpa tydde kupert, undervassfjell, knokete røter eller trestammer. Det vanlege ordet skarpa tyder skarp klippe eller vertikalt terreng.


I seinare romerske dokument vart dei austlege Karpatane kalla Montes Sarmatici. Dei vestlege Karpatane vart kalla Carpates. Namnet Carpates vart først nedteikna av Ptolemaios i hans Geografi. Rundt år 310 vert Karpatane nemnd i Montes Serrorum av Flavius Galerius Valerius Licinianus Licinius.


Namnet på Karparane, eit dakisk folk, kan ha kome frå namnet på Karpatane. Namnet er nedteikna i seine dokument frå Romarriket (Zosimus), og at dei budde på austsida av Karpatane fram til 381. Eit anna alternativ er at fjellkjeda har fått namnet sitt frå det dakiske folket.


Ungarske dokument frå 800-900-talet kallar fjella Thorchal, Tarczal eller stundom Montes Nivium.


I den skandinaviske Hervarar saga, som skildrar gamle germanske segner om kampane mellom gotarane og hunarane, dukkar namnet Karpates opp i den forutseielege germanske forma som Harvaða fjöllum (sjå Grimms lov).



Geografi |


Karpatane reiser seg ved Donau nær Bratislava. Dei krinsar rundt Transkarpatia og Transilvania i ein stor halvsirkel, og sveiper så sørvestover og sluttar ved Donau nær Orşova i Romania. Den totale lengda er over 1 500 km, og breidda varierer mellom 12 og 500 km. Karpatane er på sitt breiast på Det transilvanske platået og på det høgaste i Tatrafjella (med Gerlachovský štít på 2 655 m som det høgaste fjellet, ved Slovakia nær den polske grensa). Ho dekkjer eit område på 190 000 km², og er etter Alpane det mest utstrekte fjellsystemet i Europa.


Sjølv om Karpatane ofte vert kalla ei fjellkjede, er dei eigentleg ei gruppe av fjellkjeder. Karpatane har berre få stader over 2 500 meter og manglar dei bratte toppane med omfattande snødekke, store isbrear, høge fossefall og store innsjøar, som er vanleg i Alpane. Ingen område av Karpatane har snødekke året rundt, og har heller ingen isbrear. Dei høgaste områda av Karpatane er ikkje høgare enn dei middelhøge delane av Alpane, og har stort sett det same klima og plantelivet som desse områda.


Karpatane er fråskild Alpane av Donau. Dei to fjellkjedene møtes berre i eit punkt, Leithafjella ved Bratislava. Elva skil òg Karpatane frå Balkanfjella ved Orşova i Romania. Dalane til elvane March og Oder skil Karpatane frå Schlesien og Moravia, som ligg midt i det store sentrale fjellsystemet i Europa. I motsetnad til andre delar av dette systemet er Karpatane, som dannar vasskiljet mellom dei nordlege hava og Svartehavet, omkransa av sletter. Desse er Den pannoniske sletta i sørvest, sletta som vert danna av den lågare delen av Donau (Romania) i sør, og Galitsjasletta i nordaust.



Geologi |


Karpatane vart danna under den alpine orogenesen



Inndeling |



Horisontal inndeling |




  • Dei ytre Karpatane — Ytre vestlege og Ytre austlege Karpatane.


  • Dei indre Karpatane — Indre vestlege, Indre austlege, og resten av Karpatane.


Ein stor del av dei vestlege og nordaustlege delane av dei Ytre Karpatane i Polen, Ukraina og Slovakia vert vanlegvis kalla Beskidane



Vertikal og generell inndeling |


Den finare inndelinga av Karpatane frå vest med klokka. Tala refererer til kartet:



  • Vest-Karpatane:

    • 1 Dei ytre Vest-Karpatane:

      • Dei austerrikske og sørmoraviske Karpatane

      • Dei sentral-moraviske Karpatane

      • Dei slovakisk-moraviske Karpatane

      • Vest-beskidiske piedmont

      • Dei vestlege Beskidane

      • Dei sentrale Beskidane

      • Dei austlege Beskidane

      • Podhale-Magura-området






Kart over inndelinga av Karpatane.




    • 2 Dei indre Vest-Karpatane:

      • Dei slovakiske malmfjella

      • Tatrafjella

      • Dei sentrale slovakiske fjella

      • Lučenec-Košice-senkinga

      • Mátra-Slanec




  • Dei sørlege Aust-Karpatane:


    • Aust-Karpatane:


      • 3 Dei ytre Aust-Karpatane:

        • Sentral-beskidiske piedemont

        • Dei vesle Beskidane

        • Dei austlege Beskidane

        • Dei moldovisk-munteniske Karpatane

        • Dei austlege subkarpatane




      • 4 Dei indre Aust-Karpatane:

        • Vihorlat-Gutin

        • Bistriţafjella

        • Căliman-Harghita

        • Giurgeu-Braşov


        • Rakhivmassivet ogMaramureşfjella

        • Maramureşfordjupninga

        • Rodnafjella






    • 5 Dei sørlege Karpatane (òg kalla Dei transilvanske Alpane):

      • Făgăraşgruppa

      • Parânggruppa

      • Retezat-Godeanu-fjella




    • 6 Dei rumenske Vest-Karpatane:

      • Apusenifjella


      • Poiana Ruscă (stundom rekna som ein del av Sør-Karpatane)


      • Banat (stundom rekna som ein del av Sør-Karpatane)




    • 7 Det transilvanske platået (stundom ikkje rekna som ein del av Karpatane i det heile tatt):

      • Det transilvanske platået

      • Mureş-Turda-senkinga

      • Făgăraş-senkinga

      • Sibiu-senkinga




    • 8 Dei serbiske Karpatane (stundom rekna som ein del av Sør-Karpatane, eller ikkje som ein del av Karpatane i det heile tatt)




  • Den ytre karpatiske senkinga (ligg omkring Karpatane, og vert vanlegvis rekna som ein del av gruppene ovanfor)


Den geologiske grensa mellom dei vestlege og austlege Karpatane går om lag langs linja (frå sør til nord) mellom byane Michalovce - Bardejov - Nowy Sącz - Tarnów. I eldre system går grensa lenger aust langs elvane (nord til sør) San og Osława (Polen) – byen Snina (Slovakia) – elva Turia (Ukraina). Biologar set derimot grensa enno lenger aust.


Grensa mellom dei austlege og sørlege Karpatane går ved Predealpasset sør for Braşov og Prahovadalen.


Ukrainarar kallar stundom Aust-Karpatane for Dei ukrainske Karpatane (eller Skogkledde Karpatane), det vil sei hovudsakleg den delen av fjella som ligg i Ukraina (nord for Prisloppasset), medan rumenarane stundom berre kalla den andre delen for Aust-Karpatane, som ligg i Romania (frå grensa av Ukraina eller frå Prisloppasset og sørover).


Rumenarane delar vidare Aust-Karpatane i Romania vidare inn i tre geografiske grupper (nord, sentralt, sør), i staden for Ytre og Indre. Desse er:




  • Carpaţii Maramureşului şi ai Bucovinei (Karpatane i Maramureş og Bucovina)


  • Carpaţii Moldo-Transilvani (Dei moldovisk-transilvanske Karpatane)


  • Carpaţii de Curbură/Carpaţii Curburii



Avtale om vern av Karpatane |


Ein rammeavtale for vern og berekraftig utvikling av Karpatane[1] vart signert i 2003 av dei sju landa Karpatane omfattar.



Kjelder |





  1. http://www.carpathianconvention.org


  • Denne artikkelen bygger på «Carpathian Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2007.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karpatane



  • http://www.carpati.org/

  • http://www.alpinet.org/

  • Orografisk kart som viser Karpatane

  • Turstiar i Dei ukrainske Karpatane

  • Bilete frå Karpatane

  • Panoramabilete frå Dei ukrainske Karpatane





Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029