Wikipedia






Wikipedia sin logo


Wikipedia er eit fritt oppslagsverk skrive på dugnad av brukarane ved hjelp av wiki-programvare. Wikipedia er styrt av Wikimedia Foundation, ein organisasjon som vert driven utan økonomisk vinning som mål. I tillegg til vanleg oppslagsverksinnhald, inneheld Wikipedia informasjon som ein ofte finn i almanakkar og atlas, og nyhende.




Innhaldsliste






  • 1 Opphavsrett


  • 2 Dugnadsarbeid


  • 3 Historie


    • 3.1 Milepålar




  • 4 Utgjevaransvar


  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff





Opphavsrett |


All teksten i Wikipedia vert utgjeven under GNU fri dokumentasjonslisens, også kjent som GFDL. Det betyr at det er fritt fram å bruka, redigera, kopiera og redistribuera alt innhaldet, så lenge ein held seg til retningslinjene i GFDL. Kort fortalt går lisensen ut på at ein må seia klart frå kor innhaldet er henta frå, og gje andre den same retten til å bruka og vidareutvikla innhaldet.


Andre delar av innhaldet, som til dømes bilete laga av kunstnarar som har døydd meir enn 70 år sidan, er det stort sett ingen som har opphavsrett etter lovane i dei fleste landa og vert i slike tilfelle brukt fritt på Wikipedia.



Dugnadsarbeid |


Innhaldet i Wikipedia vert skrive av brukarane. Sidene er med få unntak alltid opne for redigering av både registrerte og anonyme brukarar, og ingen artikkel er nokon gong ferdig. Dette har gjeve opphav til mange argument mot Wikipedia, som at artiklane vil bli ufullstendige og lite truverdige.



Historie |


Wikipedia byrja som eit engelskspråkleg prosjekt den 15. januar 2001, og fransk kom raskt etter den 23. mars 2001. Norsk Wikipedia kom til i 2002, og Nynorsk Wikipedia i 2004.


Det har vore gjort mykje arbeid sidan i å gjera Wikipedia fleirspråkleg, og prosjektet har nå meir enn 1 400 000 artiklar på engelsk og meir enn 5 millionar til saman (september 2006).



Milepålar |




  • 15. januar 2001: Wikipedia på engelsk vart grunnlagt.


  • 20. september 2004: Wikipedia nådde totalt 1 000 000 artiklar fordelt på meir enn 100 språk [1]


  • 12. oktober 2004: Me gratulerer bokmålswikipediaen med artikkel nummer 10 000!


  • 27. oktober 2004: Nynorsk wikipedia fekk sin 1000. artikkel, Sauda, og var dermed med blant dei 52 wikipediaene som til då hadde minst 1000 artiklar.


  • 17. november 2004: Svenska wikipedia passerte 50 000 artiklar.


  • 18. mars 2005: Wikipedia på engelsk har passert 500 000 artiklar!


  • 6. april 2005: Nynorsk Wikipedia passerte 5 000 artiklar.


  • 27. april 2005: fi:Finsk Wikipedia passerte 20 000 artiklar med artikkelen Feeniks.


  • 14. mai 2005: Bokmålswikipediaen passerte 25 000 artiklar.


  • 9. juni 2005: Dansk Wikipedia passerte 25 000 artiklar.


  • 11. juli 2005: Wikipedia passerer 2 000 000 artiklar, alle språka sett under eitt.


  • 7. august 2005: Nynorsk Wikipedia passerte 10 000 artiklar med eit stykke om Edvard Langset.


  • 27. august 2005: Svensk Wikipedia passerte 100 000 artiklar.


  • 6. februar 2006: Bokmålswikipediaen passerte 50 000 artiklar.


  • 21. februar 2006: Den finske wikipediaen passerte 50 000 artiklar.


  • 1. mars 2006: Wikipedia på engelsk passerte 1 000 000 artiklar.


  • 30. september 2006: Dansk Wikipedia passerte 50 000 artiklar.


  • 11. februar 2007: Finsk Wikipedia passerte 100 000 artiklar.


  • 24. februar 2007: Bokmålswikipediaen passerte 100 000 artiklar.



Utgjevaransvar |


Stiftinga Wikimedia Foundation eig tenarane, domenenamnet og utsjånaden til wikipediasidene. Stiftinga har utgjevaransvaret for Wikipedia, og følgjer lovene til delstaten Florida. Jimmy Wales, initiativtakaren til Wikipedia, er formann i stiftinga.



Sjå òg |




  • Kontaktinformasjon for Wikimedia og Wikipedia.


  • Informasjon frå Wikipedia til pressa.


  • Omtale av Wikipedia i norsk presse.



Bakgrunnsstoff |




  • Jimmy Wales – kort artikkel om Wikipedia i magasinet Time (engelsk)


  • It's a Wiki, Wiki World – lengre artikkel om Wikipedia i magasinet Time (engelsk)


  • Artikkel om Wikipedia i magasinet Nature (engelsk)





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum