Slovenské stredohorie
Slovenské stredohorie (tyder Dei slovakiske mellomfjella) er ei fjellkjede sør i sentrale område av Slovakia. Omtrent midt i fjellområdet ligg byen Zvolen.
Slovenské stredohorie høyrer til dei indre vestlege Karpatane. Dei grensar til Fatra-Tatra-området i nordvest og nord, Dei slovakiske malmfjella i aust, Juhoslovenská kotlina i sør og Den pannoniske sletta i sørvest.
Slovenské stredohorie er vidare delt inn som følgjer:
- Vtáčnik
- Pohronský Inovec
- Štiavnicafjella
- Kremnicafjella
- Poľana
- Ostrôžky
- Javorie
- Krupinasletta
- Zvolenbekkenet
- Pliešovská kotlina
- Žiarbekkenet
Det høgaste fjellet er Poľana på 1458 moh.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Slovenské stredohorie» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2009.
Koordinatar: