Rostov-na-Donu



























































Rostov-na-Donu
Ростов-на-Дону


Horisonten til Rostov-na-Donu






Byvåpenet til Rostov-na-Donu

Byvåpenet til Rostov-na-Donu



Plassering




Rostov-na-Donu is located in Russland









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Rostov oblast
Grunnlagd

1749
Geografi
Flatevidd
 - By


348 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik


1 051 600
  3 021,8 /km²
Koordinatar

47°14′″N 39°43′″EKoordinatar: 47°14′″N 39°43′″E
Høgd over havet
70 moh
Tidssone
- Ved sommartid

MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer
344xxx
Retningsnummer (tlf)
(+7)863
Bilnummer
61, 161

Nettstad: www.rostov-gorod.ru

Rostov-na-Donu (russisk Росто́в-на-Дону́, «Rostov ved Don») er den tiande største byen i Russland og hovudstaden i Rostov oblast og Det sørlege føderale distriktet. Byen ligg ved elva Don, berre 46 km frå Azovhavet. Byen har like over 1 million innbyggjarar.



Historie |


Munningen til Don har vore kommersielt og kulturelt viktig sidan antikken. Her låg ein gresk koloni kalla Tanais, det genuesiske fortet Tana og tyrkiske festninga Azov.


Rostov-na-Donu vart i røynda grunnlagd i 1749 som eit tollhus bygd ved Temernik (ei sideelv til Don) og like etter vart ei stor festning bygd. Han var kalla opp etter St. Dimitrij av Rostov, ein nyleg heilagkåra biskop frå den nordlege byen Rostov. Etter kvart som Azov gradvis forsvann voks det fram ein ny busetnad rundt festninga, som etter kvart tok over rolla som det største handelssenteret i regionen. I 1756 vart Det russiske handelsselskapet av Konstantinopel sett opp her, og dei oppretta ein busetnad ved Don kalla Kupetsjeskaja Sloboda. I 1796 fekk busetnaden byrettar og fekk namnet Rostov-na-Donu for å skilje han frå den opphavlege, nordlege byen.




Rostov oblast administrasjonsbygning




Ei fontene i Revolusjonsparken


Don er ei stor transportåre, som knyt sørvestlege delar av Russland til regionar lenger nord, og Rostov-na-Donu er ei viktig elvehamn for både passasjer- og godstrafikk. Med ei så bra geografisk plassering voks byen raskt. Som den mest industrialiserte byen i Sør-Russland kjempa Den kvite arméen og bolsjevikane om byen under den russiske borgarkrigen. I 1928 vart byen provinshovudstad etter at styresmaktene flytta frå den gamle kosakkiske hovudstaden Novotsjerkassk til Rostov, som òg voks saman med den armenske Nor Nakhijevan (i dag bydelane Nakhijevan, Proletarskij).


Under Sovjetunionen øydela bolsjevikane dei to største landemerka i Rostov, St. Aleksander Nevskij-katedralen (1908) og St. Georgij-katedralen i Nakitsjevan (1783-1807). Mykje av byen vart lagt i ruinar av tyske styrkar som okkuperte han to gonger, i 1941 og 1942. I dag er det største landemerket i sentrum den enorme kyrkja Jomfrufødselen (1860-87), teikna av Konstantin Thon.


Rostov-na-Donu har opplevd stor økonomisk vekst dei siste åra ettersom den nasjonale økonomien har betra seg. Mange selskap har hovudkvarter i byen, som i dag er eit senter for industri og teknologi.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Rostov-on-Don» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2008.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rostov-na-Donu













Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum