Folkehøgskular i Noreg
Sjå òg folkehøgskule.
Folkehøgskular i Noreg er skular som legg vekt på å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar. Dei fleste norske folkehøgskulane rettar seg mot vaksen ungdom og tilbyr linjefag knytte til fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, teater, dans og musikk. I tillegg til linjefaga har mange av dei norske folkehøgskulane fellesfag, seminar og ulike valfag på tvers av linjene. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader, men nokre av folkehøgskulane tilbyr òg lengre eller kortare kurs.
Den fyrste norske folkehøgskulen var Sagatun på Hamar, som vart grunnlagt i 1864 av Olaus Arvesen og Herman Anker. Ti år etter vart amtsskulane oppretta av styresmaktene som ei motvekt til folkehøgskulane, og frå slutten av 1800-talet fekk folkehøgskulane ytterlegare konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteke, som samla dei tre skuletypane under felles lov og namn. Dermed vart alle skulane samla under nemninga folkehøgskule.
I 2016 er det 80 folkehøgskular i drift i Noreg, og dei er jamnt fordelt ut over heile landet. 32 av dei er kristelege folkehøgskular som har valt eit kristeleg grunnsyn og er eigd av kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane er frilyndte skular, som har eit ope grunnsyn og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar. Kvart år vel om lag 10 prosent av elevkulla i Noreg å gå eit år på folkehøgskule.
Innhaldsliste
1 Folkehøgskulerørsla i Noreg
2 Folkehøgskulen i dag
3 Liste over folkehøgskular i Noreg
3.1 Frilyndte folkehøgskular
3.2 Kristelege folkehøgskular
4 Nedlagde norske folkehøgskular
5 Sjå òg
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Folkehøgskulerørsla i Noreg |
Den danske teologen og diktaren Nikolai Frederik Severin Grundtvig (1783–1872) blir rekna som opphavsmannen til folkehøgskulen i dag. Grundtvig ønskte å skapa ei motvekt til den einsidige kunnskapsdyrkinga i latinskulane og ville skipa ein skule som skulle vera fri for eksamen og pensum, der elevane skulle kunna utvikla seg gjennom engasjerte foredrag og samtalar.[1]
Grundtvig skreiv i 1837 eit brev, «Til Nordmænd om en norsk Højskole», som fortalde om skuletankane han hadde. Ideen vart etter kvart etablert i lærarkrinsar omkring Ole Vig (1824–1857), som fekk tankar om å skipa ein sentral folkehøgskule for heile Noreg i Gudbrandsdalen. Den fyrste norske folkehøgskulen, Sagatun ved Hamar, vart skipa i 1864 av Olaus Arvesen (1830–1917) og Herman Anker (1839–1896). Skulen var etablert på eit grundvigansk idégrunnlag. Dermed vart idéen til Vig sett i live og då folkehøgskulen på Sagatun vart innvigd, mintest grunnleggjarane om innsatsen og inspirasjonen som Ole Vig hadde bidrege med inntil han døydde.
Etter kvart vart det etablert fleire folkehøgskular i Noreg. Mest kjent i ettertida er kanskje skulen Vonheim i Gausdal, som vart driven av Christopher Bruun og som la vekt på nasjonal, politisk og kristeleg opplysning. Vonheim skilde seg frå Sagatun i framhevinga av bondekultur og det særnorske. Folkehøgskulane vakte politisk debatt og i 1874 utforma Jacob Aall Bonnevie (skuledirektør i Nidaros) eit forslag om å oppretta amtsskular. Tanken var at desse skulle få statsstønad og utkonkurrera dei grundvigianske skulane som nokre var skeptiske til. Etter kvart måtte også fleire folkehøgskular leggja ned drifta. I 1890 fekk folkehøgskulane ein ny konkurrent med dei kristelege ungdomsskulane. Utover på 1900-talet vart det vedteke at alle tre skuleslaga skulle få statstilskot.
I 1949 vart Lov om folkehøyskoler vedteken og samla dei dåverande folkehøgskulane, fylkesskulane og dei kristelege ungdomsskulane under same nemning, som vart folkehøgskule. Mange av dei kristelege ungdomsskulane skifta ikkje namn til folkehøgskule før etter 1970, då dei tre siste åra av grunnskulen vart kalla ungdomsskule.
Folkehøgskulen i dag |
Det er i dag (2016) 80 folkehøgskular i drift i Noreg. Dei fleste av dei har vorte grunnlagt på 1800- og 1900-talet, og etter 1980-åra har det vorte etablert svært få nye folkehøgskular. Etablering av nye folkehøgskular i Noreg har vist seg å vera vanskeleg, og svært få prosjekt blir godkjente.[2][3]
Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla seg i to hovudretningar, dei kristelege og dei frilyndte folkehøgskulane. Per 2016 er 32 av folkehøgskulane i Noreg kristelege folkehøgskular. Dei byggjer på eit kristeleg grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontor for kristen folkehøgskole og er eigd av ulike kristelege organisasjonar. Dei resterande 48 folkehøgskulane i Noreg høyrer under dei frilyndte folkehøgskulane. Dei byggjer på eit ope grunnsyn, er medlemmar av Informasjonskontoret for folkehøgskolen og er eigd av anten frittståande organisasjonar, fylkeskommunar eller ulike interesseorganisasjonar.[4]
Etter 1970-åra byrja undervisninga i folkehøgskulane å primært retta seg mot fritidssyssel og særinteresser, som friluftsliv, idrett, musikk, dans, teater, forming og filosofi. I dei seinare åra har det vorte vanlegare med linjefag som utvikling av dataspel, ekstremsport, reiseliv og utviklingshjelp. Aktuelle interessefelt og trendar kan vera grunnlag for nye linjefag. Til dømes har Seljord folkehøgskule i 2015 starta ei linje basert på korleis vikingane levde, etter at TV-seriar som Game of Thrones og Vikings har auka interessa for vikingkulturen.[5]
Elevar som går eit år på folkehøgskule i dag kan søkja om stipend eller lån for å finansiera skuleåret. Eit fullført år på folkehøgskule gir to konkurransepoeng for alle som vil gå vidare med høgare offentleg utdanning. Det har vore politisk usemje om ein skal halda fram med å gi økonomisk stønad og studiepoeng for å gå eit år på folkehøgskule.[6] Kvart år vel ikring 10 prosent av dei norske elevkulla å gå eit år på folkehøgskule. I 2014 og 2015 har dei fleste norske folkehøgskulane opplevd auka pågang[7], og framgangen har vore sterkast for folkehøgskulane i Nord-Noreg og på Vestlandet.[8]
Liste over folkehøgskular i Noreg |
Frilyndte folkehøgskular |
Namn | Stad | Fylke | Grunnlagt |
---|---|---|---|
Agder folkehøgskole | Søgne | Vest-Agder | 1918 |
Arbeiderbevegelsens folkehøgskole | Ringsaker | Hedmark | 1939 |
Bømlo folkehøgskule | Finnås | Hordaland | 1983 |
Buskerud folkehøgskole | Darbu | Buskerud | 1909 |
Elverum folkehøgskule | Elverum | Hedmark | 1928 |
Fana folkehøgskule | Hjellestad, Bergen | Hordaland | 1915 |
Fjordane folkehøgskole | Nordfjordeid | Sogn og Fjordane | 1876 |
Follo folkehøgskole | Vestby | Akershus | 1876 |
Fosen folkehøgskole | Rissa | Trøndelag | 1876 |
Hadeland folkehøgskole | Brandbu | Oppland | 1906 |
Hallingdal folkehøgskule | Gol | Buskerud | 1959 |
Hardanger folkehøgskule | Lofthus | Hordaland | 1869 |
Harstad folkehøgskole | Harstad | Troms | 1919 |
Jæren folkehøgskule | Kleppe | Rogaland | 1899 |
Karmøy folkehøgskule | Kopervik | Rogaland | 1906 |
Lofoten folkehøgskole | Kabelvåg | Nordland | 1901 |
Manger folkehøgskule | Manger | Hordaland | 1877 |
Møre folkehøgskule | Ørsta | Møre og Romsdal | 1899 |
Namdals folkehøgskole | Grong | Trøndelag | 1884 |
Nansenskolen | Lillehammer | Oppland | 1938 |
Nordiska folkhögskolan | Kungälv | Sverige | 1947 |
Nordmøre folkehøgskule | Surnadal | Møre og Romsdal | 1920 |
Nordnorsk pensjonistskole | Sømna | Nordland | 1991 |
Norsk Senter for Seniorutvikling | Melsomvik | Vestfold | 1979 |
Numedal folkehøgskole | Rollag | Buskerud | 1918 |
Pasvik folkehøgskole | Svanvik, Sør-Varanger | Finnmark | 1970 |
Peder Morset folkehøgskole | Selbustrand | Trøndelag | 1975 |
Ringebu folkehøgskule | Ringebu | Oppland | 1876 |
Ringerike folkehøgskole | Hønefoss | Buskerud | 1876 |
Romerike folkehøgskole | Jessheim | Akershus | 1876 |
Seljord folkehøgskule | Seljord | Telemark | 1971 |
Setesdal folkehøgskule | Valle | Aust-Agder | 2010 |
SKAP Kreativ folkehøyskole | Mandal | Vest-Agder | 2016 |
Skiringssal folkehøyskole | Sandefjord | Vestfold | 1876 |
Skjeberg folkehøyskole | Skjeberg | Østfold | 1876 |
Skogn folkehøgskole | Skogn | Trøndelag | 1904 |
Sogndal folkehøgskule | Sogndal | Sogn og Fjordane | 1871 |
Solbakken folkehøgskole | Os, Sør-Odal | Hedmark | 1946 |
Sund folkehøgskole | Inderøy | Trøndelag | 1868 |
Sunnhordland folkehøgskule | Halsnøy | Hordaland | 1868 |
Toneheim folkehøgskole | Ridabu, Hamar | Hedmark | 1970 |
Torshus folkehøgskule | Fannrem | Trøndelag | 1903 |
Toten folkehøgskole | Lena | Oppland | 1882 |
Trøndertun folkehøgskole | Gimse, Melhus | Trøndelag | 1919 |
Vefsn folkehøgskole | Mosjøen | Nordland | 1899 |
Voss folkehøgskule | Voss | Hordaland | 1895 |
Ål folkehøyskole | Ål | Buskerud | 1974 |
Åsane folkehøgskole | Bergen | Hordaland | 1966 |
Kristelege folkehøgskular |
Namn | Stad | Fylke | Grunnlagt |
---|---|---|---|
Bakketun folkehøgskole | Verdal | Trøndelag | 1915 |
Bjerkely folkehøyskole | Åsnes | Hedmark | 1918 |
Borgund folkehøgskole | Ålesund | Møre og Romsdal | 1914 |
Danvik folkehøgskole | Drammen | Buskerud | 1913 |
Folkehøgskolen 69° Nord | Mortenhals, Balsfjord | Troms | 1984 |
Folkehøgskolen Nord-Norge | Evenskjer | Troms | 1974 |
Folkehøgskolen Sørlandet | Birkeland | Aust-Agder | 1912 |
Fredly folkehøgskole | Børsa | Trøndelag | 1899 |
Grenland folkehøgskole | Porsgrunn | Telemark | 1920 |
Haugetun folkehøyskole | Rolvsøy | Østfold | 1912 |
Hedmarktoppen folkehøyskole | Hamar | Hedmark | 1970 |
Holtekilen folkehøgskole | Stabekk, Bærum | Akershus | 1958 |
Hurdal Verk folkehøgskole | Hurdal | Akershus | 1917 |
Høgtun folkehøgskole | Torvikbukt | Møre og Romsdal | 1917 |
Jeløy folkehøyskole | Moss | Østfold | 1971 |
Kristiansand folkehøyskole | Kristiansand | Vest-Agder | 2015 |
Lundheim folkehøgskole | Moi | Rogaland | 1952 |
Molde folkehøgskole | Molde | Møre og Romsdal | 1917 |
Nordfjord folkehøgskule | Vereide | Sogn og Fjordane | 1914 |
Nordhordland folkehøgskule | Frekhaug | Hordaland | 1918 |
Risøy folkehøyskole | Gjeving, Tvedestrand | Aust-Agder | 1936 |
Rødde folkehøgskole | Melhus | Trøndelag | 1920 |
Rønningen folkehøgskole | Kjelsås | Oslo | 1969 |
Sagavoll folkehøgskole | Gvarv | Telemark | 1893 |
Sandvik folkehøgskole | Mosjøen | Nordland | 1974 |
Solborg folkehøgskole | Stavanger | Rogaland | 1913 |
Stavern folkehøyskole | Stavern | Vestfold | 1921 |
Sunnfjord folkehøgskule | Førde | Sogn og Fjordane | 1902 |
Sunnmøre folkehøgskule | Ulsteinvik | Møre og Romsdal | 1908 |
Valdres folkehøgskule | Leira | Oppland | 1899 |
Viken folkehøgskole | Gjøvik | Oppland | 1910 |
Øytun folkehøgskole | Alta | Finnmark | 1917 |
Nedlagde norske folkehøgskular |
- Dovre folkehøgskule, Dovre (1915–1918)
- Fredheim folkehøgskole, Rognan (1913–2001)
- Hadsel folkehøyskole, Stokmarknes (1969–1999)
- Heimly folkehøgskole, Finnsnes (1916–2001)
- Kvås folkehøgskole, Kvås (1921–2007)
- Ryfylke folkehøgskule, Sand (1912–2001)[9]
Sagatun folkehøyskole, Hamar (1864–1891)- Samisk folkehøgskole (1936–1985) (1991–2001)
- Senja folkehøgskole, Ibestad (1876–1984)
- Solhov folkehøgskole, Lyngen (1912–1987)
- Tryggheim folkehøgskule, Nærbø
- Vestmar folkehøgskole, Drangedal
- Vonheim, Gausdal (1867–2009)
Sjå òg |
- Folkehøgskule
- Folkehøgskular i Danmark
- Folkehøgskular i Finland
- Folkehøgskular i Sverige
Kjelder |
«folkehøgskule» i Nynorskordboka.
Olbjørn Klepp (25.10.2013). «folkehøyskole». Store norske leksikon. Henta 30. juli 2015.
↑ Per Halse (10.05.2013). «Folkehøgskule». Allkunne. Henta 30. juli 2015.
↑ «Nesten umulig å starte nye folkehøgskoler i Norge» (PDF). frilyntfolkehogskole.no. 03.08.2010. Henta 5. august 2015.
↑ Bettine Nicotra (18.03.2015). «Sliter med å komme gjennom nåløyet». Journalen. Henta 5. august 2015.
↑ «Dette er folkehøgskole». folkehogskole.no. Henta 2. desember 2018.
↑ Øystein Windstad (03.08.2015). «Startar vikinglinje på Seljord folkehøgskule». NRK. Henta 5. august 2015.
↑ Marianne Terjesen (30.03.2014). «Vil kutte støtte til folkehøgskole». NRK. Henta 30. juli 2015.
↑ Sigrid Havig Berge (28.04.2015). «Folkehøgskolene opplever rekordpågang». NRK. Henta 30. juli 2015.
↑ Inger Johanne Ruset (19.03.2014). «Folkehøgskulane fyller seg raskare». NRK. Henta 30. juli 2015.
↑ Heidi Hjorteland Wigestrand (24.04.2001). «Ryfylke folkehøgskule må leggjast ned». Stavanger Aftenblad. Henta 30. juli 2015.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Folkehøgskular i Noreg
- Nettportal for norske folkehøgskolar
- Informasjonskontoret for folkehøgskolen
- Informasjonskontor for kristeleg folkehøgskole