IP-adresse




Ei IP-adresse er ein unikt nummerisk addresse som identifiserer einingar kopla saman i eit nett, på på IP-laget. Typiske einingar er datamaskiner, rutarar, skrivarar, IP-telefonar, osv. Slik kan maskiner ha ein referanse til kvarandre når informasjon skal sendast over IP-baserte nett. Kvart datagram ber med seg IP-adressa saman med den informasjonen som vert overført, slik at netteiningane veit kvar datapakkane skal vidaresendast.


Av di det er vanskeleg å hugse store mengder numeriske adresser, er det laga eit katalogsystem for å omsette mellom IP-adresser og tekstbaserte adresser, sokalla domenenamn (sjå DNS). Standarden for IP-adresser er utvikla over fleire versjonar.




Innhaldsliste






  • 1 Generelt


  • 2 IP versjon 4 (IPv4)


    • 2.1 Format IPv4




  • 3 IP versjon 5 (IPv5)


  • 4 IP version 6 (IPv6)


    • 4.1 Format IPv6




  • 5 Tildeling


  • 6 Adressetilgang


  • 7 Referansar


  • 8 Bakgrunnsstoff





Generelt |


Kommunikasjonsprotokollen Internet Protocol (IP) indentifiserer kvart nettgrensesnitt for kommuniserande einingar med eit nummer, ei IP-adresse. Innanfor same segment på eit datanett må dette nummeret vera unikt for kvar eining, men IP-adressene kan brukast oppatt innan andre segment av eit nett, som til dømes private nett. Det blir ofte knytt eit tekstbasert vertsnamn mot nummeret. Ei eining kan vera sett opp med ei statisk IP-adresse, det vil seie at eininga alltid har same adresse på nettet, eller få tildelt ei dynamisk IP-adresse frå ein DHCP-tenar som kan variere kvar gong eininga koplar seg til nettet. Til dømes er det vanleg for internettbrukarar å få tildelt ei dynamisk IP-adresse kvar gong ein koplar seg til nettleverandøren sin. Men tenarar som skal gjerast tilgjengelege for andre brukarar, som til dømes vev- og smtp-tenarar, må ha faste IP-adresser.



IP versjon 4 (IPv4) |


IP versjon 4 vart implementert 1. januar 1983 og har vore i bruk for Internett sidan, i tillegg til fortsatt å vera den mest brukte i lokale nettverk.



Format IPv4 |


Ei IPv4-adresse er sett saman av fire segment (IP-segment), kvar med 8 bit (ein Byte, der kvart segment kan ha verdiar frå 0 til 255. Sidan ein byte utgjerast av 8 bits, kallast desse segmenta ofte for oktettar. Ei IPv4-adresse inneheld er såleis på 32 bit (1 byte = 8 bit x 4 IP-segment = 32 bit), og dette gir berre plass til sjølve nummeradressa - på lik linje med eit telefonnummer.



IP versjon 5 (IPv5) |


Det som ein ville ha kalla «IPv5» eksisterte berre som ein eksperimentell datastraumprotokoll kalla ST2. Denne protokollen vart skrinlagd til fordel for RSVP.



IP version 6 (IPv6) |


IPv6 er ein ny standard protokoll for Internett som enno ikkje er så utbreidd. Adressene inneheld 128 bit, noko som burde vera tilstrekkeleg i overskueleg framtid, sjølv ved ein sterk auke i tildeling av adresseseriar. Med denne standarden har ein teoretisk kapasitet på nøyaktig 2128, eller omtrent 3,403*1038 unike grensesnittadresser. I dette store adresserommet vil det vera mogleg å legge inn meir ruteinformasjon i sjølve adressene enn ein kan i dag.



Format IPv6 |


Ei versjon 6-adresse er skriven som åtte 4-sifra heksadesimale tal skilde med kolon. Dette gir 8 x 16 bits = 128 bits. Ein serie nullverdiar pr. adresse kan utelatast (1080::800:0:417A vil vera same adresse som 1080:0:0:0:0:800:0:417A).


Globale IPv6-adresser er sett saman av to delar: ein 64-bit rutedel og ein 64-bit vertsidentifikator.


Adresseseriar blir oppgjevne som for IPv4: nettnummer følgd av ein skråstrek, deretter det aktuelle talet bit av nettnummeret (på desimal form). Døme: 12AB::CD30:0:0:0:0/60 inkluderer alle adresser som byrjar med 12AB00000000CD3.


IPv6 inneber mange fleire forbetringar i høve til IPv4 enn berre tilgang på fleire adresser, inkludert automatisk renummerering og obligatorisk bruk av sikringsprotokollen IPsec.



Tildeling |


Tildelinga av IP-adresser er fordelt på ulike regionale adresseregister som på verdsbasis er koordinert av IANA. Desse registra er:




  • Nord-Amerika og Afrika sør for Sahara: ARIN (American Registry for Internet Numbers)


  • Asia og Stillehavsområdet: APNIC (Asia Pacific Network Information Centre)


  • Latin-Amerika og somme av dei karibiske øyane: LACNIC (Regional Latin-American and Caribbean IP Address Registry)


  • Europa, Midtausten, Sentral-Asia og Afrika nord for ekvator: RIPE NCC (Réseaux IP Européens)


Tildeling skjer frå dei regionale adresseregistra direkte til dei ulike aktørane i nettmarknaden. Ein organisasjon søkjer om ein serie adresser frå sitt regionale register, og kan så bruke denne serien slik dei ønskjer, t.d. leige ut IP-adresser til kundar eller fordele dei på organisasjonsledd. Når ein stor nok del av serien er teken i bruk, kan organisasjonen søkje om ein ny.



Adressetilgang |


Nokre seriar er sett til side for bruk som private IP-adresser, regulert i RFC 1918. Dette vil seie at adressene kan brukast fritt, og dermed brukast om att. Desse seriane blir ikkje ruta ute på Internett, men vert i stort mon nytta i datanett som ikkje er direkte tilknytte det opne nettet, grunna den etterkvart knappe tilgangen på offentlege adresser. Slike nett må bruke nettadresseomsetjing (NAT) for å knyte seg til Internett.


Sidan kvar eining i eit datanett må ha ein unike referanse, er det innanfor IPv4-standarden er berre 4 294 967 296 (drygt 4 milliardar) unike maskinadresser tilgjengeleg på verdsbasis, noko som ikkje er tilstrekkeleg til å dekke etterspurnaden etter adresser på lengre sikt. Fordi IP-adresser ofte vert tildelte i seriar, har det etterkvart blitt knapt med ledige adresser og presset for ein overgang til den 128-bits versjon 6 aukar stadig.



Referansar |




  • RFC 791 «Internet Protocol Specification»


  • RFC 1466 «Guidelines for Management of IP Address Space»


  • RFC 1591 «Domain Name System Structure and Delegation»


  • RFC 1918 «Address Allocation for Private Internets»


  • RFC 2050 «INTERNET REGISTRY IP ALLOCATION GUIDELINES»


  • RFC 2373 «IP Version 6 Addressing Architecture»



Bakgrunnsstoff |



  • IP-adresse

  • RFC-databasen

  • Sjå IP-adressa di


  • Utvida informasjon om di eiga IP-adresse IP Security Portal

  • IP-til-land oppslag (maks. 4096 bytes)




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029