Hjul

Multi tool use
Multi tool use






Tidleg bilhjul.





Leikehest med hjul frå det antikke Hellas.


Hjul er ein sirkel- eller sylinderforma konstruksjon som kan rotera på ein aksel. Hjulet vert rekna som ein av dei enkle maskinane i fysikken. Det kan brukast for å gjera om lineær rørsle til rotasjonsrørsle.
Eit hjul er bygd opp av tre delar: Nav inst, krans (hjulring, felg) ytst, og eikene eller skive mellom desse.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Hjul på bilar


  • 3 Tannhjul


  • 4 Patent på hjulet


  • 5 Bakgrunnsstoff


  • 6 Referansar





Historie |


Hjulet vert òg rekna som ei av dei viktigaste oppfinningane i historia til menneska. De fleste plasserer oppfinninga av hjulet i Mesopotamia kring 4000 f.Kr. Det ser også ut til å ha vorte oppfunne i Kina omkring 2800 f.Kr. uavhengig av Mesopotamia. Blant sivilisasjonar på den vestlege halvkula finn ein hjulliknande gjenstandar i samband med leiketøy frå kring 1500 f.Kr.



Hjul på bilar |


Grunnen til at det er hjul på ein bil er at han skal kunne røre seg (rulle), og bere vekta av seg sjølv, passasjerar og last. Vidare vil hjula òg gjere det mogleg å styre bilen. Hjula overfører kreftene frå motoren til vegen slik at bilen akselererer, eller bremsar (retarderer). På moderne personbilar er eit hjul sett saman av ein felg og eit dekk. Felgen er gjort av eit metall, oftast stål eller ei legering av lettmetall som for eksempel aluminium, magnesium eller liknande. Det har vore ei rivande utvikling særleg dei siste 30 åra både når det gjeld felgar og dekk.[treng kjelde].



Tannhjul |


Eit tannhjul er ein del av drivverket i mekaniske innretningar som til dømes urverk. For utdjupande artikkel sjå tannhjul.



Patent på hjulet |


I juli 2001 klarte John Keough, ein advokat frå Melbourne i Australia, å ta patent på hjulet.[2] Han skildra hjulet i søknaden som ein «sirkulær gjenstand som gjer transport mogleg». Meininga var å vise at moderne patentlover er unøyaktige og urettferdige, slik at uærlege personar lett kan dra nytte av andre sine oppfinningar.



Bakgrunnsstoff |



Referansar |





  1. «hjul – teknikk» i Store norske leksikon



  2. Knight, W., Wheel patented in Australia, New Scientist, juli 2001



Spire Denne teknologiartikkelen som har med transport å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




MYwftTw0P aRx2WQNav8d0oDgRb,j X e7slBO97hdCBp,ikGoX1jCHQ3HlpdxcY,nGFLRt4 3EdFdC
JgRzZ4E0zQkhiAz3Qe6SgTIFhJBTUeVx6CyjNOeUXHbU1,GtndGkB PZZjSTFW

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669