Svalbard
























































Svalbard
 
 












Det norske flagget (i bruk på Svalbard


Det norske våpenet (i bruk på Svalbard)


Det norske flagget

Det norske riksvåpenet


Svalbard på verdskartet


Status
Del av Kongeriket Noreg med dei avgrensingar som fylgjer av Svalbardtraktaten

Sysselmann

Odd Olsen Ingerø (2009-)

Hovudstad

Longyearbyen

Offisielt språk

Norsk

Areal

- % vatn


61 022 km²

 



Folketal

- totalt

- folketettleik



ca. 2 394 ([[2011]])

ca. 0,05/km²



Verdsdel

Europa

Internet-domene
.sj (ikkje i bruk, .no vert brukt [1])

Tidssone

UTC +1

Internasjonal telefonkode
+47

Nasjonalsong
Ja, vi elsker dette landet


Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjer alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordleg breidd og 10 og 35 grader austleg lengd. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar 1920) er Noreg tilkjend full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei avgrensingane som fylgjer av traktaten. Etter lov av 17. juli 1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Geografi


  • 3 Klima


  • 4 Fauna


  • 5 Folkesetnad


  • 6 Næringsliv


  • 7 Verneområde


    • 7.1 Nasjonalparkar


    • 7.2 Naturreservat


    • 7.3 Fuglereservat


    • 7.4 Geotopverneområde




  • 8 Kjelder


  • 9 Bakgrunnsstoff





Historie |




Svalbard, 1872.


Namnet er fyrste gong nemnt i islandske skrifter frå 1194. I den islandske landnåmsboka frå 1200-talet er Svalbard også nemnd, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag.
Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land i Europa. Norsk styre tok til frå 14. august 1925.


Alle dei norske stadnamna på Svalbard skal fylgja nynorsk rettskriving.[1]



Geografi |




Kart over Svalbard


Totalt omfattar Svalbard landområde med eit areal på 61 022 km². Dei ti største øyane er




  • Spitsbergen (37 673 km²)


  • Nordaustlandet (14 443 km²)


  • Edgeøya (5074 km²)


  • Barentsøya (1288 km²)


  • Kvitøya (682 km²)


  • Prins Karls Forland (615 km²)


  • Kongsøya (191 km²)


  • Bjørnøya (178 km²)


  • Svenskøya (137 km²)


  • Wilhelmøya (120 km²)


I tillegg er det ei lang rekkje mindre øyar og holmar som til saman utgjer 621 km².


Dei største tettstadene på Svalbard er Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund. I Longyearbyen som er administrasjonssenter for Longyearbyen lokalstyre, ligg sysselmannskontoret for Svalbard.



Klima |


Svalbard har tundraklima med eit sterkt maritimt preg med mykje skodde og skyer. Dei høgaste månadsmiddeltemperaturane ligg mellom 0 og 10 °C. Greina av Den norske atlanterhavsstraumen som går nordover langs vestkysten av Spitsbergen og vidare mot aust utanfor nordkysten, er kanskje den viktigaste faktoren for vêr og klima. Her kan det vere ope vatn over større område, sjølv midt på vinteren, medan austkysten samstundes kan vere blokkert av is som delvis vert ført med straumen rundt Sørkapp.


Heile øygruppa er påverka av dei polare austvindane. Dette systemet blir noko deformert på grunn av fordelinga av land, is og ope hav. Den herskande vindretninga er stort sett frå nordaust. Berre i ein kort sommarsesong kan vestleg vind opptre oftare enn den austlege ved vestkysten og i fjordane der. Øyane har liten kuling eller meir frå kring 10 til kring 20 % av året på utsette stader, frå 5 til 10 % i fjordstrok og område i aust og nordaust der polarisen dominerer.


Dei kaldaste månadene er i regelen februar eller mars og middeltemperaturen varierer frå ca. –7 °C på Bjørnøya til –15 °C eller litt lågare i indre fjordstrok på Spitsbergen. Det er truleg ein middel på kring –20 °C i områda lengst nordaust, men her manglar det pålitelege data. Den lågaste målte temperaturen er –32 °C på Bjørnøya, og mellom –40 og –45 °C på Spitsbergen, med –46 °C på Svalbard lufthamn, Longyear, målt fyrst i mars, som rekord. Middeltemperaturen for varmaste sommarmånad syner ei jamn fordeling frå 3 til 6 °C, varmast i dalstroka på Spitsbergen, og litt kaldare lengst aust. Juli er den varmaste månaden i dei skjerma fjordstroka, elles august. Den høgaste målte temperaturen er over 15 °C; både på Bjørnøya og Svalbard lufthamn har ein målt over 20 °C. Det er målt varmegrader i alle månadene i året, men det har òg vore målt kuldegrader i alle, bortsett frå i juli i fjordstroka.


Nedbøren kjem hovudsakleg frå skyer i låg høgd, så fordelinga er difor sterkt prega av terrenget. Årsnedbøren er om lag 200 til 500 mm, med mest nedbør på ettersumaren og hausten. Somme skjerma område nord på Spitsbergen har truleg nedbør under 100 mm, medan det i eit maksimalområde i søraust truleg er 10 gonger så mykje.


Svalbard har mykje overskya vêr, sjølv når det er høgtrykk. Det er meir skodde her enn nokon stasjonar i låglandet i fastlands-Noreg, 8-10 % over havet og kysten i sør, men under 1 % i indre fjord- og dalstrok. Det er mest skodde om sumaren, men det kan kome skodde året rundt. Minst skydekke er det i april og mai.


På Svalbard er det meteorologiske stasjonar ved Isfjorden, Ny-Ålesund, Svea, Hornsund, på Hopen og på Bjørnøya.


Øygruppa har midnattssol frå 20. april–22. august og mørketid frå 27. oktober–15. februar (dei nøyaktige datoane vil variere etter kor langt nord eller sør ein oppheld seg.



Fauna |


I eit møte i Svalbardrådet den 26. april 1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn for svalbardvalmue som «fylkesblomster» for øygruppa. Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.



Folkesetnad |


På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) og slavarar (i hovudsak russarar og ukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen og Barentsburg, er det òg fast busetjing i Ny-Ålesund, på Bjørnøya og på Hopen.
Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøver politimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del av Troms fylke. Somme lover gjeld ikkje på Svalbard.


Busetnader og stasjonar Folkemengd pr. 1. september 2004



  • Longyearbyen: 1831

  • Ny-Ålesund: 33

  • Svea (Sveagruva): 9

  • Barentsburg: 812 (russarar og ukrainarar)

  • Hornsund: 12 (polakkar)

  • Bjørnøya: 9

  • Hopen: 4



Næringsliv |


Svalbard er kjend for store kolressursar. Både av russarar og nordmenn er det drive kolutvinning sidan tidleg på 1900-talet. Det er funne jarn, asbest og sinkblende. Leiteboring etter olje og gass finn stad.
Svalbard radio er i dag den einaste kystradiostasjonen på Svalbard. Stasjonen som er viktig i maritim redningsteneste samarbeider nært med Svalbard lufthamn, Longyear. Lufthamna er den internasjonale flyplassen ved Longyearbyen. Lufthamna har ruteflytrafikk til Tromsø og Murmansk/Moskva.
Turisme er viktig for Svalbard og mange tusen turistar frå heile verda vitjar øygruppa med håp om å oppleva mellom anna midnattssol, isbjørn og det vêrharde klimaet. Det er nokre få fangststasjonar i drift, eit år var mellom anna den kjende eventyraren Stein P. Aasheim og familien ein vinter i ei fangsthytte på Austfjordneset på Spitsbergen. På Svalbard ligg òg satellittstasjonen SvalSat som tek imot data frå satellittar i bane rundt jorda.



Verneområde |



CablewayMineLongyearbyen.JPG


Mykje av landområda på Svalbard inkludert kystnære område er freda, anten som nasjonalparkar eller som naturreservat. Av dei største nasjonalparkane er Sør-Spitsbergen nasjonalpark, som utgjer Spitsbergen sør for Van Keulenfjorden, Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark, som omfattar Haakon VII Land, og Forlandet nasjonalpark som omfattar Prins Karls Forland.



Nasjonalparkar |



  • Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark

  • Forlandet nasjonalpark

  • Nordre Isfjorden nasjonalpark

  • Sassen-Bünsow Land nasjonalpark

  • Nordenskiöld Land nasjonalpark

  • Sør-Spitsbergen nasjonalpark

  • Indre Wijdefjorden nasjonalpark



Naturreservat |



  • Nordaust-Svalbard naturreservat

  • Søraust-Svalbard naturreservat

  • Hopen naturreservat

  • Bjørnøya naturreservat

  • Ossian Sars naturreservat

  • Moffen naturreservat



Fuglereservat |



  • Blomstrandhamna fuglereservat

  • Boheman fuglereservat

  • Dunøyane fuglereservat

  • Forlandsøyane fuglereservat

  • Guissezholmen fuglereservat

  • Gåsøyane fuglereservat

  • Hermansenøya fuglereservat

  • Isøyane fuglereservat

  • Kapp Linné fuglereservat

  • Kongsfjorden fuglereservat

  • Moseøya fuglereservat

  • Olsholmen fuglereservat

  • Plankholmane fuglereservat

  • Skorpa fuglereservat

  • Sørkapp fuglereservat



Geotopverneområde |


  • Festningen geotopverneområde


Kjelder |



  • «Svalbard – klimaet» av Petter Dannevig i Store norske leksikon, snl.no.




  1. «Polare stadnamn» - Norsk Polarinstitutt




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svalbard



  • Sysselmannen på Svalbard

  • Public Institutions and Services in Svalbard

  • The Svalbard Project


  • Svalbard Images Kart og foto


  • St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard ([2])





















Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029