Khaniá












































Khaniá
Lokalt namn: Χανιά

Delar av det venetianske kvarteret i Khaniá
Delar av det venetianske kvarteret i Khaniá
Geografi

2011 Dimos Chanion.png
Stad
Kreta
Koordinatar
35°31′N 24°01′EKoordinatar: 35°31′N 24°01′E
Areal 351,3 km²




Administrasjon
Land
Hellas
Periferi
Periferieining

Kreta
Khaniá
Hovudsete Khaniá (53 910 innb.)
Demografi
Folketal 108 642 (2011[1])
Folketettleik 309,3 /km²

Khaniá (gresk Χανιά), òg kalla Hania eller Chania, eldre former Khanea eller Chanea, italiensk Canea, osmansk خانيه Hanya, er ein by i periferieininga med same namn, der han òg er hovudstad, på Kreta i Hellas. Han er den nest største byen på Kreta med om lag 54 000 innbyggjarar med rundt 70 000 i storbyområdet. Byen ligg på nordkysten av øya, om lag 70 km vest for Réthymno og 145 km vest for Iráklio.




Innhaldsliste






  • 1 Administrativ inndeling


  • 2 Historie


    • 2.1 Antikken


    • 2.2 Austromartida


    • 2.3 Den venetianske perioden


    • 2.4 Den osmanske perioden


    • 2.5 Den moderne greske perioden




  • 3 Byar og tettstader


  • 4 Fotnotar


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Administrativ inndeling |




Den tidlegare kommunen Khaniá, no kommunaleininga Khaniá


Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane



  • Khaniá

  • Akrotíri

  • Elevthérios Venizélos

  • Keramiá

  • Néa Kydonía

  • Soúda

  • Thériso


Dei sju tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]


Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 108 642 innbyggjarar, medan kommunaleininga Khaniá hadde 53 910 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]



Historie |



Antikken |


Khaniá ligg på same stad som den minoiske busetnaden grekarane kalla Kydonia. Ein har funne spor etter sivilisasjonen i gamlebyen, og dette området ser ut til å ha vore busett sidan steinalderen. Byen dukka opp igjen mot slutten av den minoiske perioden som ein viktig bystat i antikkens Hellas. Bystaten strekte seg frå Khaniábukta til foten av Levká Óri. Frå fastlandet kom det ei stor gruppe dorianarar rundt år 1100 fvt. Kydonia var stadig i krig med andre kretiske bystatar som Aptera, Falasarna og Polyrrinia og var viktig nok til at han vart nemnd i Odysseen av Homer (iii.330). I 69 fvt. slo den romerske konsulen Metellus kretarane og erobra Kydonia, som han gav privilegium som ein sjølvstendig bystat. Kydonia fekk rettane til å prege myntar fram til 200-talet evt.



Austromartida |


Den tidlege kristne perioden under Austromarriket og under arabarane, som kalla busetnaden Khaniá, er ikkje godt dokumentert. Under austromarane spreidde kristendomen seg på øya, men under arabarane vart den kristne folkesetnaden forfølgt og dei flytta til fjella. Austromarriket tok byen tilbake i 961. Dei bygde sterke festningsverk i byen for å hindre ein ny arabisk invasjon ved å nytte material frå antikke bygningar i området. På denne tida vart Khaniá sete for ein biskop.



Den venetianske perioden |




Den gamle hamna under venetianarane


Etter det fjerde krosstoget (1204) og Austromarrikets fall i Hellas vart Kreta gjeve til Bonifacio, marchese de Montferrat. Han valde å selje øya til Republikken Venezia for 100 sølvmark. I 1252 klarte venetianarane å legge kretarane under seg, men i 1263 tok dei rivaliserande genuesarane, men lokal hjelp, byen under Enrico Pescatore si leiing. Genova haldt byen fram til 1285 då venetianarane kom tilbake. Khaniá vart sete for ein rektor i området og blømde som eit viktig kommersielt senter i eit rikt jordbruksområde.


Det venetianske styret var i starten strengt og hardt, men etter kvart betra forholdet mellom dei to partane seg. Kontakt med Venezia førte til at kulturen til venetianarane og kretarane blanda seg. Namnet på byen vart La Canea og festningsverka vart gjort sterkare til ei form han framleis har i dag. Etter Konstantinopels fall i 1453 flykta mange prestar, munkar og kunstnarar til Kreta og styrkte den austromerske religionen og kulturen på øya. Byen Khaniá hadde på denne tida ei blanding av austromersk, venetianske og antikk gresk kultur.



Den osmanske perioden |




Den gamle hamna under Det osmanske riket


Dei nye bymurane hindra ikkje den osmanske hæren i å erobre byen i 1645 etter berre ei to månadar lang omleiring. Mange soldatar omkom under omleiringa, særleg tyrkarar, og den tyrkiske kommandanten vart avretta då han kom tilbake til Tyrkia for å ha mista opp til 40 000 mann. Seinare vart dei fleste kyrkjene omgjort til moskear og rikdomen i byen vart fjerna. Dei bygde òg nye moskear, bad og fontener. Pashaen på Kreta hadde sitt sete i Khaniá.


I 1821 tok Hellas opp kampen mot Det osmanske riket, og det var kamphandlingar mellom grekarar og tyrkarar i Khaniá. Biskopen av Kíssamos, Melhisedek Despotakis, vart hengd i eit tre i Splantzia for å ha deltatt i opprøret. I 1878 vart Halepapakten signert og dei kristne fekk visse rettar. Dette skjedde då mange av dei lokale muslimane flytta til Tyrkia. Resten av muslimane vart verande igjen fram til folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia i 1922.



Den moderne greske perioden |




Kyrkje


Eleftherios Venizelos, som kom frå Mourniés nær Khaniá, var leiaren av eit opprør mot det osmanske styret i 1896-97 og vart seinare statsminister i Hellas. Grava hans ligg på ein ås ovanfor Khaniá. I 1898, under dei siste stega mot sjølvstyre og samanslutning med Hellas, gjorde Stormaktene Khaniá til hovudstad av ein delvis sjølvstyrt kretisk stat (Kritiki Politeia) med prins Georg av Hellas. I desse åra gav Kreta ut eigne frimerke og pengar. Dette førte til at Khaniá blømde. Hovudmålet var derimot ei samanslutning med Hellas, som kom etter Venizelos konstante motstand mot prins Georg sitt styre over Hellas. Ei rekkje konfliktar, som opprøret i Therissos i 1905 førte til slutt til at prins Georg vart styrta og Alexandros Zaimis tok over styret av Kreta. I 1908 klarte til slutt Venizelos å opprette ei revolusjonsregjering, anerkjend av Stormaktene. Det at han seinare (1910) vart vald som statsminister i Hellas var det siste steget før Kreta vart ein del av Hellas igjen 1. desember 1913. Det greske flagget vart for første gong reist ved Fort Firka i den gamle hamna med Eleftherios Venizelos og Kong Konstantin til stades.



Byar og tettstader |


Dei største byane og tettstadene i kommunen er:


































































































Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Khaniá Khaniá 53 910
Mourniés Elevthérios Venizélos 7 553
Soúda Soúda 6 358
Kounoupidianá Akrotíri 6 334
Nerokoúros Elevthérios Venizélos 5 531
Darátsos Néa Kydonía 4 732
Perivólia Thériso 3 986
Galatás Néa Kydonía 3 166
Vamvakópoulo Thériso 2 300
Ajía Marína Néa Kydonía 2 005
Pythári Akrotíri 1 724
Tsikalariá Soúda 1 545
Stalós Néa Kydonía 868
Stérnes Akrotíri 833
Khorafákia Akrotíri 716
Kalathás Akrotíri 634
Pazinós Akrotíri 629
Varýpetro Thériso 548


Fotnotar |





  1. 1,01,11,2 Folketeljing 2011, revidert


  2. Kallikratis-reforma




Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Khania frå Engelsk Wikipedia .





Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell heimeside

  • Panorama av Khaniá

  • Historia til Khaniá


























Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029