Riksveg 9
Riksveg 9 | |||
---|---|---|---|
Riksvei 9 på bru mellom Byglandsfjorden og Åraksfjorden | |||
Strekning | |||
Haukeli – Kristiansand | |||
Informasjon | |||
Lengd | 235,7 km | ||
Status | riksveg | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Bomstasjonar | 2 | ||
Kolonnekjøring om vinteren | Haukeli – Hovden |
Riksveg 9 (Rv9) vert ofte kalla Setesdalsvegen og er hovudfartsåra gjennom Setesdal. Vegen går frå Kristiansand i sør, gjennom Setesdal til Haukeligrend i Telemark i nord der han møter Europaveg 134. Vegen går gjennom Vest- og Aust-Agder fylke. Han går via Mosby, Homstean, Skarpengland, Hægeland, Hornesund, Hornnes, Evje, Byglandsfjord, Bygland, Ose, Hylestad, Valle, Flateland, Rygnestad, Bykle, Hovden og Bjåen til Haukeli. Vegen fekk status som stamveg i 2003.
Vegen er 235,7 km lang, med 45,1 km i Vest-Agder, 175 km i Aust-Agder og 15,6 km i Telemark.
Innhaldsliste
1 Historikk
2 Kommunar og knutepunkt
2.1 Telemark
2.2 Aust-Agder
2.3 Vest-Agder
3 Kjelder
Historikk |
Setesdal har til alle tider vore vanskeleg tilgjengeleg. Folk og fe måtte i tidlegare tider ta seg over fjellet frå Fyresdal og Mo i aust, frå Vinje i nord, frå Suldal, Lyse eller Sirdal i vest. Den såkalla Bispevegen gjekk frå Fyresdal til Valle i Setesdal over heiedalføret Finndalen.
Det vart lagt postveg frå sør i 1840. Frå 1867 til 1879 vart veganlegget ført frå Valle til Bykle. I 1936 var vegen komen fram til Bjåen, vel tre mil nord for Bykle kyrkje. Først etter andre verdskrig vart vegen bygd vidare nordover til Grungedal i Telemark.
Om to av dei mest kritiske punkta undervegs snakkar folk framleis. Det verste var Fånekleivi aust for Byglandsfjorden, ca 5 km sørom Bygland, men Byklestigen sør for kyrkjebygda i Bykle låg ikkje langt etter. Dagens vegtrasé går i tunnel på 611 meter gjennom Fånefjell.
Ved Byklestigen stuper fjellet bratt ned i Otra. Ein smal trappeveg førte opp fjellsida. På toppen av stigen går vegen langs eit svaberg der det var lagt opp feste av stein og torv. Det var råd å køyre med slede om vinteren og gå med kløvhest om sommaren. Men begge delar var vanskeleg og kunne vere farleg. Vinterstid måtte hestane hjelpast av folk når det var is og hålke. To mann held i hesten framme og ein gjekk bak og støtta.
Også på her går dagens veg i tunnel.
Kommunar og knutepunkt |
Telemark |
- Vinje kommune
E134 Tallaks bru, Haukeli
Høgaste punktet på vegen, 917 moh.
Aust-Agder |
- Bykle kommune
Fv341 frå Plassemyr til Hovden skisenter (0,9 km)- Hovden
Fv342 frå Grønemyr til Haugen (1,3 km)
Fv342 Haugen- Bykle kyrkjebygd
Bykletunnelene I og II (411 og 300 m) (sjå Byklestigen)
- Valle kommune
45 Rotemo, felles trasé til Nomeland
Fv330 fra Kallefoss til Dale (2,0 km)
Fv336 frå Einang til Valle skule
Fv330 Dale
Fv331 frå Valle bru til Harstadberget (3,2 km)
Valle bru (ca. 130 m)
Fv336 Valle sentrum
Fv336 Valle skule
Fv331 Harstadberget
45 Nomeland
Fv337 frå Nomeland til fylkesgrensa ved Håhellervatnet (26,9 km) → Fv987 (Vest-Agder) til Fv975 Suleskar i Sirdal kommune → 45
Fv332 frå Mo til Kosland
Bomstasjon Valle/Bygland grense
- Bygland kommune
- Ose
Fv323 frå Ose til Urviki (15,3 km)
Fv304 frå Straumsland til Fv303 Krossen i Evje og Hornnes kommune
Storstraumen bru (41,5 m)
Fv323 Urviki
Fv322 Bygland
Fv322 frå Bygland til Jordalsbø (3,3 km)
Fånefjelltunnelen (611 m)
Fv321 frå Grendi til Hovstad (2,1 km)
Fv305 frå Byglandsfjord til Fv304 Gullsmedmoen (1,0 km)
- Evje og Hornnes kommune
Fv306 frå Kyrkjebygda til Gautestad
Fv312 Sandbakken
42 Evje, felles trasé til Hornnes
Fv303 frå Grenjå til Fennefoss bru
Fv312 frå Grenjå til Fv306 Kyrkjebygda (2,3 km)
Fv307 frå Verksmoen via Evjemoen til Kvernåna (3,8 km)
Fennefoss bru (ca. 160 m)
Fv303 Fennefoss bru
Fv311 frå Fennefoss bru til Fv302 Dåsnes (1,3 km)
Fv302 frå Dåsnes til fylkesgrensa ved Bergebekken → Fv353 (Vest-Agder) til Fv351 Røynli bru i Åseral kommune
Fv310 Dåsnes
42 Hornnes, Fv310 til Dåsnes (1,0 km)
42 Hestvåg
419 Hannåsmoen
Fv301 frå Moisund til Abusland (12,3 km)
Fv308 frå Moi til Trollebakken (1,1 km)
Fv308 Trollebakken
403 Horne
Vest-Agder |
- Vennesla kommune
462 Hægelandskrossen
Fv60 frå Tromyr til Røyneland (3,4 km)
Fv104 frå Reiarsdal til Fv102 Bergstøl i Songdalen kommune
Fv54 frå Klomra til 454 Øvrebø kyrkje (3,7 km)
Fv74 frå Kringlebakken til Vietjørn (1,7 km)
454 Vormbrokka, felles trasé til Mølla
454 Mølla
Fv71 til 454 Skarpengland (0,1 km)
Fv57 frå Bakkane til Kattefoss → 403
Fv106 frå Homsteane til 461 Underåsen i Songdalen kommune
Fv107 frå Vehus til 461 Stokkeland i Songdalen kommune (7,2 km)
Fv75 frå Stemmen til Stølen
- Kristiansand kommune
405 Mosby
Fv303 Kuliaveien frå Aukland til 455 Skaue i Marnardal kommune
Fv30 Møllevannsvegen til E18 E39 Bellevue (1,8 km)
Bomstasjon Setedalsvegen, berre i retning sentrum
E18 471 Vestervegen til Hirtshals og E39, sentrum
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Riksvei 9» henta frå Wikipedia på bokmål 3. januar 2010.
Norske riksvegar | |
---|---|
Europavegar | E 6 · E 8 · E 10 · E 12 · E 14 · E 16 · E 18 · E 39 · E 45 · E 69 · E 75 · E105 · E 134 · E136 |
Hovudvegar | 2 · 3 · 4 · 5 · 7 · 9 · 13 · 15 · 19 · 22 · 23 · 25 · 35 · 36 · 41 · 52 · 55 · 70 · 73 · 77 · 80 · 83 · 85 · 92 · 93 · 94 · 111 · 150 · 159 · 162 · 163 · 555 · 651 · 827 |
Sambandsvegar | 12 · 21 · 40 · 42 · 44 · 110 · 120 · 191 · 282 · 354 · 451 · 509 · 580 · 658 · 681 · 706 · 833 · 853 · 862 · 881 · 887 · 892 |