Valle kommune




«Valle» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Valle i Setesdal.































































Valle kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Aust-Agder


Adm.senter

Valle i Setesdal

Areal
1 265 km²
 - land
1 135 km²
 - vatn
130 km²

Folketal
1 225 (1. januar 2018)
Folketettleik

1 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Steinar Kyrvestad (Ap)


Kommunenr.
0940




NO 0940 Valle.svg




Wikimedia Commons: Valle

Nettstad: www.valle.kommune.no


Valle kommune er ein kommune i Aust-Agder fylke. Kommunen ligg i Setesdal og grensar i nord mot Bykle og Tokke, i aust mot Fyresdal, i sør mot Bygland, og i vest mot Sirdal. Valle kommune fekk sine nåverande grenser i 1962 då dei tidlegare kommunane Valle og Hylestad vart slegne i hop.




Garden slik han ligg på Rygnestad i Valle kommune. Vond-Åsmundloptet til høgre.
Foto: Siri Johannessen



Busetnaden i Valle er spreidd og fylgjer dalen langs elva Otra. Det er bygder ved Rysstad og administrasjonssenteret Valle. På vestsida av dalen i kommunen når heiane opp til 1434 moh. og på austsida 1337 moh. I fjellet er det vatn rike på fisk og gode fjellbeite.





Innhaldsliste






  • 1 Næringsliv


  • 2 Samferdsle


  • 3 Kultur


  • 4 Fotnotar


  • 5 Bakgrunnsstoff








Næringsliv |


I Valle kommune er husdyrhald viktig, særleg sauehald. Skogen gjev ei årleg avverking på om lag 6200 kubikkmeter i året. Industrien består av nokre mindre bedrifter i trevare- og møbelindustrien med røter i lange handverkstradisjonar. Sylvsmedkunsten har rike tradisjonar i Valle og Hylestad. Elva Otra i kommunen er bygd ut med Brokke kraftverk og Bjørgum kraftverk.[1]



Samferdsle |


Riksveg 9 Kristiansand–Haukeli går gjennom Valle langs Otra. Fylkesveg 45 går frå Rotemo over fjellet til Dalen i Telemark. Ein beg går frå Brokke vestover til Sirdal. Sør for administrasjonssenteret ligg ein kommunal flyplass som vart opna i 1998.[1]



Kultur |


Valle har stor turisttrafikk med turisthytter og hyttegrender i fjellet. Kommunen har ein rik folkeleg kulturtradisjon med felespel og stev. Setesdalsmuseet ligg på Rysstad. På På Bjørgum stod Hylestad stavkyrkje frå kring 1200, som nå er ein freda kyrkjegard. Portalane til kyrkja, med framstilling av scener frå Vǫlsunga saga, er nå i Universitetets oldsaksamling i Oslo. Valle har fleire gamle, freda bygningar.[1]



Fotnotar |





  1. 1,01,11,2 «Valle». Store Norske Leksikon. Henta 27. oktober 2013. 




Bakgrunnsstoff |



  • Valle kommune

  • Om talemålet i Valle og Hylestad (Valle Mållag)

  • Historiske arkiv etter Valle kommune












Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum