Skip to main content

Edmund Husserl Kjelder | NavigasjonsmenyHusserliana: Edmund Husserl Gesammelte WerkeWorldCatVIAFGNDLCCNISNIBNFBNF (data)LIBRISSUDOCMGP

EinskildmennFødde i 1859Døde i 1938Tyske filosofarTyske matematikarar


8. april185927. april1938fenomenologienProßnitzMährenFreiburgMartin HeideggereksistensialismenLeo van BredaLeuvenHusserl-arkiv












Edmund Husserl




Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket






Hopp til navigering
Hopp til søk




















Edmund Husserl
Edmund Husserl 1900.jpg
FøddEdmund Gustav Albrecht Husserl
8. april 1859
Prostějov
Død
27. april 1938
Freiburg im Breisgau
NasjonalitetTyskland, Austerrike
Område
filosofi, fenomenologi, sannkjenningsteori
Yrke
matematikar, filosof, universitetslærar
Institusjonar
Albert-Ludwigs-Universität
Universitetet i Göttingen
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Alma mater
Universitetet i Wien
Universitetet i Leipzig
Doktorgradsrettleiar
Leo Koenigsberger
Carl Stumpf
Medlem
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
American Academy of Arts and Sciences

Edmund Husserl (8. april 1859–27. april 1938) var ein tsjekkisk matematikar og filosof, grunnleggjar av fenomenologien, ei av dei viktigaste filosofiske retningane i det 20. hundreåret.


Husserl var fødd i Proßnitz i Mähren.
Han skreiv først ei doktoravhandling om matematikk der han diskuterte psykologiske forklaringar på matematikken. Han innsåg til slutt at han var på veg i feil retning og at matematikken måtte vere ein ideell vitskap. Ideell tyder at kunnskapen er tidlaus, t.d. at vi har ei førestilling om kva ein trekant er uavhengig av konkrete trekantar i kvardagen (store og små, laga av mange ulike material). Denne tankegangen overførte han på logikk og seinare på sosial- og humanvitskapane sitt grunnlag. Dette var fenomenologien, læra om korleis ting naturleg står fram for oss. Fenomenologi tyder då lære (logos) om fenomena («fainomenon» på gresk tyder «det som ovrar seg» eller syner seg for oss). Det som viser seg for oss er alt som kjem til oss gjennom sanseapparatet og heile kroppen, og Husserl avgrensa det ikkje berre til synet, men brukte ofte synsmetaforar for å forklare filosofien sin.


I tida frå hundreårsskiftet skriv han då sitt første store verk om desse teoriane og gav det ut i «Logiske undersøkingar» (ty. Logische Untersuchungen). Han gav seinare ikkje ut så mange bøker, men skreiv desto meir. Då han døydde vart det funne over 40 000 stenografiske ark etter han.


Husserl var lærar på fleire tyske universitet, men vart til slutt professor i filosofi i Universitetet i Freiburg (i Breisgau). På grunn av jødeforfølgingane i Tyskland i 1930-åra vart han stroken av lista over professorar ved universitetet (han var då pensjonist), noko som førte til at han ikkje kunne bruke biblioteket, og han fekk òg publikasjonsforbod og vart tvangsflytta frå huset sitt over i eit mindre husvære. Han døydde før dei systematiske utryddinga av jødane, og familien fekk hjelp til å flykte.


Husserl hadde fleire kjende studentar, den mest kjende er utan tvil Martin Heidegger som følgte etter Husserl i filosofiprofessoratet. Husserl og Heidegger var for det meste samde, men Heidegger utvikla fenomenologien i ei anna retning enn Husserl, det som seinare vart kalla eksistensialismen. Eksistensialismen er ei retning innan både filosofien og litteraturen.


Manuskripta etter han vart berga av ein belgisk fransiskanarmunk og forskar, Leo van Breda, som fekk smugla dei til Berlin og vidare frå Berlin til Belgia med diplomatpost og gøymd i eit kloster i Leuven, og det vart skipa eit Husserl-arkiv og studiesenter der. Etter krigen vart dei sakte, men sikkert publisert i skriftserien Husserliana, og publiseringa vart i hovudsak gjort ferdig på 1990-talet med over 40 store bind.


Det er (2011) ikkje skriven ein bibliografi om Husserl.



Kjelder |


  • Zahavi, D. (2001). Husserls fænomenologi. Ny, revideret udgave. Gyldendal, København.

  • Husserliana-serien Husserliana: Edmund Husserl Gesammelte Werke (Kritische edition). Auf Grund des Nachlasses veröffentlicht vom Husserl-Archiv Leuven. Nijhoff, Den Haag 1950 ff., no utgjeven av: Springer, Berlin 2008: 42 bind.




Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Edmund_Husserl&oldid=3121583»










Navigasjonsmeny


























(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.256","walltime":"0.432","ppvisitednodes":"value":1146,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":19251,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":4202,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":10,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":5,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":0,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 401.690 1 -total"," 90.52% 363.619 1 Mal:Infoboks_vitskapsmann"," 83.91% 337.055 1 Mal:Infoboks"," 34.46% 138.414 1 Mal:Bilete_frå_Wikidata"," 11.94% 47.963 2 Mal:Br_separated_entries"," 7.20% 28.924 1 Mal:Autoritetsdata"," 4.41% 17.714 2 Mal:KategoriKjønn"," 2.22% 8.923 1 Mal:Levde"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.156","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":3345908,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1258","timestamp":"20190423182552","ttl":2592000,"transientcontent":false);mw.config.set("wgBackendResponseTime":125,"wgHostname":"mw1320"););

Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum