Kantonar i Sveits






Kart over kantonane i Sveits


Kantonane i Sveits er delstatar i den føderale staten Sveits. Historisk og fram til midten av 1800-talet var kvar kanton i den daverande konføderasjonen ein suveren stat, med sin eigen hær og valuta; den noverande føderale strukturen vart etablert i 1848.


Ifølgje konføderasjonsgrunnloven av 1999, er det offisielt 26 kantonar. Ved val til det nedste kammeret (Ständerat) i konføderasjonsparlamentet og ved røysting over føderale initiativ, reknar ein talet på statar (Stände) til 23. Landområda Unterwalden, Appenzell og Basel vart kvar rekna for å vere halvkantonar. Omgrepet halvkanton er fjerna, men kantonane i dei nemnde områda har ei røyst der andre kantonar har to. Unterwalden består av Obwalden og Nidwalden, Appenzell av Appenzell Ausserrhoden og Appenzell Innerrhoden, mens Basel er sett saman av Basel-Stadt og Basel-Landschaft.


På 1500-talet bestod den sveitsiske konføderasjonen av tretten sjølvstyrte statar. Desse statane vart kalla kantonar (også Stand, før også Ort), og det fanst to ulike typar kantonar: Dei seks landkantonane og dei sju bykantonane. Sjølv om dei teknisk sett var ein del av Det tysk-romerske riket, hadde dei nærast vorte uavhengige da sveitsarane sigra over keisar Maximillian I i 1499. Sjølvstendet vart erkjent gjennom freden i Westfalen i 1648.


Fram til 1798 var dei seks landkantonane demokratiske republikkar, mens dei sju bykantonane var styrt av byråd. Men både land- og bykantonane var kontrollerte av små oligarki av rike og mektige borgarar. Mellom bykantonane var Zürich, Bern og Basel.


Kvar kanton har sin eigen grunnlov, lovgjevande forsamling, regjering og dømmande makt. Den lovgjevande forsamlinga er i alle kantonane eit eittkammerparlament, storleiken varierer mellom femtiåtte og to hundre representantar. Nokre få lovgjevande forsamlingar er generalforsamlingar (Landsgemeinden). Dei kantonale regjeringane består av anten fem eller sju medlemmer. For namn på institusjonane deira, sjå Liste over lovgjevande og utøvande makt i kantonane i Sveits.


Alle oppgåver som etter den sveitsiske grunnloven ikkje eksplisitt vedkjem konføderasjonen, er oppgåver som høyrer til kantonane. Kantonane bestemmer sjølv i kor stor grad kommunane skal kunne styre seg sjølv, noko som derfor varierer mykje. Storleiken på kantonane spenner vidt: frå berre 37 til 7 105 km2; folketalet varierer frå 14 900 til 1 244 400.


I kantonale saker, er det direkte demokratiet i form av generalforsamlingar (Landsgemeinde) no avgrensa til kantonane Appenzell Innerrhoden og Glarus. I dei andre kantonane blir dei demokratiske rettane uttrykt gjennom val. Sidan kantonen Jura vart oppretta i 1978 har det ikkje vorte oppretta nokon nye kantonar.



Liste over kantonane |


Tabellen nedanfor listar opp kantonane i same rekkefølgje som i konføderasjonsgrunnloven.



















































































































































































































































































































































Flagg
Fork.
Kanton

Sidan
Hovudstad
Folketal1
Areal2
Folketettleik3
Tal på kommunar1
Offisielle språk
Kantonflagg ZH Zürich 1351
Zürich
1 228 600
1 729
701
171

tysk
Kantonflagg BE
Bern/Berne
1353
Bern
947 100
5 959
158
399
tysk  fransk
Kantonflagg LU Luzern 1332
Luzern
350 600
1 493
233
107|

tysk
Kantonflagg UR Uri 1291
Altdorf
35 000
1 077
33
20
tysk
Kantonflagg SZ Schwyz 1291
Schwyz
131 400
908
143
30
tysk
Kantonflagg OW Obwalden 1291
Sarnen
32 700
491
66
7
tysk
Kantonflagg NW Nidwalden 1291
Stans
38 600
276
138
11
tysk
Kantonflagg GL Glarus 1352
Byen Glarus
38 300
685
51
28
tysk
Kantonflagg ZG Zug 1352
Zug
100 900
239
416
11
tysk
Kantonflagg FR
Fribourg/Freiburg
1481
Fribourg
239 100
1 671
141
242
fransk  tysk
Kantonflagg SO Solothurn 1481
Solothurn
245 500
791
308
126
tysk
Kantonflagg BS
Basel-Stadt [Basel by]
1501
Basel
186 700
37
5 072
3
tysk
Kantonflagg BL
Basel-Landschaft [Landskapet Basel]
1501
Liestal
261 400
518
502
86
tysk
Kantonflagg SH Schaffhausen 1501
Schaffhausen
73 400
298
246
34
tysk
Kantonflagg AR Appenzell Ausserrhoden 1513
Herisau4
53 200
243
220
20
tysk
Kantonflagg AI Appenzell Innerrhoden 1513
Appenzell
15 000
173
87
6
tysk
Kantonflagg SG St. Gallen 1803
St. Gallen
452 600
2 026
222
90
tysk
Kantonflagg GR
Graubünden/
Grischun/Grigioni
1803
Chur
185 700
7 105
26
211
tysk  retoromansk  italiensk
Kantonflagg AG Aargau 1803
Aarau
550 900
1 404
388
232
tysk
Kantonflagg TG Thurgau 1803
Frauenfeld5
228 200
991
229
80
tysk
Kantonflagg TI Ticino 1803
Bellinzona
311 900
2 812
110
244
italiensk
Kantonflagg VD Vaud 1803
Lausanne
626 200
3 212
188
382
fransk
Kantonflagg VS
Valais/Wallis
1815
Sion
278 200
5 224
53
160
fransk  tysk
Kantonflagg NE Neuchâtel 1815
Neuchâtel
166 500
803
206
62
fransk
Kantonflagg GE Genève 1815
Genève
414 300
282
1 442
45
fransk
Kantonflagg JU Jura 1979
Delémont
69 100
838
82
83
fransk

Det sveitiske flagget
CH
Sveits
 

Bern
7 261 200
41 285
174
2 890

tysk  fransk  italiensk  retoromansk

Fotnoter: 1 Den 31. desember 2001  Nasjonalstatistikk  2km²  3 per km²  basert på folketalet i 2000 4 setet for regjeringa og parlamentet; setet for kantonsdomstolen er Trogen 5 setet for parlamentet er Frauenfeld og Weinfelden


Tobokstavsforkortingane for sveitsiske kantonar er mykje brukt, til dømes på bilskilt og i ISO 3166-2-kodar med prefikset «CH-» – til dømes CH-SZ for kantonen Schwyz.



Bakgrunnsstoff |




  • «Kart». Arkivert frå originalen 2013-01-05. 


  • GeoPuzzle Set saman kantonar på eit sveitsisk kart

  • Flagg, kart og kantonvåpen












Kantonane i Sveits

Det sveitsiske flagget

Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum