Åfarnes

Åfarnes, Rauma
Åfarnes er ei bygd og ein ferjestad lengst nordvest i Rauma kommune i Møre og Romsdal.
Ferjestrekninga er ein del av fylkesveg 64 og går ytst i Langfjorden over til Sølsnes i Molde kommune. Verdas første gassdrivne ferje, MF «Glutra», gjekk opphavleg i dette sambandet.
Namnet Åfarnes kjem frå gammalt Allfarnes - eit nes der alle reisande fer forbi. Åfarnes har vore gjennomfartsåre sidan historisk tid. Åfarnes ligg fint til i Romsdalsfjorden, med fjordane Rødvenfjorden og Langfjorden som «armar» på kvar side.
|