Trondheimsleia




Koordinatar: 63°24′44.737″N 8°33′10.282″E





Terningen fyr i Trondheimsleia, på søraustsida av Hitra.
Foto: Morten Skogly



Trondheimsleia er havområdet mellom Smøla og Aure på Nordmøre og mellom Hitra og kommunane Hemne, Snillfjord og Agdenes i Trøndelag.


Trondheimsleia strekkjer seg 94 km nordaustover frå nordsida av Tustna i sørvest til innløpet til Trondheimsfjorden ved Agdenes i nordaust. Delen av Trondheimsleia på sørsida av Smøla vert òg kalla Edøyfjorden. Mellom Smøla og Hitre går Ramsøyfjorden sørover til Trondheimsleia og frå her går leia inn i Sør-Trøndelag.


Av stader langs leia finn ein Leira på Tustna, Tjeldbergodden, Sandstad og Grindvika på Hitra og Vassbygda.



Sidefjordar og delfjordar |




  • Edøyfjorden er ein delfjord sør for Smøla


  • Foldfjorden er ein fjordarm på Ertvågsøya

  • Søraust for Skardsøya ligg Årvågfjorden


  • Ramsøyfjorden går mellom Smøla og Hitra, inn til Trondheimsleia.


  • Mistfjorden er ein fjord i Hemnes, aust for Tjeldbergodden.


  • Hemnfjorden er eit fjordsystem i Hemnes og Snillfjord.

    • Åstfjorden

    • Bjørkøyfjorden

    • Snillfjorden




  • Imsterfjorden i Snillfjord, sør for Sørleksa


  • Verrafjorden, innanfor Agdenes



Samferdsel |


Hurtigruta og Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim trafikkerer Trondheimsleia på langs. I tillegg kryssar fleire ferjesamband leia:



  • Frå Medholmen går det ferje over til Brekstad i nord.

  • Frå Agdenes går det ferje til Nordleksa og vidare nordover til Garten og Storfosna.


Frå Aure går det Smøla kryssar leia.


  • Frå Stabblandet og Ertvågsøya i Aure til Edøy i Smøla og vidare til Forsnes på Hitra

Leia er særs djup, opptil 250 meter på det djupaste, noko som skapte problem då Hitratunnelen vart prosjektert. Mellom Jøstenøya på Hitra og Hemnskjel i Snillfjord vart det funne ein terskel som «berre» var 185 meter djup og her vart tunnelen til slutt bygd med det lågaste punktet på 264 meter.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum