Susann Goksør Bjerkrheim
















Susann Goksør Bjerkrheim

Fødd
7. juli 1970
Lambertseter
Yrke
handballspelar

Susann Goksør Bjerkrheim (fødd 7. juli 1970) er ein tidlegare handballspelar frå Oslo. Goksør Bjerkrheim spela 296 landskampar og skåra 844 mål for Noreg i tida 1987-2000, og var landslagskaptein frå 1993 til 2000. I 1999 vart ho verdsmeister med Noreg, då Frankrike i finalen på Lillehammer vart slått 25-24 etter ekstraomgangar. Mellom 1988 og 2000 vann ho i alt åtte medaljar i ulike OL, VM og EM. Goksør Bjerkrheim var midtre rykkrom-spelar («playmaker»).


Ho er sidan 1998 gift med den tidlegare handballspelaren Svein Erik Bjerkrheim.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


  • 2 Merittar landslag


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Aktiv |


Susann Goksør spela for Bækkelagets Sportsklub i Oslo frå 1985 til 1997. Ho vart cupmeister med klubben i 1994 og 1996/97. Både i 1994 og 1995 spela Bækkelaget seg fram til finalar i europeiske cupturneringar, men tapte fyrst citycupen samanlagt 43-45 mot tyske Buxtehuder. Året etter vart det nytt finaletap, då i EHF-cupen på færre bortemål enn Debrecen for Ungarn.


Susann Goksør debuterte på Noregs landslag 17. juni 1987 mot Aust-Tyskland. Året etter var ho med då Noreg vann OL-sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul.


Etter indre strid i Bækkelaget forlet Goksør, og spelarar som Kjersti Grini og Heidi Tjugum, klubben våren 1997. Frå 1997 til ut 2000 spela ho for Nordstrand Idrettsforening, også det eit Oslo-lag. Ho la opp etter dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000. I 2008 gjorde ho eit kortvarig comeback for Nordstrand i eit forsøk på å berge laget frå nedrykk frå toppserien.



Merittar landslag |



  • OL 1988 - Sølv

  • VM 1990 - Nr 6

  • OL 1992 - Sølv

  • VM 1993 - Bronse

  • EM 1994 - Bronse

  • VM 1995 - Nr 4

  • EM 1996 - Sølv


  • OL 1996: Nr 4

  • VM 1997 - Sølv

  • VM 1999 – Gull

  • OL 2000 – Bronse



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Susann Goksør Bjerkrheim» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2012.



Bakgrunnsstoff |



  • Norsk biografisk leksikon




  • (en) Susann Goksør Bjerkrheim – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

  • Medaljestatistikk, Olympiske leikar for Susann Goksør-Bjerkreim på Databaseolympics.com















































Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum