Åndalsnes





















































Åndalsnes

tettstad

Åndalsnes from the sea.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal

Kommune

Rauma

Areal
2,22 km²

Folketal
2 337 (2017)
Folketettleik

1 053 / km²



Postnummer
6300 ÅNDALSNES

Innbyggjarnamn
åndalsnesing
Preposisjon

Åndalsnes


Wikimedia Commons: Åndalsnes


Åndalsnes er ein by og administrasjonssenteret i Rauma kommune i Møre og Romsdal med 2 337 innbyggjarar per 1. januar 2017.[1] Staden er omkransa av høge fjell oppimot 1800 m.o.h., med Trolltindan, Venjetindan og Romsdalshorn som dei mest markante.


Åndalsnes ligg ved utløpet av elva Rauma i Romsdalsfjorden og er eit viktig kommunikasjonssenter med mykje industri, mellom anna møbel-, tekstil-, klednings-, plastvare- og verkstadindustri. Staden har stor turisttrafikk i sommarsesongen og er eit senter for fjellklatring. Åndalsnes er endepunkt for Raumabanen, som går til Dombås, der han er knytt til Dovrebanen. Europaveg 136 går frå E6 ved Dombås og ned Romsdalen til Åndalsnes, der vegen går vidare til Ålesund. På Åndalsnes er det vegkryss der fylkesveg 64 går vidare til Molde.




Utsyn over utløpet til Rauma frå Kjerringplassen


Åndalsnes har vidaregåande skule, ungdomsskule og barneskule. Kulturhuset Rauma kulturhus vart innvigd i 2007, og har kinosal, bibliotek, forestillingssal og øvingslokale. Åndalsnes Avis er lokalavis og kjem ut tre dagar i veka.[2]





Innhaldsliste






  • 1 Historikk


  • 2 Kultur


  • 3 Galleri


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff








Historikk |


Namnet Åndalsnes er truleg sett saman av gardsnamna Åndal og Nes, som mogeleg vart sette saman første gong då poststaden Aandalsnæs opna i 1888. Tolkinga av Åndal er uviss, kanskje eigentleg Åmdal etter gamalnorsk for rustraud eller mørk.


I 1860-åra vart vegen ned Romsdalen til gardane Åndal og Nes ferdig, og den nye staden Åndalsnes voks fram. Turistskipa valte etter kvart Åndalsnes som hamn og i løpet av 1880-åra voks staden fram som det nye turistsenteret i Romsdal. Tettstaden vart sentrum i indre Romsdal etter at Raumabanaen opna i 1924. Tidlegare var Veblungsnes (på andre sida av munningen til Rauma) sentrum i distriktet. I 1900 var det over 300 innbyggarar på Veblungsnes, og og 167 på Åndalsnes. Romsdals marked var på Devold til 1820 og vart så flytta til Veblungsnes.[3]


Tidleg i andre verdskrig spelte Åndalsnes ei viktig rolle under felttoget i Noreg 1940. Her vart britiske styrkar landsette 12–17. april. Sentrum av Åndalsnes vart rasert etter tyske bombeangrep ved den tyske invasjonen 23. april 1940. Britane fór frå Åndalsnes 2. mai og la etter seg mykje øydelagt krigsutstyr.


Åndalsnes fekk bystatus i 1996, etter vedtak av Rauma kommunestyre.[2]




Britisk fly skada ved Åndalsnes



Kultur |


Åndalsnes har stor tilstrømming av turistar om sommaren og har cruisehamn med om lag 30 anløp i året. Staden er eit senter for fjellsport, og juli kvart år blir Norsk Fjellfestival arrangert.


Her ligg Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Fleire musikkfestivalar blir arrangerte på Åndalsnes, deriblant RaumaRock og Trollblues.



Galleri |




Sjå òg |



  • Tettstader i Møre og Romsdal

  • Åndalsnes Idrettsforening



Kjelder |





  1. http://www.nrk.no/kultur/norges-nye-byer-1.897495


  2. 2,02,1 «Åndalsnes». Store Norske Leksikon. 


  3. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug.




Bakgrunnsstoff |



  • VisitÅndalsnes

  • Eldre fotografi frå Åndalsnes på nettstaden til Nasjonalbiblioteket





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum