Heidi Tjugum

Multi tool use
Multi tool use
















Heidi Tjugum

Fødd
5. september 1973
Drammen
Yrke
handballspelar

Heidi Marie Tjugum (fødd 5. september 1973) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Skoger som vart europameister 1998 og verdsmeister 1999 med Noreg. Ho vann elles OL-sølv 1992 og OL-bronse 2000, to EM-sølv og eitt VM-sølv i tida 1992-2002. Tjugum, som var målvakt, er som klubbspelar best kjend for sine år i Bækkelaget SK og danske Viborg HK.




Innhaldsliste






  • 1 Landslagsspel


  • 2 Klubbspel


  • 3 Merittar


  • 4 Kjelder





Landslagsspel |


Tjugum debuterte på det norske landslaget mot Sør-Korea 18. februar 1992 i Bodø. Hausten det året var ho med som tredjemålvakt då Noreg tok sølv etter finaletap mot nettopp Sør-Korea under Sommar-OL i Barcelona. Ho fekk ikkje plass i VM-troppa 1993, ei heller EM-troppa 1994. Frå 1996 byrja ho å spele ei viktigare rolle på landslaget, og under EM 1996 i Danmark vart ho kåra til beste målvakt i ein mestersskap som endå med finaletap mot vertslandet. Då Noreg tok sin fyrste internasjonale triumf ved handball-EM 1998 storspelte Tjugum i finalen mot Danmark, ein kamp som enda med 24-16. Året etter gjorde ho solid innsats då Noreg vann VM på heimebane, men det var Cecilie Leganger som vakta målet i finalen mot Frankrike. Tjugum vart kåra til beste målvakt under Sommar-OL 2000, ei turnering der Noreg vann bronse. Ho var korkje med i EM 2000 eller VM 2001, men var fyrstemålvakt då Noreg i 2002 på ny tapte ein EM-finale i Danmark mot vertslandet. Tjugum spelte sin 175. og siste landskamp i 2003.



Klubbspel |


Tjugum spelte på Glassverket til 1991. Ho melde då overgang til [Bækkelaget SK, eit lag ho spelte på til 1997. Etter indre strid i oslolaget, reiste ho til Viborg i Danmark, der ho vart verande i seks sesongar. Frå 2003 til -05 spelte Tjugum på Nordstrand IF i Oslo, deretter trente ho Gjøvik/Vardal ei tid, frå 2007 til 2010 var ho målvakt i Storhamar IL.



Merittar |



  • Verdsmeister: 1999 med Noreg

  • Europameister: 1998 med Noreg

  • OL-sølv: 1992 med Noreg

  • VM-sølv: 1997 med Noreg

  • EM-sølv: 1996 og 2002 med Noreg

  • OL-bronse: 2000 med Noreg

  • Vinnar av EHF-pokalen: 1999 på Viborg

  • Norsk seriemeister: 1992 og 1995 på Bækkelaget (2)

  • Dansk seriemeister: 1999-2002 på Viborg (4)

  • Norsk cupmeister: 1991 på Bækkelaget



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Heidi Tjugum» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2016.







YP,tbEXw d1gy7HLbA,1JYdfSdS9wBOJ oOxKxi3E,pl9 1A90MxM,FIUJhzd8SyaWiTC mbIyZyHTYi1VgjIrHV ClAwUDWRi sL
6gKNTv7L2RdA I86FpvR7,4KiwbLz5htl

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669