Else Marthe Sørlie Lybekk
Else Marthe Sørlie Lybekk | |
Else Marthe Sørlie Lybekk i 2008, i Leipzig-drakt Foto: Jan Daniels | |
Fødd | 11. november 1978 Gjøvik |
Yrke | handballspelar |
Else Marthe Sørlie Lybekk (fødd 11. september 1978) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.
Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.
Innhaldsliste
1 Merittar landslag
2 Merittar klubblag
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Merittar landslag |
- EM 1998 – Gull
- VM 1999 – Gull
- OL 2000 – Bronse
- EM 2000 – 6.plass
- VM 2001 – Sølv
- EM 2002 – Sølv
- VM 2003 – 6.plass
EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland- VM 2007 – Sølv
- OL 2008 – Gull
Merittar klubblag |
- 2002: Cupmeister med Nordstrand IF
- 2006: Serie- og cupmeister med HC Leipzig
- 2007: Cupmeister med HC Leipzig
- 2008: Cupmeister med HC Leipzig
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Else-Marthe Sørlie Lybekk» frå Wikipedia på tysk, den 30. juli 2012.
Bakgrunnsstoff |
(en) Else Marthe Sørlie Lybekk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Det norske kvinnelandslaget i handball under Sommar-OL 2008 | |
---|---|
|
|