Flaum






Flaum i Japan i 2004.


Flaum er ei naturleg, men ofte uventa hending som skjer når vatn skòlar over landområde.




Innhaldsliste






  • 1 Årsaker


    • 1.1 Menneskepåverking




  • 2 Verknader


  • 3 Statistisk sannsyn


  • 4 Store flaumar


    • 4.1 Historiske flaumar


    • 4.2 Flaum i Noreg




  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff


    • 6.1 Kjelder







Årsaker |




Overflauma stadion i Sveits i 2005.


Det kan koma flaum når mykje vatn samlar seg ein stad, til dømes på grunn av store nedbørsmengder, vind som bles i ein viss retning, stor snøsmelting, orkanar, springflod, eller når fleire av desse verkar saman. Flaum skjer gjerne ved at elvar går over breddane sine, men havet kan gjera det same, og mykje nedbør utan avløp kan òg føra til flaum.


Flaum kan òg skje når ei hindring, til dømes ei demning, brest og vatnet får eit nytt utløp. Jøkulhlaup frå isbresjøar er døme på dette.



Menneskepåverking |




Sandsekkar mot flaum i Imst i Austerrike.


Menneske prøver å hindra flaumar ved å byggja diker og demningar. Dei kan òg auka flaumfaren ved å hogga skogar, slik at vatn flyt friare, eller drenera elvesletter, slik at ekstra vatn ikkje har nokon stad å gå.


Dersom det kjem ein flaum er det likevel lite menneske kan gjera for å hindra dei store vassmengdene. Dei kan bygga mellombels hindringar med til dømes sandsekkar for å leia vatnet ein veg som gjer mindre skade, men elles må dei berre håpa at vatnet snart søkk.



Verknader |


Flaumar kan gjera stor skade, enten ved at store mengder vatn fossar gjennom landet og riv med seg laust og fast, eller ved at vatnet blir liggjande og fører til vasskader på bygningar. Men dei kan òg gjera nytte ved å tilføra vatn til eit uttørka område eller næring til eit dyrkingsområde.



Statistisk sannsyn |


Ein 100-årsflaum er rekna som den største flaumen ein kan vente i snitt kvart 100. år. Dette tyder i praksis at ein reknar det som 1 % truleg at ein så stor flaum kan skje i løpet av eit år. På same måte er ein 5-årsflaum storleiken på ein flaum som statistisk sett berre oppstår kvart 5. år, eller at det er 20 % truleg at han oppstår i løpet av eit år. Desse tala vert ofte brukt i samband med byggingsløyve, miljøregulering og forsikringssaker.


Ein 100-årsflaum førte i løpet av ei veke til store øydeleggingar i Europa i 2002.



Store flaumar |


Storflaumar er ofte uventa hendingar som kan føra til store dødstal. Det finst mange mytologiske forteljingar om flaumar som utslettar verda, til dømes syndfloda i Bibelen.



Historiske flaumar |




Eit oversvømd New Orleans etter orkanen Katrina i 2005.




  • 1228: Flaum i Freisland i Nederland, om lag 100 000 omkom.


  • 1642: Opprørarar fjernar dike i Kaifeng i Kina og om lag 300 000 omkom.

  • Juni 1896: Tsunami og jordskjelv i Sanriku i Japan, om lag 27 000 omkom.

  • Mai 1889: Flaum i Johnstown i Pennsylvania i USA, om lag 2200 omkom.


  • 1931: Huang He (den gule elva) gjekk over breddane sine slik at mellom 800 000 og 4 millionar døydde i Kina.

  • Januar 1953: Nordsjøflaumen i 1953, springflod og dårleg vêr i Nordsjøen førte til flaum i Nederland og England. Over 2000 døydde, og flaumen førte til bygginga av sterkare dike i begge landa.

  • August 1954: Flaum i elva Chang Jiang i Kina, om lag 30 000 omkom

  • Desember 1959: Malpasset-demninga bryt saman og byen Frejus i Frankrike vert råka av flaum. 412 omkom.

  • Mars 1960: Jordskjelv utløyser tsunami i Agadir i Marokko og over 10 000 omkom.

  • Oktober 1963: Jordras bak Vaiont-demninga i Italia skapar enorme oversymjingar og over 3000 omkom.

  • November 1970: Ei stor flodbølgje råkar inn over øyane i Bengalbukta (då Aust-Pakistan, no Bangladesh) og om lag 500 000 omkom.

  • Mai 1985: Flodbølgjer råkar Bangladesh, om lag 11 000 omkom.

  • Juli 1985: Ei demning bryt i Fiemme-dalen og landsbyen Stava i Italia vert oversymd, 300 omkom.

  • September 1987: Venezuela vert råka av flaum, minst 350 omkom.

  • August 1988: Kraftig uvêr fører til flaum i Sudan og Khartoum vert erklært kriseområde. Om lag 8000 omkom.

  • September 1988: Flaumkatastrofe i Bangladesh. Over 3000 omkom.

  • September 1988: Flaum etter kraftig Nedbør i Nord-India der over 350 omkom.

  • April 1991: Ein tropisk syklon fører til ei seks meter høg flodbølgje som råkar det søraustlege Bangladesh. Om lag 140 000 omkom.

  • Juli 1991: Chang Jiang-elva går over breiddene sine og skapar flaumkatastrofe i Kina. Om lag 1000 omkom.

  • November 1991: Flaumkatastrofe i sentrale Filippinane, om lag 5000 omkom.

  • April–mai 1993: Flaum i Mississippi og Missouri i USA. 38 omkom.

  • September 1995: Flaum på øya Mindanao i Filippinane. Om lag 500 omkom.

  • Juni 1996: Flaum etter kraftig regnvêr i Jemen. 324 omkom.

  • Juli 1997: Rekordregn fører til storflaum i Sentral-Europa. Tsjekkia og Polen vert hardast råka og om lag 100 mistar livet.

  • Juni–september 1998: Flaum i Bangladesh, India og Nepal. 4750 omkom.

  • Juli 1998: Tsunami etter jordskjelv i havet råka Papua Ny-Guinea, meir enn 3000 omkom.

  • August 1998: Flaum i Chang Jiang-elva i Kina. Om lag 2000 omkom.

  • November 1998: Orkanen Mitch fører til flaumkatastrofe i Honduras, Nicaragua, El Salvador og Guatemala. Om lag 20 000 omkom.

  • Desember 1999: Flaum og jordras i Venezuela. 20 000 omkom.

  • Februar 2000: Flaum i Mosambik og Sør-Afrika og opp mot 1000 omkom.

  • August 2000: Flaum i Nord-India med 1550 omkomne.

  • August 2001: Den største flaumen på 50 år råka Vietnam og Kambodsja. 440 omkom.

  • November 2001: Flaum og jordras i Algerie. 750 omkom.

  • August 2002: Flaum i Sentral-Europa i elvane Elben, Vltava og Donau. Om lag 80 omkom.

  • Juni 2005: Sørlege Alberta i Canada vart råka av ein av dei verste flaumane i landet nokon gong. 72 menneske blei drepne i løpet av tre veker med flaum.

  • Juli 2005: Over 700 drepne i den indiske delstaten Maharashtra og storbyen Mumbai etter kraftig, uventa monsunregn.

  • August 2005: New Orleans i den amerikanske delstaten Louisiana vart oversvømd då eit dike brast etter at orkanen Katrina hadde herja.

  • Januar-april 2009: 150-årsflaum i det sørlege Afrika.



Flaum i Noreg |



  • Januar 1716: Flaum på Vestlandet

  • Desember 1743: Storflaum etter kraftig regn på Vestlandet.

  • Juli 1789: Storflaum på Austlandet, Møre og Trøndelag i juli 1789, den såkalla «Storofsen». Flaumen var på sitt verste 22.–23. juli 1789. Storofsen utgjorde eit slags «klimatisk klimaks» under den vesle istida på 16–1700-talet. Det er den største flaumen i nyar tid i Noreg etter sein snøsmelting og kraftig langvarig regn. Minst 79 omkom.

  • Mai 1827: Stor vårflaum i Telemark.

  • Juni 1860: Kraftig snøsmeltingsflaum på Austlandet, Sørlandet og Nordvestlandet. 12 omkom.

  • Mai 1916: Storflaum i Glomma, Skienselva og på Sørlandet.

  • Oktober 1918: Storflaum på Vestlandet.

  • Juni 1927: Stor vårflaum i Drammenselva, Skienselva og på Sørlandet. 6 omkom.

  • August 1938: Flaum etter kraftig nedbør på Austlandet og i Telemark.

  • November 1940: Flaum etter kraftig nedbør på Vestlandet. Indre Matre fekk 240 mm på eit døgn.

  • Juni 1967: Stor vårflaum på Austlandet. Kring 100-åraflaum.

  • Juni 1995: «Vesleofsen», storflaum på Austlandet. Stor snøsmelting og store nedbørsmengder over Austlandet. 200-300-årsflaum i det sentrale Austlandsområdet. Flaumen oversteig 1967-flaumen dei fleste stader i Glomma, men nådde ikkje nivået til 1789-flaumen. Den største vassføringa var kring 4000 m³/s den 5. juni. Ein person omkom og skadeomfanget var på kring 1,8 milliardar kroner.



Sjå òg |



  • Flodbølgje

  • Stormflod



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Flaum



Kjelder |


  • «Flood» på engelsk Wikipedia




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029