Frank Zappa
Frank Zappa | |
Zappa i Ekeberghallen i Oslo, 16. januar 1977 | |
Fødd | 21. desember 1940 Baltimore i Maryland i USA |
---|---|
Fødestad | Baltimore |
Død | 4. desember 1993 (52 år) Los Angeles i California i USA |
Dødsstad | Los Angeles |
Fødenamn | Frank Vincent Zappa |
Opphav | USA |
Aktiv | 1950-åra - 1993 |
Sjanger | Rock, jazz, klassisk, avantgarde, eksperimentell |
Instrument | gitar, vokal, bass, tangentinstrument, trommer, synclavier |
Kjende instrument | Gibson ES-5 Switchmaster Gibson SG Gibson Les Paul Fender Stratocaster Synclavier |
Tilknytte artistar | The Mothers of Invention Captain Beefheart |
Plateselskap | Verve/MGM, Warner Bros., Bizarre/Straight, DiscReet, Zappa Records, Barking Pumpkin Records, Rykodisc |
Verka som | Komponist, musikar, dirigent, produsent |
Gift med | Gail Zappa |
Born | Moon Zappa, Diva Zappa, Dweezil Zappa, Ahmet Zappa |
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award |
Frank Vincent Zappa (21. desember 1940–4. desember 1993) var ein amerikansk komponist, gitarist, plateprodusent og filmregissør. I løpet av ein karriere på over 30 år skriv Zappa rock, jazz, elektronisk musikk, orkestermusikk og musique concrète. Han regisserte òg fleire filmar og musikkvideoar, og designa plateomslag. Zappa produserte sjølv nesten alle dei over 60 albuma han gav ut med bandet Mothers of Invention og som soloartist.
I tenåra fekk han smak på perkusjonsbaserte avantgarde-komponistar som Edgard Varèse og rhythm and blues-musikk frå 1950-åra. Han begynte å skrive klassisk musikk på vidaregåande skule, samstundes som han spelte trommer i eit R&B-band. Seinare begynte han å spele elektrisk gitar. Han var ein sjølvlærd komponist og artist, og dei mange musikalske inspirasjonskjeldene førte til at han skapte musikk det ofte er umogeleg å kategorisere. Debutalbumet hans i 1966 med Mothers of Invention, Freak Out!, var ein kombinasjon av vanlege rockesongar, improviserte songar og studioskapte lydbilete. På seinare album nytta han denne eksperimentelle tilnærminga uansett om songane var baserte i rock, jazz eller klassisk. Han skreiv tekstane til alle songane sine, som ofte var humoristiske syn på samfunnet og politiske prosessar, strukturar og rørsler. Han var sterkt imot vanleg utdanning og organisert religion, og var ein oppriktig og lidenskapleg talsmmann for ytringsfridom og avskaffing av sensur.
Zappa var ein særs produktiv artist. Mange av albuma hans vert rekna som essensielle i rock- og jazzhistoria, og han vart rekna som ein av dei mest originale gitaristane og komponistane på si tid. Han hadde ein viss kommersiell suksess, særleg i Europa, og det meste av karrieren sin kunne han arbeide som ein sjølvstendig artist. Zappa vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995, etter han var død, og fekk Grammy Lifetime Achievement Award i 1997.
Zappa var gift med Kathryn J. «Kay» Sherman frå 1960 til 1964. I 1967 gifta han seg med Adelaide Gail Sloatman, som han var gift med til han døydde av prostatakreft i 1993. Dei hadde fire born: Moon Unit, Dweezil, Ahmet Emuukha Rodan og Diva Thin Muffin Pigeen. Gail Zappa styrer i dag føretaket til mannen under namnet Zappa Family Trust.
Innhaldsliste
1 Tidleg liv
1.1 Musikalsk påverknad
2 1955–60: Ungdom og tidleg karriere
3 Tidleg i 1960-åra: Studio Z
4 Seint i 1960-åra: The Mothers of Invention
4.1 1966: Debutalbum: Freak Out!
4.2 1966–68: New York-tida
4.3 1969: Oppløysinga av det originale Mothers of Invention
5 1970-åra: Frå The Mothers til Zappa
5.1 1970: The Mothers igjen og filmskaping
5.2 1971–72: Ulukke, angrep og etterverknadane
5.3 1973–75: Topp 10-album
5.4 1976–79: Turnear og slutt på føretak
5.5 1979: Zappa som sjølvstendig artist
6 1980-åra: Produktiv som aldri før
6.1 Frå hitsingel til klassiske framføringar
6.2 Synclavier
6.3 Digitalt medium og den siste turneen
7 1990-åra: Klassisk musikk og død
8 Politikk og religion
8.1 Vitneforklaring for senatet
9 Ettermæle
9.1 Hyllest
9.2 Artistar inspirerte av Zappa
9.3 Referansar i popkulturen og vitskapen
10 Diskografi
11 Kjelder
12 Bakgrunnsstoff
Tidleg liv |
Zappa vart fødd i Baltimore i Maryland. Mora, Rose Marie (fødd Colimore), var av italiensk og fransk opphav. Faren, Francis Vincent Zappa, var ein immigrant frå Partinico på Sicilia med gresk og arabisk opphav.[1] Zappa var den eldste av fire born og voks opp med foreldra der dei ofte snakka italiensk med besteforeldra.[2][3] Familien flytta ofte fordi faren, som var kjemikar og matematikar, arbeidde i forsvarsindustrien. Etter ei tid i Florida i 1940-åra, flytta familien attende til Maryland, der faren arbeidde ved Edgewood Arsenal kjemisk krigføringsanlegg under Aberdeen Proving Ground. Fordi heimen låg nær anlegget, som lagra sennepsgass, måtte dei ha gassmasker i heimen i tilfelle det skjedde ei ulukke.[4] Dette hadde ein stor effekt på Zappa, og referansar til smittestoff, bakteriologisk krigføring og forsvarsindustri dukkar opp gjennom heile karrieren hans.[5]
Zappa var ofte sjuk som barn og leid av astma, øyreverk og biholeproblem. Ein lege behandla biholeproblema med å setje inn ei lita kule med radium i kvart av nasebora til Zappa. Ein kjende lite til den potensielle faren som sjølv små mengder radioaktiv behandling hadde på den tida.[6] Nasebilete og referansar finst i musikken og tekstane til Zappa, i tillegg til plateomslaga som vart laga i lag med Cal Schenkel. Zappa meinte at sjukdommane i barndommen kunne ha kome av at han vart utsett for sennepsgass som kom frå den nærliggande kjemiske fabrikken. Helsa hans vart verre då han budde i Baltimore.[4][6] I 1952 flytta familien på grunn av helseproblema.[7] Dei flytta så til Monterey i California, der faren lærte metallurgi ved Naval Postgraduate School. Kort tid etter flytta dei til Claremont i California,[8] så til El Cajon, før dei slo seg ned i San Diego.
Zappa omtalte foreldra som «ganske religiøse» og prøvde å få han inn på ein katolsk skule, sjølv om han ikkje ville dette. Zappa synte avsky mot religion (og særleg kristendom) fordi han meinte religionen fremja uvitenheit og anti-intellektualisme.[9]
Musikalsk påverknad |
Zappa vart med i det første bandet sitt ved Mission Bay High School i San Diego. Han var trommeslagaren i bandet.[10] Omtrent samstundes kjøpte foreldra ein platespelar, slik at han kunne utvikle interessa si for musikk og byrje å samle plater.[11]R&B-singlar var tidlege kjøp og starta ei stor platesamling han hadde resten av livet.[12] Han var interessert i lydar for lydane sin del, særleg lydar av trommer og andre perkusjonsinstrument. 12 år gammal fekk han ei skarptromme og lærte seg grunnleggande orkesterperkusjon.[10] Zappa byrja tidleg å interessere seg stort for moderne klassisk musikk[13] då han leste ein artikkel i LOOK om platekjeda Sam Goody som skrytte av å kunne selje plater så obskure som The Complete Works of Edgard Varèse, Volume One.[14] Artikkelen skildra Varèse sin perkusjonskomposisjon Ionisation, produsert av EMS Recordings, som «eit rart virvar av trommer og andre ubehaglege lydar» Zappa prøvde å finne musikken til Varèse. Etter å ha leita over eit år, fann Zappa ei plate (han merka seg plata på grunn av bilete av Varèse som minna om ein «galen vitskapsmann»). Han hadde ikkje pengar med seg, men overtydde seljaren til å selje han plata med avslag.[14] Slik byrja ein livslang kjærleik til musikken til Varèse og andre moderne klassiske komponistar.
Zappa voks opp påverka av avantgarde-komponistar som Varèse, Halim El-Dabh,[15]Igor Stravinsky og Anton Webern, R&B og doo-wop-grupper (særleg lokale pachuco-grupper), og moderne jazz. Den mangfaldige etniske bakgrunnen hans, og den mangfaldige sosiale og kulturelle blandinga i og rundt Los Angeles, var viktige i å forme Zappa som undergrunnsmusikar og den seinare skeptiske og opne kritiske haldninga mot «mainstream» samfunnsrørsler, politiske og musikalske rørsler. Han dreiv ofte satire med musikalske retningar som psykedelia, rockeopera og disco.[16]Mellom anna dreiv han musikalsk satire med songane «Flower Punk» i 1967 (som parodierer songen «Hey Joe») og «Who Needs The Peace Corps?», som er kritiske mot hippierørsla. Fjernsyn var òg ei viktig inspirasjonskjelde og han nytta bitar av kjenningsmelodiar og reklamejinglar i somme musikkstykke.[17]
1955–60: Ungdom og tidleg karriere |
I 1956 hadde familien flytta til Lancaster, ein liten romfarts- og jordbruksby i Antelope Valley i Mojaveørkenen nær Edwards Air Force Base, nord i Los Angeles County. Mor til Zappa oppmuntra han til å følgje den musikalske interessa. Sjølv om ho mislikte musikken til Varèse, var ho ettergjevande nok til å gje han ein rikstelefonsamtale med komponisten som gåve til 15-årsdagen.[14] Uheldigvis var Varèse i Europa på den tida, så Zappa snakka med kona til komponisten. Han fekk seinare eit brev frå Varèse som takka han for interessa og fortalte han om ein komposisjon han arbeidde på kalla «Déserts». Sidan han budde i ørkenbyen Lancaster, fann Zappa dette veldig spanande. Varèse inviterte han på besøk om nokon gong kom til New York. Møtet fann aldri stad (Varèse døydde i 1965), men Zappa rama inn brevet og hadde det med seg resten av livet.[13]
Ved Antelope Valley High School møtte Zappa Don Vliet (som seinare skifta namn til Don Van Vliet og nytta scenenamnet Captain Beefheart). Zappa og Vliet vart nære vener og delte ei interesse i R&B-plater og påverka kvarandre musikalsk gjennom heile karrieren.[18] På same tida byrja Zappa å spele trommer i eit lokalt band, The Blackouts.[16] Med i bandet var mellom anna afroamerikanaren Euclid James «Motorhead» Sherwood som seinare vart med i The Mothers of Invention. Zappa vart meir interessert i gitar og i 1957 fekk han sin første. Tidleg i karrièren var han inspirert av Johnny «Guitar» Watson, Howlin' Wolf og Clarence «Gatemouth» Brown.[19] (I 1970- og 1980-åra inviterte han Watson til å spele på fleire album). Zappa rekna solospel som det same som å forme «luftskulpturar»,[20] og utvikla ein utsøkt, nyskapande og særs personleg stil.
Zappa si interesse for komponering og arrangering kom stadig sterkare dei siste high-school-åra. Innan det siste året skreiv han, arrangerte og dirigerte avantgarde-stykke for skuleorkesteret.[21] Han var ferdig på Antelope Valley High School i 1958, og takka seinare to av musikklærarane sine på omslaget til albumet Freak Out! i 1966.[22] Fordi familien ofte flytta, gjekk Zappa på minst seks forskjellige vidaregåande skular, og som student keia han seg ofte og distraherte ofte resten av klassen med skøyarstrekar.[23] Han slutta på college etter eit semester og hadde etter dette ein forakt for formell utdanning, og tok borna sine ut av skulen då dei fylte 15 og nekta å betale dei for college.[24]
Zappa reiste heimefrå i 1959 og flytta inn i ein liten leilegheit i Echo Park i Los Angeles. Etter han møtte J. «Kay» Sherman i løpet av den korte tida han tok private timar i komponering hos professor Karl Kohn ved Pomona College, flytta dei i lag til Ontario, og gifta seg 28. desember 1960.[25] Zappa arbeidde ei kort stund innan reklame. Opphalde i reklameverda vart kort, men gav han nyttig innsikt i korleis dei arbeidde.[26] Gjennom karrieren sin var han interessert i visuell presentasjon av verka sine, og forma somme av sine eigne plateomslag og regisserte eigne filmar og videoar.
Tidleg i 1960-åra: Studio Z |
Zappa prøvde å livnære seg som musikar og komponist, og spelte på forskjellige nattklubbar, somme med ein ny versjon av The Blackouts.[27] Han tente meir på dei tidlegaste profesjonelle innspelingane sine, to filmmusikkalbum for lavbudsjettsfilmane The World's Greatest Sinner (1962) og Run Home Slow (1965). Det førstnemnte vart bestilg av skodespelaren og produsenten Timothy Carey og spelt inn i 1961. Det inneheld mange tema som seinare dukka opp på platene til Zappa.[28] Den andre filmmusikken vart spelt inn i 1963 etter at filmen var ferdig, men vart bestilt av ein av dei tidlegare lærarane til Zappa i 1959 og Zappa kan ha arbeidd med stykket før filmen vart filma.[29] Utdrag frå filmmusikkarbeidet kan høyrast på albumet The Lost Episodes (1996).
Tidleg i 1960-åra skreiv og produserte Zappa songar for lokale artistar, og arbeidde ofte med songaren og låtskrivaren Ray Collins og produsenten Paul Buff. Deira «Memories of El Monte» vart spelt inn av The Penguins, sjølv om berre Cleve Duncan frå den originale gruppa var med.[30] Buff eigde det vesle Pal Recording Studio i Cucamonga, som hadde ein unik femspors lydbandopptakar som han hadde bygd sjølv. På den tida hadde berre ei handfull av dei mest sofistikerte komersielle studioa hadde høve for fleirsporsopptak. Standarden for mindre studio var mono eller tosporsopptak.[31] Sjølv om ingen av innspelingane frå denne perioden selde godt, tente Zappa nok pengar til å kunne setje opp ein konsert med orkestermusikken sin i 1963 og både kringkaste og spele inn konserten.[32] Han deltok på Steve Allen sitt kveldsshow same året, der han spelte på ein sykkel som musikalsk instrument.[33] I lag med Captain Beefheart, spelte Zappa inn nokre songar under namnet The Soots. Dei vart avslått av Dot Records fordi dei hadde «ingen kommersielt potensial», noko som Zappa sidan skreiv på omslaget til Freak Out![34]
I 1964, då ekteskapet var i ferd med å gå i oppløysing, flyttan han inn i Pal studio og arbeidde 12 timar eller meir kvar dag og eksperimenterte med overdubbing og lydbandmanipulering. Dette skapte eit arbeidsmønster han følgde det meste av livet sitt.[35] Ved hjelp av inntekta frå filmmusikken tok Zappa over studioet frå Paul Buff, som no arbeidde med Art Laboe ved Original Sound. Det fekk namnet Studio Z.[36] Studio Z vart sjeldan reservert for innspelinga av andre musikarar. I staden flytta vener inn, mellom anna James «Motorhead» Sherwood.[37] Zappa starta å spele som gitarist i ein power trio, The Muthers, i ein lokal bar for å få ei lita inntekt.[38]
Ein artikkel i den lokale pressa skildra Zappa som «the Movie King of Cucamonga» og fekk det lokale politiet til å tru at han laga pornografiske filmar.[39] I mars 1965 vart Zappa møtt av ein hemmeleg betjent i sedelegheitspolitiet og tok i mot eit tilbod på $100 for å produsere eit lydband for eit påstått utdrikkingslag. Zappa og ein kvinneleg ven spelte inn ein falsk erotisk episode. Då Zappa skulle gje frå seg lydbandet vart han arrestert og politiet tok med seg alle lydbandopptak frå studio.[39] Pressa var tipsa på førehand og i The Daily Report dagen etter stod det at «Sedelegheitspolitiet tok lydband frå frittsvingande, a-go-go-film og platestudio her fredag og arresterte ein påstått filmprodusent».[40] Zappa vart sikta for «forsøk på å utføre pornografi».[41] Siktinga vart redusert og han vart dømd til seks månader i fengsel for eit mindre lovbrot, der alt utanom ti dagar var betinga.[42] Det korte fengselsopphaldet sette eit permanent merke i Zappa og var hovudårsaka til den anti-autoritære haldninga hans.[43] Zappa mista fleire opptak laga i Studio Z i prosessen, sidan politiet berre gav attende 30 av 80 timar med lydband.[44] Til slutt klarte han ikkje å betale leiga for studioet og vart kasta ut.[45] Zappa klarte å redde nokre av tinga sine før studioet vart rive ned i 1966.[46]
Seint i 1960-åra: The Mothers of Invention |
I 1965 møtte Zappa Ray Collins som bad han ta over som gitarist i eit lokalt R&B-band kalla the Soul Giants etter ein krangel mellom Collins og den opphavlege gitaristen i gruppa.[2] Zappa tok imot tilbodet og tok raskt over leiinga i bandet og rolla som vokalist (sjølv om han aldri såg på seg sjølv som songar[47]). Han overtydde dei andre i bandet om at dei burde spele musikken hans for å auke sjansane om å få platekontrakt.[48] Bandet vart kalla the Mothers, tilfeldigvis på morsdag.[49] Gruppa fekk fleire spelejobbar etter at dei fekk Herb Cohen som manager, og fekk gradvis meir merksemd i det blømande undergrunnsmiljøet i Los Angeles.[50] Tidleg i 1966 vart dei oppdaga av den viktige produsenten Tom Wilson då dei spelte «Trouble Every Day», ein song om Wattsopprøra.[51] Wilson hadde oppnådd stor respekt som produsent for Bob Dylan og Simon & Garfunkel, og var kjend som ein av få afroamerikanarar som arbeidde som produsent for eit stort plateselskap på den tida. Wilson signerte kontrakt med The Mothers til Verve, ein etikett under MGM, som hadde bygd eit sterkt rykte for å gje ut moderne jazzinnspelingar i 1940- og 1950-åra, men som no prøvde å nå ut til pop- og rockepublikumet. Verve insisterte på at bandet offisielt måtte kalle seg sjølv The Mothers of Invention sidan Mother var ei forkorting for motherfucker—eit uttrykk, som i tillegg til eit bannord kunne syne til ein dugande musikar.[52]
1966: Debutalbum: Freak Out! |
Med Wilson som produsent spelte The Mothers of Invention, i lag med eit studioorkester, inn det banebrytande Freak Out! (1966) som, etter Bob Dylan sitt Blonde on Blonde, vart det andre dobbeltalbumet med rock som nokon gong var gjeve ut. Her blanda dei R&B, doo-wop, musique concrète,[53] og eksperimentelle lydmontasjar som fanga «freak»-kulturen i Los Angeles på den tida.[54] Sjølv om han var misnøgd med det endelege resultatet, sette Freak Out Zappa på kartet som ei radikal ny stemme i rocken, og skapte ei motgift til «den harde forbrukarkulturen i Amerika».[55] Stilen var rå, men arrangementa sofistikerte. Då dei var i studio var somme av dei innleigde studiomusikarane sjokkerte over at dei var venta å lese notar på eit ark med akkordkart medan Zappa dirigerte dei, sidan dette ikkje var vanleg når dei spelte inn rockemusikk.[56] Teksten prisa avvikande oppførsel, talte nedlatande om styresmakter og hadde dadaistiske element. Likevel var det plass for tilsynelatande vanlege kjærleikslåtar.[57] Dei fleste komposisjonane var laga av Zappa, og sette standarden for resten av platekarrieren hans. Han hadde full kontroll over arrangement og dei musikalske avgjerslene og gjorde dei fleste overdubbane sjølv. Wilson bidrog med innverknaden sin og kontaktane sine og klarte å skaffe gruppa den økonomiske støtta dei trengde.[58] Sjølv om Wilson klarte å gje Zappa og the Mothers uvanleg stor kunstnarisk fridom for denne tida, gjekk ikkje innspelinga heilt som planlagt. I eit radiointervju i 1967 forklarte Zappa at det underlege 11 minuttar lange avsluttingssporet, «Return of the Son of Monster Magnet» i røynda var eit uferdig stykke. Sporet (slik det er på albumet) vart laga for å vere akkompagnement for eit langt meir komplekst verk, men MGM nekta å gje Zappa meir studiotid for å gjere det ferdig, så, til stor ergring for Zappa, vart det gjeve ut uferdig.[59]
Under innspelinga av Freak Out! flytta Zappa inn i eit hus i Laurel Canyon med venen Pamela Zarubica, som er med på albumet.[56] Huset vart ein møtestad (og bustad) for mange musikarar og groupier i LA, trass i at Zappa var i mot den ulovlege dopbruken deira.[60] Etter ein kort turné for å marknadsføre Freak Out!, møtte Zappa Adelaide Gail Sloatman. Han vart forelska på «få minutt» og ho flytta inn i huset i løpet av sommaren.[48] Dei gifta seg i 1967, fekk fire barn og var saman til Zappa døydde.
Wilson produserte på papiret det andre albumet til The Mothers, Absolutely Free (1967), som vart spelt inn i november 1966, og seinare miksa i New York, sjølv om det var Zappa som i røynda hadde kontroll over dei fleste fasane av produksjonen. Det inneheld lange stykke spelt av The Mothers of Invention og fokuserte på songar som definerte komposisjonsstilen til Zappa med å innføre brå, rytmiske skifte i songane som var bygd opp av forskjellige element.[61] Døme er «Plastic People» og «Brown Shoes Don't Make It», med tekst som er kritisk til hykleriet og konformiteten i det amerikanske samfunnet, men òg motkulturen i 1960-åra.[62] Som Zappa sa «Me er satirikarar, og me lagar satire av alt.»[63] Samstundes hadde Zappa spelt inn materiale for eit album med orkester som vart gjeve ut under hans eige namn, Lumpy Gravy, gjeve ut av Capitol Records i 1967. På grunn av kontraktproblem vart albumet trekt attende. Zappa nytta høvet til å radikalt omstrukturere innhaldet og la til nyinnspelt, improvisert dialog. Då kontraktproblema var fiksa, vart albumet gjeve ut av Verve i 1968.[64] Det er eit «vanvittig ambisiøst musikalsk prosjekt»,[65] eit «monument for John Cage»,[66] som samanflettar orkestertema, dialog og elektronisk støy via radikale lydteknikkar.[67][68]
1966–68: New York-tida |
The Mothers of Invention spelte i New York seint i 1966 og fekk tilbod om å spele ved Garrick Theater i påsken 1967. Dette vart ein suksess og Herb Cohen sørgde for at dei fekk fortsetje å spele her, noko dei kom til å gjere eit halvt år.[69] Zappa og kona flytta derfor i lag med The Mothers of Invention til New York.[64] Konsertane deira vart ein kombinasjon av improviserte spel der kvart medlem i bandet fekk vise seg fram, i tillegg til presise framføringar av musikken til Zappa. Alt var regissert av dei kjende handsignala til Zappa.[70] Det var vanleg med gjesteartistar og at publikummarar fekk delta på showa på Garrick Theater. Ein kveld klarte Zappa å lokke nokre amerikanske marinesoldatar opp på scenen, der dei lemlsta ei stor babydokke, etter at Zappa hadde bede dei late som om det var ein «gook baby» (gook tilsvarar «guling» på norsk).[71]
Medan dei var i New York, berre avbroten av den første turneen deira i Europa, spelte The Mothers of Invention inn albumet som vart rekna som høgdepunktet deira i 1960-åra, We're Only in It for the Money (kom ut i 1968).[72] Det var produsert av Zappa, med Wilson som leiande produsent. Frå då av produserte Zappa alle utgjevingane til The Mothers of Invention og soloplatene sine. We're Only in It for the Money vart laga med nokre dei mest kreative lydklipping- og produksjonsteknikkane som til då var høyrt i popmusikk, og inneheldt satiriske songar om hippie- og flower power-fenomenet.[73] Plateomslaget var ein parodi på The Beatles-albumet Sgt Pepper's Lonely Hearts Club Band.[74] Plateomslaget vart laga av Cal Schenkel som Zappa møtte i New York. Dette var starten på eit livslangt samarbeid og Schenkel laga plateomslaga til mange Zappa og Moters-album.[75]
Det neste albumet, Cruising with Ruben & the Jets (1968), var med på å syne den særs vide musikksmaken til Zappa og var særs forskjellig. Det var ei samling av doo-wop-songar. Lyttarane og kritikarane var ikkje sikre på om albumet var satire eller ein hyllest.[76] Zappa har sagt at albumet kom til på same måte som komposisjonane til Stravinski i den ny-klassiske perioden hans: «Om han kunne ta former og klisjear frå den klassiske tida og forvrenge dei, kvifor ikkje gjere det same med doo-wop frå femtitalet?»[77] Eit tema frå Stravinsky sin Vårofferet kan høyrast i ein av songane.
I New York nytta Zappa i aukande grad lydbandklipping som eit musikalsk verktøy.[78] Eit godt døme på dette finn ein på dobbeltalbumet Uncle Meat (1969),[79] der sporet «King Kong» er redigert frå forskjellige studio- og konsertopptak. Zappa hadde byrja å ta opp konsertane sine på lydband regelmessig,[80] og fordi han insisterte på at bandet skulle spele med perfekt stemde instrument og presis timing, kunne han bruke konsertopptaka i studioproduksjonen og omvendt.[81] Seinare kombinerte han innspelingar av forskjellige komposisjonar til nye stykke, uavhengig av tempoet og takten til dei opphavlege opptaka. Han kalla denne prosessen «xenokroni» (rar synkronisering[82])—som syner til det greske ordet «xeno» (framand eller rar) og «krono» (tid).[81] Zappa utvikla òg ein komposisjonsteknikk han kalla «omgrepsmessig kontinuitet», som tydde at alle prosjekt eller album var ein del av eit større prosjekt. Alt var knytt saman, og musikalske tema og tekstar dukka ofte opp att i ei anna form på eit seinare album. Spor etter omgrepsmessig kontinuitet finn ein gjennom heile karrieren til Zappa.[17][78]
Seint i 1960-åra heldt Zappa fram med å utvikle business-sida av karrieren sin. Han og Herb Cohen skipa Bizarre Records og Straight Records, som vart distribuert av Warner Bros. Records, slik at han kunne finansiere prosjekt og få aukande kunstnarisk kontroll. Zappa produserte dobbeltalbumet Trout Mask Replica for Captain Beefheart, og utgjevingar av Alice Cooper, Wild Man Fischer og The GTOs, i tillegg til den siste konsertframføringa til Lenny Bruce.[83]
I 1967 og 1968 spelte Zappa to gonger med The Monkees. Den første var i ein epsiode av fjernsynsserien «The Monkees Blow Their Minds» der han speler Mike Nesmith og Nesmith speler han. Zappa øydelegg ein bil medan «Mother People» spelar. Han dukka seinare opp som seg sjølv i The Monkees-filmen Head, der han fører ei ku og fortel Davy Jones «the youth of America depends on you to show them the way.» Zappa hadde respekt for det The Monkees gjorde og tilbaud Micky Dolenz ein plass i The Mothers. RCA/Columbia/Colgems ville derimot ikkje sleppe Dolenz frå kontrakten sin.[84]
1969: Oppløysinga av det originale Mothers of Invention |
Zappa og The Mothers of Invention reiste attende til Los Angeles sommaren 1968, og Zappa flytta inn i eit hus i Laurel Canyon Boulevard, men flytta alt om hausten til Woodrow Wilson Drive.[85] Dette vart heimen til Zappa resten av livet hans. Trass i at dei hadde suksess i Europa, gjekk det dårleg med The Mothers of Invention økonomisk sett.[86] Dei første platene deira var basert på vokal, men Zappa skreiv meir instrumental jazz og klassisk-orientert musikk for konsertane til bandet, noko som forvirra publikum. Zappa følte at publikum ikkje klarte å verdsetje hans «elektriske kammermusikk».[87][88]
I 1969 var det ni bandmedlemmar og Zappa gav frå honorara sine løn frå si eiga lomme til bandmedlemmane anten dei spelte eller ikkje.[86] 1969 var òg året Zappa, som var lei av innblandinga til MGM, forlet MGM Records til fordel for Warner Bros. Records sitt Reprise Records der Zappa/Mothers-innspelingane fekk etiketten Bizarre Records.
Seint i 1969 avslutta Zappa bandet. Han sa ofte at det var av økonomiske årsaker,[89] men har òg sagt at det kom av at medlemmane ikkje la ned hard nok innsats.[90] Mange av bandmedlemmane var bitre på avgjersla til Zappa og somme tok det som eit teikn på at Zappa brydde seg meir om perfeksjon enn om menneskelege kjensler.[88] Andre var irriterte på den diktatoriske haldninga hans,[58] som til dømes kom til syne ved at Zappa aldri budde på det same hotellet som resten av bandet.[91] Fleire av medlemmane heldt likevel fram med å spele for Zappa i åra som kom. Attverande innspelingar med bandet frå denne perioden vart samla på Weasels Ripped My Flesh og Burnt Weeny Sandwich (begge kom i 1970).
Etter at han avslutta The Mothers of Invention gav Zappa ut det lovprisa soloalbumet Hot Rats (1969).[92][93] Det inneheld mellom anna for første gong på plate Zappa som spelar lange gitarsoloar og ein av dei mest varige komposisjonane hans, «Peaches en Regalia», som dukka opp fleire gonger seinare på framtidige innspelingar.[94] Det var akkompagnert av jazz-, blues- og R&B-musikarar, som fiolinisten Don «Sugarcane» Harris, trommeslagarane John Guerin og Paul Humphrey, multi-instrumentalisten og tidlegare medlem i Mothers of Invention Ian Underwood, og multi-instrumentalisten Shuggie Otis på bass, i lag med gjesteartistar som Captain Beefheart (vokal på den einaste ikkje-instrumentale sporet, «Willie the Pimp»). Albumet vart særleg populært i England,[95] og hadde ein stor innverknad på utviklinga av jazzfusion-sjangeren.[94][93]
1970-åra: Frå The Mothers til Zappa |
I 1970 møtte Zappa dirigenten Zubin Mehta. Dei arrangerte ein konsert i mai 1970 der Mehta dirigerte Los Angeles Philharmonic i lag med eit rockeband. I følgje Zappa var musikken hovudsakleg skriven på motelrom medan han var på turne med The Mothers of Invention. Noko av konserten vart seinare teken med i filmen 200 Motels.[95] Sjølv om konserten vart ein suksess, hadde ikkje Zappa ei kjekk oppleving med å arbeide med eit symfoniorkester.[77] Misnøyen hans vart eit gjennomgåande tema gjennom karrieren hans, og han følte at kvaliteten på framføringa til orkestra ikkje samsvarte med pengane han hadde brukt på orkesterkonsertar og innspelingar.[96]
1970: The Mothers igjen og filmskaping |
Seinare i 1970 danna Zappa ein ny versjon av The Mothers (frå då av nytta han sjeldan «of Invention»). Med i bandet var den britiske trommeslagaren Aynsley Dunbar, jazz-klaverspelaren George Duke, Ian Underwood, Jeff Simmons (bass, rytmegitar), og tre medlemmar frå The Turtles: bassisten Jim Pons og songarane Mark Volman og Howard Kaylan, som på grunn av stadige kontraktproblem nytta scenenamnet «The Phlorescent Leech and Eddie», eller «Flo & Eddie».[97]
Denne versjonen av The Mothers debuterte på det neste soloalbumet til Zappa, Chunga's Revenge (1970),[98] som vart følgd opp av det doble filmmusikkalbumet til filmen 200 Motels (1971), med The Mothers, The Royal Philharmonic Orchestra, Ringo Starr, Theodore Bikel og Keith Moon. Filmen var regissert av Zappa og Tony Palmer, og vart filma i løpet av ei veke ved Pinewood Studios utanfor London.[99] Gnissingar mellom Zappa og fleire av skodespelarane og mannskapet oppstod både før og under innspelinga.[99] Filmen handlar sånn halvegs om turnelivet som rockemusikar.[100] Det var den første filmen som vart fotografert på videoband og så overført til 35 mm-film, ein prosess som gjorde at ein kunne bruke uvanlege visuelle effektar.[101] Filmen kom ut og fekk middels kritikk.[102] Musikken til filmen var hovudsakleg orkestermusikk og Zappa vart stadig meir misnøgd med den klassiske musikkverda då ein konsert, som skulle haldast ved Royal Albert Hall etter filminga, vart kansellert fordi ein representant ved konserthallen fann tekstane obskøne. I 1975 tapte han eit søksmål mot Royal Albert Hall for kontraktsbrot.[103]
Etter 200 Motels drog bandet på turné, noko som førte til to konsertalbum, Fillmore East - June 1971 og Just Another Band From L.A.. Sistnemnde inneheld den 20 minuttar lange «Billy the Mountain», ein satirisk rockeopera av Zappa sett til Sør-California. Dette sporet representerte den teatralske framføringa til bandet der songane vart nytta til å byggje opp skisser basert på scener frå 200 Motels, i tillegg til nye situasjonar som ofte handla om seksuelle møte bandet hadde hatt på turneen.[104][105]
1971–72: Ulukke, angrep og etterverknadane |
I desember 1971 skjedde det to alvorlege tilbakesteg. Medan dei spelte i Casino de Montreux i Sveits vart utstyret til The Mothers øydelagd då eit bluss avfyrt av eit publikumsmedlem starta ein brann som førte til at heile casionet brann ned.[106] Denne hendinga er udøydeleggjort i Deep Purple-song «Smoke on the Water». Hendinga og det som skjedde like etter kan høyrast på piratkopialbumet Swiss Cheese/Fire, som vart gjeven ut av Zappa sjølv som Beat the Boots II. Etter ei veke pause spelte The Mothers ved Rainbow Theatre i London, med lånt utstyr. Under ekstranummeret skubba eit publikumsmedlem Zappa ned frå scenen og ned i den betongdekte orkestergrava. Bandet trudde Zappa hadde omkomme. Han pådrog seg alvorlege brot, kranietraume og skadar i ryggen, føtene og nakken, i tillegg til knust strupehovud, noko som gjorde at stemma hans vart ein ters djupare då han vart frisk att.[106] Ulukka gjorde at han måtte bruke rullestol i ein lengre periode og tvang han vekk frå turnélivet i over eit halvt år. Då han kom attende til scenen i september 1972, hadde han framleis på ei skinne på foten, han halta, og kunne ikkje stå på scenen for lenge om gangen. Zappa merka at eine foten vart «kortare enn den andre» (noko han referer til i dei seinare songane «Zomby Woof» og «Dancin' Fool»), og dette førte igjen til kroniske ryggsmerter.[106] Samstundes måtte The Mothers vente og danna etter kvart kjernen i bandet til Flo and Eddie, som drog ut på turné på eigahand.
I 1971-1972 gav Zappa ut to sterkt jazz-orienterte soloplater, Waka/Jawaka og The Grand Wazoo, som vart spelt inn medan Zappa kom seg etter ulukka ved hjelp av studiomusikarar og medlemmar frå Mothers.[107] Musikalsk var albuma i slekt med Hot Rats.[108] Zappa byrja å turnere att seint i 1972.[108] Han spelte ei rekkje konsertar i september 1972 med eit 20 mann stort storband, som vart kalla the Grand Wazoo. Dette vart etterfølgd av ein nedskalert versjon kalla the Petit Wazoo og som turnerte i USA i fem veker frå oktober til desember 1972.[109]
1973–75: Topp 10-album |
Zappa danna så og turnerte med mindre grupper som til forskjellige tider bestod av Ian Underwood (blåseinstrument, klaverinstrument), Ruth Underwood (vibrafon, marimba), Sal Marquez (trompet, vokal), Napoleon Murphy Brock (saksofon, fløyte og vokal), Bruce Fowler (trombone), Tom Fowler (bass), Chester Thompson (trommer), Ralph Humphrey (trommer), George Duke (klaverinstrument, vokal), og Jean-Luc Ponty (fiolin).
I 1973 vart selskapa Bizarre og Straight lagt ned. I staden skapte Zappa og Cohen DiscReet Records, som òg vart distribuert av Warner Bros.[110] Zappa heldt fram å produsere plater i stort tempo og gjennom første halvdelen av 1970-åra omfatta dette soloalbumet Apostrophe (') (1974), som nådde 10. plassen på Billboard-lista, den høgaste plasseringa Zappa oppnådde i heimlandet[111] godt hjelpt av hitsingelen «Don't Eat The Yellow Snow».[112] Andre album frå denne perioden er Over-Nite Sensation (1973), som inneheld fleire framtidige konsertfavorittar, som «Dinah-Moe Humm» og «Montana», og albuma Roxy & Elsewhere (1974) og One Size Fits All (1975) med stadig nye utgåver av bandet som framleis kalla seg The Mothers. Albuma er kjend for særs presise framføringar av særs vanskelege jazzfusion-songar som «Inca Roads», «Echidna's Arf (Of You)» og «Be-Bop Tango (Of the Old Jazzmen's Church)».[113] Eit konsertopptak frå 1974, You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2 (1988), fanga «den heile anda og dugleiken til bandet».[113] Zappa gav ut Bongo Fury (1975), med konsertopptak frå ein turne same året, der han igjen spelte med Captain Beefheart ein kort periode.[114] Det vart seinare lite kontakt mellom dei to, før i åra like før Zappa døydde.[115]
1976–79: Turnear og slutt på føretak |
Zappa sa opp manageren Herb Cohen i 1976. Zappa saksøkte Cohen for å ha teke meir enn han hadde løyve til frå DiscReet Records, i tillegg til å signere artistar som Zappa ikkje hadde godkjend.[116] Cohen saksøkte Zappa i retur, noko som fraus pengane Zappa og Cohen hadde fått frå eit forlik med MGM over rettane til tidlege innspelingar av Mothers of Invention. Det hindra òg Zappa tilgang til det tidlegare innspelte materialet sitt medan rettsaka varte. Zappa tok derfor dei personlege masterbanda av det meir rocka Zoot Allures (1976) rett til Warner Bros., og gjekk utanom DiscReet.[117]
Midt i 1970-åra førebudde Zappa songar for Läther, eit album på fire LP-plater. Läther omfatta alle musikkstilane til Zappa med rock, orkesterverk, komplekse instrumentalar og dei forvrengde gitarsoloane til Zappa som var varemerket hans. Warner Bros. ønskte derimot ikkje å gje ut ei kvadruppelplate.[118] Zappa klarte å få til ein avtale med Phonogram, og testplater vart laga med mål om ei utgjeving kring Halloween 1977, men Warner Bros. hindra utgjevinga og hevda dei hadde rettane til songane.[119] Zappa svarte med å dukke opp på radiostasjonen KROQ i Pasadena i California, og fekk dei til å sende heile Läther medan Zappa oppfordra lyttarane til å lage sine eigne piratkopiar.[120] Warner Bros. saksøkte då Zappa og Zappa fekk ikkje gje ut noko meir musikk på over eitt år. Etter kvart gav Warner Bros. ut forskjellige versjonar av songane frå Läther i 1978 og 1979 som fire individuelle album (fem heile LP-plater) med avgrensa marknadsføring.[121] Då musikken først kom ut på CD i 1991, valte Zappa å gje ut dei fire eksisterande albuma på nytt. Läther vart først gjeven ut posthumt i 1996.[122]
Sjølv om Zappa etter kvart fekk rettane til alt materialet han skapte under MGM og Warner Bros.,[123] gjorde dei forskjellige søksmåla at Zappa i ein periode berre tente pengar på turnering, noko han derfor gjorde særs mykje i 1975-1977, med eit relativt lite, hovudsakleg rockeorientert band.[119] Trommeslagaren Terry Bozzio vart eit fast bandmedlem, Napoleon Murphy Brock var med ei stund og den opphavlege Mothers of Invention-bassisten Roy Estrada vart med. Blant dei andre musikarane var bassisten Patrick O'Hearn, songaren og gitaristen Ray White og klaverspelaren/fiolinisten Eddie Jobson. I desember 1976 var Zappa med som musikalsk gjest på NBC-showet Saturday Night Live.[124] Zappa-songen «I'm the Slime» vart framført med ei kommentatorstemme av SNL-annonsøren Don Pardo, som òg introduserte «Peaches En Regalia» på same showet. I 1978 var Zappa både vert og musikalsk innslag i showet, og skodespelar i forskjellige sketsjar. Mellom anna improviserte han i lag med John Belushi på instrumentalstykket «The Purple Lagoon». Belushi spelte tenorsaksfon som rollefiguren hans Samurai Futaba medan Zappa dirigerte.[125]
Ruth Underwood og ei blåserekkje (med Michael og Randy Brecker) var med i bandet til Zappa og spelte i jula i New York, og innspelingar frå konserten finst på eit av albuma Warner Bros. valte ut frå Läther-prosjektet, Zappa in New York (1978). Han blanda intense instrumentalar som «The Black Page» og komiske songar som «Titties and Beer».[126] Førstnemnte var opphavleg skriven for trommer, men seinare utvikla vidare for større band, og var kjend for den komplisert rytmiske strukturen og korte, tett arrangerte passasjar.[127][128]
Zappa in New York inneheld ein song om sexlovbrytaren Michael H. Kenyon, «The Illinois Enema Bandit», der Don Pardo snakkar i byrjinga av songen. Som så mange songar på albumet, inneheld han mange seksuelle referansar,[126] og mange kritikarar protesterte og følte seg støytt av innhaldet.[129] Zappa avviste kritikken og sa at han var ein journalist som rapporterte frå livet slik han såg det.[130] Dette var før den seinare kampen hans mot sensur og han sa: «Kva tenkjer du om eit samfunn som er så primitivt at det klynger seg til tanken om at visse ord i språket er så mektige at dei vil forderve deg i augneblinken du høyrer dei?»[47] Dei gjenverande albuma som Warner Bros. Records gav ut utan løyve frå Zappa var Studio Tan i 1978 og Sleep Dirt i 1979, som inneheld kompliserte satsar av instrumentale melodiar spelt inn mellom 1973 og 1976, og som vart oversett i midten av søksmåla.[131] I tillegg gav selskapet ut, igjen uten løyve frå Zappa, Orchestral Favorites i 1979, som inneheld innspelingar frå ein konsert med orkestermusikk frå 1975.
1979: Zappa som sjølvstendig artist |
Etter å ha kome ut av søksmåla med suksess, enda Zappa 1970-åra «sterkare enn nokon gong før»,[132] ved å gje ut dei to mest suksessrike albuma sine i 1979: det mestseljande albumet i karrieren hans, Sheik Yerbouti,[133] og «det verkeleg meisterverket»,[132]Joe's Garage.[134] Dobbeltalbumet Sheik Yerbouti var det første som kom ut på Zappa Records, og inneheld den Grammy-nominerte singelen «Dancin' Fool», som nådde 45. plass på Billboard-lista,[135] og «Jewish Princess», som fekk merksemd då ei jødisk gruppe, Anti-Defamation League (ADL), prøvde å hindre at songen vart spelt på radio på grunn av påstått antisemittisme.[130] Zappa gjekk kraftig i mot ADL og avfeidde dei som «ein støyskapande organisasjon som prøver å utøve press på folk for å oppretthalde eit stereotypisk bilete av jødar som høver til ideen deira om å ha det kjekt».[136] Den kommersielle suksessen til albumet kom delvis av «Bobby Brown». På grunn av den eksplisitte teksten om ein ung mann sitt møte med «a dyke by the name of Freddie» («ei lesbe som heitte Freddie»), vart ikkje songen spelt på radio i USA, men toppa listene i fleire europeiske land der engelsk ikkje er morsmålet.[137] Trippelalbumet Joe's Garage, med songaren Ike Willis som stemma til karakteren «Joe», er ein rockeopera om farane i politiske system,[132] undertrykkinga av ytringsfridom og musikk—delvis inspirert av den islamske revolusjonen som hadde gjort musikk ulovleg på den tida[138]—og om «det merkelege forholdet amerikanarar har til sex og seksuell openheit».[132] Albumet inneheld rockesongar som «Catholic Girls» (eit svar på tiltale til kontroversane kring «Jewish Princess»),[139] «Lucille Has Messed My Mind Up», og tittelsporet, i tillegg til lange gitarimprovisasjonar akkompagnert av studiomusikarar dominert av trommeslagaren Vinnie Colaiuta[140] som nytta xenokroni-prosessen. Albumet inneheld ein av dei mest kjende gitarsoloane til Zappa, «signaturstykket» hans, «Watermelon in Easter Hay».[20][141]
Den 21. desember 1979 hadde Zappa-filmen Baby Snakes premiere i New York. Slagordet til filmen var «Ein film om folk som gjer ting som ikkje er normalt».[142] Den 2 timar og 40 minuttar lange filmen var basert på filmopptak frå konsertar i New York kring Halloween 1977, med eit band som bestod av klaverspelaren Tommy Mars og perkusjonisten Ed Mann (som begge var med på seinare turnear) i tillegg til gitaristen Adrian Belew. Han inneheld òg uvanlege sekvensar med leiranimasjon av Bruce Bickford som tidlegare hadde laga animasjonar for Zappa på ein fjernsynsspesial i 1974 (som kom ut på video i 1982 som The Dub Room Special).[143] Filmen selde heller dårleg,[144] men vann Premier Grand Prix ved First International Music Festival i Paris i 1981.[143]
Zappa deltok seinare i fleire fjernsynsprogram. Han var skodespelar eller stemmeskodespelar i episodar av Shelley Duvall's Faerie Tale Theatre,[145]Miami Vice[146] og The Ren and Stimpy Show.[145] Ei stemmerolle i The Simpsons kom aldri til, til stor skuffelse for skaparen Matt Groening, som var nabo med Zappa og stor fan.[147]
1980-åra: Produktiv som aldri før |
I 1980 kutta Zappa banda til Mercury Records etter at selskapet nekta å gje ut songen «I Don't Wanna Get Drafted».[148] Han vart plukka opp av CBS Records og gjeven ut på selskapet til Zappa i Nord-Amerika og CBS internasjonalt.[149] Etter å ha vore det meste av 1980 på turné, gav Zappa ut Tinsel Town Rebellion i 1981. Det var den første utgjevinga hans på hans eige Barking Pumpkin Records,[150] og inneheld songar frå ein turné i 1979, eit studioopptak og songar frå turneen i 1980. Albumet er ei blanding av kompliserte instrumentalar og sprechstimme (talande song eller stemme) av Zappa , ein komposisjonsteknikk nytta av komponistar som Arnold Schoenberg og Alban Berg—og synte fram nokre av dei mest dugande banda Zappa nokon gong hadde (hovudsakleg med trommeslagaren Vinnie Colaiuta).[150] Somme av tekstane skapte framleis blest hos kritikarane, hovudsakleg fordi dei fann somme av dei mannssjåvinistisk,[151] og den politiske og samfunnsmessige satiren i songar som tittelsporet og «The Blue Light» har blitt skildra som «festlig kritikk av korleis amerikanarar er villige til å tru på kva som helst».[152] Albumet er òg kjend for at gitaristen Steve Vai spelar på det. Han vart med i turnebandet til Zappa hausten 1980.[153]
Det same året kom dobbeltalbumet You Are What You Is. Det meste av albumet vart spelt inn i Zappa sitt heilt nye Utility Muffin Research Kitchen (UMRK) studio, som han hadde heime i huset sitt,[81] og dermed gav han fullstendig fridom til å arbeide slik han sjølv ønskte.[154] Albumet inneheld ein kompleks instrumental, «Theme from the 3rd Movement of Sinister Footwear», men fokuserte hovudsakleg på rockesongar med spotske samfunnskommentar, satiriske tekstar retta mot tenåringar, media, og religiøs og politisk hykleri.[155] «Dumb All Over» er ein tirade mot religion, og det same er «Heavenly Bank Account», der Zappa rasar mot TV-evangelistar som Jerry Falwell og Pat Robertson for den påståtte innverknaden deira på den amerikanske regjeringa, i tillegg til at dei nytta religion som eit middel til å skaffe seg pengar.[156] Songar som «Society Pages» og «I'm a Beautiful Guy» syner misnøyen til Zappa med Reagan-tida og «den uanstendige jakten på rikdom og lukke».[156]
I 1981 gav Zappa ut tre instrumentalalbum, Shut Up 'N Play Yer Guitar, Shut Up 'N Play Yer Guitar Some More og The Return of the Son of Shut Up 'N Play Yer Guitar, som opphavleg vart seld via postordre, men seinare gjeven ut på CBS etter at etterspurnaden vart stor.[157] Albuma fokuserer berre på Frank Zappa sine gitarsoloar, og spora er hovudsakleg spelt inn på konsertar i 1979 og 1980. Dei syner improvisasjonen til Zappa blanda med «vakre framføringar frå akkompagnementet i tillegg».[158] Eit anna gitaralbum, Guitar, kom ut i 1988, og eit tredje, Trance-Fusion, som Zappa gjorde ferdig kort tid før han døydde, kom ut i 2006.
Frå hitsingel til klassiske framføringar |
I mai 1982 gav Zappa ut Ship Arriving Too Late to Save a Drowning Witch, som inneheld den største bestseljaren hans nokon gong, den Grammynominerte songen «Valley Girl» (og nådde 32. plass på Billboard-lista).[135] Dottera til Zappa, Moon Unit improviserer teksten og gjer narr av den den flyktige talen til tenåringsjenter frå San Fernando Valley, og populariserte mange «Valspeak»-uttrykk som «gag me with a spoon», «fer sure, fer sure», «grody» og «barf out».[159] Dei fleste amerikanarane kjende berre Zappa frå nokre få hitsinglar og tenkte på han som ein person som skreiv humoristiske songar, sjølv om resten av albumet inneheld særs utfordrande musikk.[160] Zappa var irritert på dette[161] og spelte derfor aldri songen på konsertane sine.[160]
I 1983 realiserte han to prosjekt, først The Man from Utopia, eit rockeorienterte ablum. Albumet er variert og inneheld dei songbaserte «Dangerous Kitchen» og «The Jazz Discharge Party Hats», som begge held fram sprechstimme-stilen frå Tinseltown Rebellion. Det andre albumet, London Symphony Orchestra, Vol. 1, inneheld orkestermusikk av Zappa dirigert av Kent Nagano og framført av London Symphony Orchestra (LSO). Ei anna plate frå desse innspelingane, London Symphony Orchestra, Vol. 2 kom ut i 1987. Materialet vart spelt inn med dårleg tid og betalt fullt og heilt av Zappa sjølv ved hjelp av pengane han tente på suksessen med «Valley Girl».[162] Zappa var ikkje nøgd med LSO-innspelingane. Ei av årsakene er «Strictly Genteel», som vart spelt inn etter trompetseksjonen hadde vore ute og hatt seg nokre drinkar i ein pause. Det måtte 40 klipp til for å ta ut ustemde notar.[162] Dirigenten Nagano, som var nøgd med opplevinga, sa at «til forsvar for orkesteret, så er musikken i det heile særs, særs vanskeleg».[163] Somme kritikarar merka seg at innspelingane var dei som best representerte orkesterverka til Zappa så langt.[164] I 1984 slo Zappa seg igjen i lag med Nagano og Berkeley Symphony Orchestra[165] for ei konsertframføring av A Zappa Affair med utvida orkester, menneskestore dukker og rørlege kulissar. Sjølv om kritkarane likte verket, var det økonomisk mislukka, og berre framført to gonger. Zappa vart invitert av konferanseplangleggaren Thomas Wells til å vere hovudtalar ved American Society of University Composers ved Ohio State University. Det var der Zappa heldt sin kjende «Bingo! There Goes Your Tenure»-tale,[166]og fekk to av orkesterstykka sine, «Dupree's Paradise» og «Naval Aviation in Art?» framført av Columbus Symphony og ProMusica Chamber Orchestra frå Columbus.[167][168]
Synclavier |
I resten av karrieren sin brukte Zappa mykje Synclavier i arbeidet sitt, både for å skrive songar og for å framføre dei. Når ein tenkjer på kompleksiteten i musikken han skreiv, kunne Synclavieren realisere alt han kunne kome opp med.[169] Synclavieren kunne programmerast til å spele kva som helst, heilt perfekt: «Med Synclavieren, kan ein få alle slags instrument til å spele dei vanskelegaste passasjane ... med eit millisekunds nøysemd kvar gong».[169] Sjølv om han i røynda ikkje trengde musikarar lenger,[170] såg Zappa på Synclavier og verkelege musikarar som to forskjellige ting.[169] I 1984 gav han ut fire album. Boulez Conducts Zappa: The Perfect Stranger, som inneheld orkesterverk bestilt og dirigert av den verdskjende dirigenten Pierre Boulez (som var oppført som ei inspirasjonskjelde på Freak Out!) og framført av hans Ensemble InterContemporain, side om side med dei første Synclavier-stykka hans. Igjen var ikkje Zappa nøgd med framføringa av orkesterverka sidan han meinte dei ikkje hadde øvd nok, men i teksten på omslaget takka han respektfullt Boulez sitt krav til presisjon.[171] Synclavier-stykka stod i kontrast til orkesterverka, sidan lydane var skapt elektronisk og ikkje sampla, slik ein kunne kort tid etter.
Albumet Thing-Fish var eit ambisiøst trippelalbum laga som ein Broadway-musikal som omhandlar eit dystopisk «kva om»-scenario som omfattar feminisme, homoseksualitet, produksjon og distribusjon av AIDS-viruset og eit rasehygieneprogram styrt av dei amerikanske styresmaktene.[172] Ny vokal vart kombinert med tidlegare utgjevne songar og ny Synclavier-musikk; «verket er eit er eit ekstraordinært døme på bricolage».[173] Det siste albumet Zappa gav ut i 1984 var Francesco Zappa, ei Synclavier-utgåve av verk frå 1700-talskomponisten Francesco Zappa (ingen kjende slektskap), og Them or Us, eit dobbeltalbum med redigerte konsert- og studioopptak.
Digitalt medium og den siste turneen |
Kring 1986 byrja Zappa på eit omfattande prosjekt med å gje ut dei tidlegare vinylplatene sine på ny.[174] Han såg personleg etter nymastringa av alle platene frå 1960-åra til byrjinga av 1980-åra for det nye digitale CD-mediet.[175] Visse aspekt av desse nyutgjevingane vart kritiserte av somme tilhengjarar for å vere utru mot dei originale innspelingane.[176] Nesten 20 år før musikk vart tilgjengeleg på nett, føreslo Zappa å erstatta «grammofonplatehandel» av musikk med «direkte digital-til-digital-overføring» gjennom telefon eller kabel-TV (med royaltybetaling og forbrukarbetaling automatisk bygd inn i programvaren).[177] I 1989 rekna Zappa ideen sin som ein «elendig flopp».[177]
Albumet Jazz from Hell, som kom ut i 1986, gav Zappa den første Grammyprisen hans i 1987 for beste rockeinstrumental. Utanom ein live gitarsolo («St. Etienne»), vart albumet berre spelt inn med Synclavier. Sjølv om det er eit instrumentalt album, utan noko tekst i det heile, selde Meyer Music Markets Jazz from Hell med eit «explicit lyrics»-merke på omslaget.[178]
Den siste turneen til Zappa i eit rock- og jazzbandformat fann stad i 1988 med eit 12 mann stort band, som hadde eit repertoar på over 100 (hovudsakleg Zappa sine) songar. Bandet gjekk kvar sin veg undre bitre omstende før turneen var over.[179] Turneen vart dokumentert på platene Broadway the Hard Way (nye songar med mykje politisk innhald), The Best Band You Never Heard in Your Life (Zappa «standardar» og eit utval av coversongar, frå Maurice Ravel sin Boléro til Led Zeppelin sin «Stairway to Heaven») og Make a Jazz Noise Here. Delar vart òg gjeve ut på You Can't Do That on Stage Anymore, volum 4 og 6.
1990-åra: Klassisk musikk og død |
I 1990 fekk Frank Zappa diagnosen uhelbredleg prostatakreft. Sjukdommen hadde fått utvikla seg umerkeleg i ti år og det var ikkje lenger mogeleg å oprerere.[180] Etter han fekk diagnosen, nytta Zappa det meste av energien sin på moderne orkester- og Synclavier-verk. Kort tid før han døydde i 1993 gjorde han ferdig Civilization, Phaze III, eit stort Synclavier-verk som han hadde byrja på i 1980-åra.[181][182]
I 1991 vart Zappa valt ut til å vere ein av fire utvalte komponistar ved Frankfurt Festival i 1992 (dei andre var John Cage, Karlheinz Stockhausen og Alexander Knaifel).[183] Zappa vart kontakta av det tyske kammerensemblet Ensemble Modern, som ønskte å spele musikken hans for denne hendinga. Sjølv om han var sjuk, inviterte Zappa dei til Los Angeles for øvingar av nye komposisjonar og nye arrangement av eldre materiale.[184]I tillegg til at han var nøgd med framføringa til ensemblet, fekk Zappa òg med seg andre musikarar, og konsertar i Tyskland og Austerrike vart sett for hausten.[184] I september 1992 gjekk konsertane som planlagt, men Zappa kunne berre vere med på dei to som vart spelt i Frankfurt på grunn av sjukdommen. På den første konserten dirigerte han opninga «Overture», og den siste «G-Spot Tornado», i tillegg til den teatralske «Food Gathering in Post-Industrial America, 1992» og «Welcome to the United States» (resten av programmet vart dirigert av den faste dirigenten til ensemblet, Peter Rundel). Zappa fekk ein 20 minuttar ståande ovasjon.[185] Dette vart den siste profesjonelle framferda hans, sidan kreften spreidde seg så mykje at smertene vart for store til at kunne delta ting han elles ville ha funne «oppkvikkande».[185] Innspelingar frå konsertane finst på The Yellow Shark (1993), den siste utgjevinga til Zappa medan han levde. Noko musikk frå studioøvingane finst på det posthume Everything Is Healing Nicely (1999).
Frank Zappa døydde laurdag 4. desember 1993 i heimen sin med kona og borna ved sida si. I ein privat seremoni dagen etter, vart Zappa lagt i ei umerka grav i Westwood Village Memorial Park Cemetery i Los Angeles.[186][187] Måndag 6. desember offentleggjorde familien at «Komponisten Frank Zappa la ut på den siste turneen sin like før kl. 18 laurdag».[188]
Politikk og religion |
Zappa var ateist.[189][190]
Zappa skildra det politiske synet sitt som «praktiserande konservativ», eller «sjølvstendig». Han var for avgrensa styresett og låge skattar. Han var òg for forsvaret, sosialtrygd, og andre statlege program, men berre om mottakarane av slike program var villige til og kunne betale for dei.[191] Han var for kapitalisme, entrepenørskap, og sjølvstendige føretak, og sa at musikarar tente meir på sine eigne føretak enn å samle inn royalty.[192] Han var mot kommunisme og sa «eit system som ikkje tillet eigarskap [...] har, for å sei det mildt, ein alvorleg feil».[191] Somme av songane hans, konsertane, intervjua og dei offentlege debattane i 1980-åra kritiserte og håna republikanarane og politikken deira, president Ronald Reagan, Strategic Defense Initiative (SDI), televangelisme, og den kristne retten, og åtvara den amerikanske regjeringa om at dei var i fare for å verte eit «fascistisk teokrati».[193][194] Zappa uttrykkte meiningane sine om sensur då han var på CNN-programmet Crossfire og debatterte saker med Washington Times-kommentatoren John Lofton i 1986.[194] På plateomslaga sine hadde han alltid oppfordra fansen sin til å stemme, og gjennom 1988 hadde han stemmebodar på konsertane sine.[195] Han vurderte til og med å stille som presidentkandidat for USA.[196]
Zappa brukte ikkje narkotika. Han prøvde cannabis nokre gonger, men likte det aldri, og «brukte aldri LSD, aldri kokain, aldri heroin eller noko av det der.»[197] Zappa sa at «Dop vert ikkje eit problem før personen som nyttar dopet gjer noko med deg, eller gjer noko som vil påverke livet ditt som du ikkje vil skal skje, som at ein pilot styrtar eit fly fordi han var full av dop».[198] Han røykte sigarettar det meste av livet sitt og var sterkt kritisk til antirøykingskampanjar.[199] Sjølv om han var i mot dopbruk, kritiserte han War on Drugs, og samanlikna det med alkoholforbod, og sa at den amerikanske statskassen ville gjere det godt på å avkriminalisere og regulere narkotika.[200] Zappa skildra det filosofiske synet sitt og sa «eg trur folk har rett til å avgjere sin eigen lagnad. Folk eig seg sjølv. Eg trur òg at, i eit demokrati, så finst regjeringar fordi (og berre så lenge som ) individuelle borgarar gjer dei 'mellombels løyve til å eksistere'—i byte mot ein lovnad om at dei vil oppføre seg. I eit demokrati eig du regjeringa, dei eig ikkje deg.»[191]
Tidleg i 1990 vitja Zappa Tsjekkoslovakia etter ein invitasjon frå presidenten Václav Havel, og vart bede om å tene som konsulent for regjeringa for handel, kultur og turisme. Havel var ein stor fan av Zappa, som hadde stor innverknad på avantgarde- og undergrunnsmiljøet i Mellom-Europa i 1970- og 1980-åra (ei tsjekkisk rockegruppe vart fengsla i 1976 og tok namnet sitt frå Zappa-songen «Plastic People» frå 1968).[201] Etter press frå den amerikanske utanriksministeren James Baker, trekte Zappa seg frå stillinga.[202] Havel gjorde Zappa til ein uoffisiell kulturattaché i staden.[203] Zappa planla òg å utvikle eit internasjonalt konsulentbyrå for å fremje handel mellom den tidlegare Austblokka og Vesten.[180]
Vitneforklaring for senatet |
Den 19. september 1985 talte Zappa føre det amerikanske senatet, og gjekk til åtak på Parents Music Resource Center eller PMRC, ein musikkorganisasjon som vart starta av mellom andre Tipper Gore, kona til den dåverande senatoren Al Gore. PMRC bestod av konene til mange politikarar, mellom anna til fem av medlemmane i komiteen Zappa talte for, og vart starta for å sette songar med seksuelt eller satanisk innhald på dagsorden.[204] Zappa såg på aktivitetane deira som eit skritt i retning mot sensur,[205] og kalla forslaget deira om vilkårleg merking av plater med eksplisitt innhald for «utpressing» av musikkindustrien.[206] I den førebudde forklaringa si sa han:
Forslaget til PMRC er eit dårleg gjennomtenkt stykke tull som ikkje klarer å levere nokre faktisk fordelar for barna, som krenkjer dei sivile fridomane til folk som ikkje er barn, og som kjem til å halde domstolane opptekne i årevis medan dei skal bale med dei fortolkande og tvangsfullbyrdande problema som ligg i forslaget. Slik eg forstår lova, så seier First Amendment at ein skal gå for det minst restriktive alternativet. I denne samanhengen kan krava til PMRC samanliknast med å behandle flass med halshogging..... Opprettinga av eit ratingsystem, frivillig eller ikkje, opnar døra for ein endelaus parade av moralsk kvalitetskontroll basert på ting visse kristne ikkje likar. Kva om den neste gjengen koner frå Washington krev ein stor gul «J» på alt som er skrive eller framført av jødar, for å redde hjelpelause barn frå å bli utsett for ein skjult sionist-doktrine?[207]
Zappa sette utdrag av PMRC-høyringane til Synclavier-musikk på komposisjonen «Porn Wars» i 1985 på albumet Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention, og heile innspelinga vart gjeven ut i 2010 som Congress Shall Make No Law.... Zappa er høyrt i samtalar med senatorane Fritz Hollings, Slade Gorton, Al Gore (som i høyringa hevda han var Zappa-fan), og Paula Hawkins (om kva leiketøy Zappa sine barn leikte med).
Ettermæle |
Hyllest |
« | Frank Zappa var ein av dei første som braut ned barrierane mellom rock, jazz og klassisk musikk. Seint i 60-åra glei Mothers of Invention frå Stravinsky sin «Petroushka» til The Dovells sin «Bristol Stomp» før dei hoppa over i saksofonrop inspirert av Albert Ayler.[208] | » |
Zappa oppnådde stor respekt medan han levde og etter han døydde. The Rolling Stone Album Guide (2004) skriv: «Frank Zappa dreiv med meir eller mindre alle former for musikk-og anten det var som satirisk rockar, jazzrock-fusionist, gitarvirtuos, elektronisk trollmann eller orkesterinnovatør, var det eksentriske geniet hans ubestrideleg».[209] Sjølv om musikken hans var inspirert av mange forskjellige sjangrar, vart uttrykket til Zappa rekna for å vere samanhengande og personleg. I 1971 skreiv biografen David Walley at «Heile strukturen i musikken hans er samla, ikkje fint delt av datoar eller tidssekvensar, og det heile byggjer seg opp til éin heilskap».[210]Barry Miles skreiv i 2004 om musikken, politikken og filosofien til Zappa at dei ikkje kan skiljast frå kvarandre: «Dei var alle eitt, alle delar av hans 'konseptuelle kontinuitet'."[211]
Guitar Player laga ei spesialutgåve om Zappa i 1992 og spurte på omslaget «Is FZ America's Best Kept Musical Secret?» (er musikken til FZ den best bevarte løyndomen i Amerika?) Redaktøren Don Menn skreiv at utgåva handla om «Den viktigaste komponisten som kom frå moderne popmusikk».[212] Blant dei som medverka til utgåva var komponisten og musikkforskaren Nicolas Slonimsky, som dirigerte premieren av verka til Ives og Varèse i 1930-åra.[213] Han vart ven med Zappa i 1980-åra,[214] og sa, «eg beundrar alt Frank gjer, fordi han praktisk talt skapte det nye musikalske tusenåret. Han lagar vakre, vakre verk ... Eg har vore heldig som har levd lenge nok til å få sjå ein heilt ny type musikk oppstå».[215] Dirigenten Kent Nagano skreiv på denne tida at «Frank er eit geni. Det er ikkje eit ord eg brukar ofte ... Men for Frank er ikkje det å ta hardt i ... Han er musikalsk ekstremt kunnig. Eg er ikkje sikker på at ålmenta forstår det.»[216] Pierre Boulez skreiv i Musician etter Zappa døydde at Zappa «var ein usedvanleg person fordi han var ein del av både rockeverda og den klassiske musikkverda og at musikk frå begge dei to verdene vil overleve.»[217]
I 1994 stemte lesarane av jazzmagasinet Down Beat Zappa inn i Hall of Fame.[218] Zappa vart posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995. Der vart det skrive at «Frank Zappa hadde den skarpaste musikalske hjernen i rock and roll-verda og var den mest drivne samfunnskritikaren. Han var den mest produktive komponisten i si tid, og han la bruer mellom rock, jazz, klassisk musikk, avantgarde og humormusikk på ein meisterleg måte».[219] Han fekk Grammy Lifetime Achievement Award i 1997.[220] I 2005 innlemma det amerikanske National Recording Preservation Board We're Only in It for the Money i det nasjonale plateregisteret som «Frank Zappa sitt innovative og revolusjonære album som syner ein unik politisk ståstad, både antikonservativ og antimotkultur, med ein bitande satire om hippielivet og den amerikanske reaksjonen til dette livet».[221] Same året rangerte Rolling Stone han på 71. plass på lista deira over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[222] I 2011 vart han rangert på 22. plass på lista over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene av det same magasinet.[223]
Artistar inspirerte av Zappa |
Mange kjende artistar, band og orkester frå forskjellige sjangrar har vore inspirert av musikken til Frank Zappa. Rockeartistar som Alice Cooper,[224]Primus,[225]Fee Waybill frå The Tubes[226] omtalar alle Zappa som ei inspirasjonskjelde, og det same gjer progrockartistar som Henry Cow,[227]Trey Anastasio frå Phish,[222] and John Frusciante.[228]Paul McCartney omtalte Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band som The Beatles sitt Freak Out![229] Tungrock- og metal-band som Black Sabbath, Mike Portnoy,[230]Warren DeMartini,[231]Steve Vai,[232]Strapping Young Lad,[233]System of a Down,[234]Clawfinger,[235] og Devin Townsend[236] rekna Zappa til sine inspirasjonskjelder. Innan klassisk musikk har Tomas Ulrich,[237]Meridian Arts Ensemble,[238]Ensemble Ambrosius[239] og the Fireworks Ensemble[240] ofte spelt komposisjonane til Zappa. Moderne jazzmusikarar og komponistar som Bill Frisell[241] og John Zorn[242] er inspirert av Zappa, og det same var funklegenden George Clinton.[243] Andre artistar som har omtalt Zappa som ein påverknad er new age-pianisten George Winston,[244] den elektroniske komponisten Bob Gluck,[245] parodimusikaren «Weird Al» Yankovic,[246] pioneren innan industriell musikk Genesis P-Orridge,[247] og støymusikkartisten Masami Akita frå Merzbow.[248]
Referansar i popkulturen og vitskapen |
Vitskapsfolk frå forskjellige retningar har æra Zappa med å namngje nye oppdagingar etter han. I 1967 identifiserte paleontologen Leo P. Plas, Jr. ein utdøydd mollusk i Nevada og kalla han Amaurotoma zappa med motivasjonen om at «det spesifikke namnet zappa, er til ære for Frank Zappa».[249] I 1980-åra namngav biologen Ed Murdy ei slekt av gobiid-fiskar frå Ny-Guinea Zappa, med artsnamnet Zappa confluentus.[250] Biologen Ferdinando Boero namngav ein manet frå California Phialella zappai (1987) og sa at han han hadde «gleden av å namngje arten etter den moderne musikkomponisten».[251] Dei belgiske biologane Bosmans og Bosselaers oppdaga tidleg i 1980-kåra ein edderkopp i Kamerun, som dei i 1994 kalla Pachygnatha zappa fordi «undersida av magen på den hoedderkoppen likna merkverdig på den legendariske barten til artisten».[252] Eit gen av bakterien Proteus mirabilis som skapar urinvegsinfeksjonar, vart i 1995 kalla zapA av tre biologar frå Maryland. I den vitskaplege artikkelen, takka dei «særskild den avdøde Frank Zappa for inspirasjon og assistanse med den genetiske fagterminologien».[253] Repterande regionar av genet til det menneskeleg svulstviruset KSHV vart kalla frnk, vnct og zppa i 1996 av Moore og Chang som oppdaga viruset. 143 basepar som opptredde to stader i repeterande sekvensar vart kalla waka/jwka.[254] Seint i 1990-åra oppdaga dei amerikanske paleontologane Marc Salak og Halard L. Lescinsky eit fossil av eit dyr dei kalla Spygori zappania til ære «for den avdøde Frank Zappa ... som hadde same oppdrag som dei tidlegaste paleontologane: å utfordre konvensjonell og tradisjonell tru som mangla røter i logikk og fornuft».[255]
I 1994, etter lobbyverksemd starta av psykiataren John Scialli, namngav International Astronomical Union sitt Minor Planet Center ein asteroide etter Zappa: 3834 Zappafrank.[256] Asteroiden vart oppdaga i 1980 av den tsjekkoslovakiske astronomen Ladislav Brozek, og i omtalen av namngjevinga sa dei «Zappa var ein eklektisk, sjølvoppært artist og komponist ... Før 1989 vart han rekna som eit symbol på demokrati og fridom av mange folk i Tsjekkoslovakia».[257]
I 1995 vart ei byste av Zappa av bilethoggaren Konstantinas Bogdanas sett opp i Vilnius. Ein kopi vart gjeven til byen Baltimore i 2008, og den 19. september 2010, på 25-årsdagens for talen til Zappa i Senatet, vart det halde ein seremoni for bysta, og bysta vart sett inn i biblioteket i byen.[258][259] I 2002 vart ein bronsestatue sett opp i den tyske byen Bad Doberan, der Zappanale har blitt halde kvart år sidan 1990, ein årleg musikkfestival som hyllar Zappa.[260] Etter eit initiativ frå musikkmiljøet ORWOhaus kalla byen Berlin ei gate i bydelen Marzahn «Frank-Zappa-Straße» i 2007.[261] Same året erklærte borgarmeisteren i Baltimore, Sheila Dixon, at 9. august skulle vere byen sin offisielle «Frank Zappa-dag».[262]
Diskografi |
- For meir om dette emnet, sjå diskografien til Frank Zappa.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Frank Zappa» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2014.
Day, Nancy (2001). Censorship: Or Freedom of Expression?. Minneapolis: Twenty-First Century Books, Lerner Publications. ISBN 0-8225-2628-X.
Delville, Michel; Norris, Andrew (2005). Frank Zappa, Captain Beefheart and the Secret History of Maximalism. Oxford: Salt Publishing. ISBN 978-1-84471-059-1.
DeCurtis, Anthony; Henke, James with Holly George-Warren, red. (1992). The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll. Jim Miller (Original Editor) (3rd utg.). New York: Random House. ISBN 0-679-73728-6. CS1 maint: Multiple names: editors list (link)
Gray, Michael (1984). Mother! Is the Story of Frank Zappa. London: Proteus Books. ISBN 0-86276-146-8.
James, Billy (2000). Necessity Is ...: The Early Years of Frank Zappa & The Mothers of Invention. London: SAF Publishing Ltd. ISBN 0-946719-51-9.
Lowe, Kelly Fisher (2006). The Words and Music of Frank Zappa. Westport: Praeger Publishers. ISBN 0-275-98779-5.
Martin, Bill (2002). Avant Rock: Experimental Music from the Beatles to Björk. Peru, Illinois: Open Court Publishing Company. ISBN 0-8126-9500-3.
MacDonald, Ian (1994). Revolution in the head: The Beatles' Records and the Sixties. Fourth Estate Ltd. ISBN 1-85702-099-5.
Miles, Barry (2004). Frank Zappa. London: Atlantic Books. ISBN 1-84354-092-4.
Slaven, Neil (2003). Electric Don Quixote: The Definitive Story of Frank Zappa. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-9436-6.
Sparks, Michael (1982). Cocaine Fiends and Reefer Madness: An Illustrated History of Drugs in the Movies. New York: Cornwall Books. ISBN 0-8453-4504-4.
Walley, David (1980). No Commercial Potential. The Saga of Frank Zappa. Then and Now. New York: E. P. Dutton. ISBN 0-525-93153-8.
Watson, Ben (1996). Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play. New York: St. Martin's Griffin. ISBN 0-312-14124-6.
Watson, Ben (2005). Frank Zappa. The Complete Guide to His Music. London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-865-4.
Zappa, Frank with Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. New York: Poseidon Press. ISBN 0-671-63870-X.
«Frank Zappa», The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll, New York: Simon & Schuster Inc, 1993, ISBN 0-684-81044-1
↑ Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1989). Real Frank Zappa Book. Simon and Schuster. s. 15. ISBN 9780671705725.My ancestry is Sicilian, Greek, Arab and French. My mother's mother was French and Sicilian, and her Dad was Italian (from Naples). She was first generation. The Greek-Arab side is from my Dad. He was born in a Sicilian village called Partinico...
↑ 2,02,1 The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll, 1993.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book. s. 6
↑ 4,04,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 20–23.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 8–9.
↑ 6,06,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 10.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 22.
↑ Slaven, Neil (2003). Electric Don Quixote: The Definitive Story of Frank Zappa (2nd utg.). Music Sales Group. s. 46. ISBN 0-7119-9436-6. , Extract
↑ «Interview in Playboy». Playboy. May 2, 1993.
↑ 10,010,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 29.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 22.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 36.
↑ 13,013,1 Zappa, Frank (June 1971). «Edgard Varese: The Idol of My Youth». Stereo Review: 61–62.
↑ 14,014,114,2 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 30–33.
↑ Holmes, Thom (2008). «Early Synthesizers and Experimenters». Electronic and experimental music: technology, music, and culture (3rd utg.). Taylor & Francis. s. 153–4. ISBN 0-415-95781-8. Henta 5. mai 2014.
↑ 16,016,1 Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 13.
↑ 17,017,1 For ei omfattande liste over «gamle» komposisjonar eller utdrag i musikken til Zappa sjå Albertos, Román García, FZ Musical Quotes, Information is Not Knowledge, globia.net/donlope . Henta 12. mai 2014.
↑ Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 29–30.
↑ Mike Douglas (November 1976), The Mike Douglas Show, NBC [TV Show]
↑ 20,020,1 Dei andre signaturstykka hans er «Zoot Allures» og «Black Napkins» frå Zoot Allures. Sjå Zappa, Dweezil (1996), Greetings music lovers, Dweezil here, Liner Notes, Frank Zappa Plays the Music of Frank Zappa: A Memorial Tribute
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 40.
↑ Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 23.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 48.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 345.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 58.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 40.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 59.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 63.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 55.
↑ Gray, 1984, Mother!, s. 29.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 42.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 74.
↑ Slaven, 1996, Electric Don Quixote, s. 35–36.
↑ Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 27.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 43.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 80–81.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa. s. 82–83.
↑ Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 26.
↑ 39,039,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 85.
↑ Harp, Ted (March 1965), «Vice Squad Raids Local Film Studio», The Daily Report (Ontario, California)
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 57.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 86–87.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. XV.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 87.
↑ Slaven, 1996, Electric Don Quixote, s. 40.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 90–91.
↑ 47,047,1 Swenson, John (March 1980), Frank Zappa: America's Weirdest Rock Star Comes Clean, High Times
↑ 48,048,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 65–66.
↑ Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 42.
↑ Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 58.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 103.
↑
Nigel Leigh (March 1993), Interview with Frank Zappa (BBC Late Show), UMRK, Los Angeles, CA: BBC [TV Show]
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 25.
↑ Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 60–61.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 115.
↑ 56,056,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 112.
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 10–11.
↑ 58,058,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 123.
↑ "How We Made It Sound That Way", interview on WDET Detroit, 13 November 1967 (utdrag gjeve ut på albumet MOFO, 2006)
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 122.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 5.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 38–43.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 135–138.
↑ 64,064,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 140–141.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 56.
↑ Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 86.
↑ Couture, François, «Lumpy Gravy. Review», AllMusic . Retrieved January 2, 2008; Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 56.
↑ den første orkesterinnspelinga vart gjeve ut posthumt som boksen Lumpy Money (2009). Sjå Dolan, Casey (December 8, 2008), «The Resurrection of Frank Zappa's Soul», LA Weekly (Village Voice Media) . Henta 5. mai 2014.
↑ James, 2000, Necessity Is ... , s. 62–69.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 147.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 94.
↑ Huey, Steve, «We're Only in It for the Money. Review», AllMusic . Henta 12. mai 2014.
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 15. Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 90.
↑ Sidan det ikkje var klart om dei fekk bruke Sgt Pepper-konseptet då albumet kom ut, vart det gjeve ut med dette omslaget på innsida av dobbeltfalsinga, medan omslaget på framsida og baksida var ein parodi på innsida av Beatles-albumet. Miles, 2004, Frank Zappa, s. 151.
↑ Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 88.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 58.
↑ 77,077,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 88.
↑ 78,078,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 160.
↑ James, 2000, Necessity Is ..., s. 104.
↑ I prosessen bygde han eit enormt arkiv av konsertopptak. Seint i 1980-åra vart somme av desse innnspelingane samla i ei 12 CD stor samling kalla You Can't Do That on Stage Anymore.
↑ 81,081,181,2
Michie, Chris (January 2003), We are The Mothers...and This Is What We Sound Like!, MixOnline.com . Henta 12. mai 2014.
↑ Bob Marshall, «Interview with Frank Zappa,» October 22, 1988.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 173–175.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 158–159.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 178.
↑ 86,086,1 Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 116.
↑ Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 119–120.
↑ 88,088,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 185–187.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 107.
↑ Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 120.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 116.
↑ Huey, Steve, «Hot Rats. Review», AllMusic . Henta 12. mai 2014.
↑ 93,093,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 194.
↑ 94,094,1 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 74.
↑ 95,095,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 109.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 142–156.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 201.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 205.
↑ 99,099,1 Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 183.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 207.
↑ Starks, 1982, Cocaine Fiends and Reefer Madness, s. 153.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 94.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 119–137.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 203–204.
↑ Under konserten på Fillmore i juni 1971, fekk Zappa med seg John Lennon og Yoko Ono på scene. Denne framføringa vart spelt inn og utdrag vart sidan gjeven ut av Lennon på hans Some Time In New York City i 1972. Zappa gav seinare ut sin versjonar av utdrag frå konserten på Playground Psychotics i 1992, inkludert jammen «Scumbag» og eit lengre avantgarde vokalstykke av Ono (opphavleg kalla «Au»), som Zappa gav namnet «A Small Eternity with Yoko Ono».
↑ 106,0106,1106,2 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 112–115.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 101.
↑ 108,0108,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 225–226.
↑ Offisiell opptak av desse banda kom ikkje ut før meir enn 30 år seinare på Wazoo (2007) og Imaginary Diseases (2006), respectively.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 231.
↑ «Frank Zappa > Charts and Awards > Billboard Albums», AllMusic . Henta 13. mai 2014.
↑ Huey, Steve, «Apostrophe ('). Review», AllMusic . Henta 13. mai 2014.
↑ 113,0113,1 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 114–122.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 248.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 372.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 250.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 253; s. 258–259.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 131.
↑ 119,0119,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 261.
↑ Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 248.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 267.
↑ Det er omdiskutert om Zappa hadde tenkt å gje ut songane som ei kvadruppelplate frå starten av, eller om han avgjorde dette då han gjekk til Mercury-Phonogram; sjå t.d. Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 49. I plateomslaget til 1996-utgåva seier Gail Zappa «Som opphavleg planlagt av Frank, var Läther alltid ei firdobbel plate.»
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 49.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 262.
↑ Zappa, Frank, 1978, Zappa in New York, Liner Notes.
↑ 126,0126,1 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 132.
↑ Clement, Brett (2004), «Little dots: A study of the melodies of the guitarist / composer Frank Zappa (pdf file)» (PDF), Master Thesis (The Florida State University, School of Music), s. 25–48 . Henta 14. mai 2014.
↑ Hemmings, Richard (2006), Ever wonder why your daughter looked so sad? Non-danceable beats: getting to grips with rhythmical unpredictability in Project/Object, richardhemmings.co.uk . Henta 14. mai 2014.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 261–262; Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 134.
↑ 130,0130,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 234.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 138.
↑ 132,0132,1132,2132,3 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 140.
↑
Groening, Matt; Menn, Don (1992), «The Mother of All Interviews. Act II: Matt Groening joins in on the scrutiny of the central decentralizer», i Menn, Don (ed.), Zappa! Guitar Player Presents, San Francisco, CA: Miller Freeman, s. 61, ISSN 1063-4533
↑ Begge albuma nådde Billboard Topp 30.«Frank Zappa > Charts & Awards > Billboard Albums», AllMusic . Henta 14. mai 2014.
↑ 135,0135,1 «Frank Zappa > Charts & Awards > Billboard Singles», AllMusic . Henta 14. mai 2014.
↑ Peterson, Chris (November 1979), «He's Only 38 and He Knows How to Nasty», Relix Magazine
↑ Watson, 1996, Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play, s. 351.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 277.
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 59.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 180.
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 61.
↑ Baby Snakes, 2003, DVD cover, Eagle Vision.
↑ 143,0143,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 282.
↑ Sohmer, Adam (June 8, 2005), Baby Snakes – DVD, Big Picture Big Sound . Henta 14. mai 2014.
↑ 145,0145,1 Frank Zappa, IMDb – The Internet Movie Database . Henta 14. mai 2014.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 343.
↑ Eliscu, Jenny (November 8, 2002), «Homer and Me», Rolling Stone
↑ Times The New York - Google Books. Books.google.com. Henta 15. mai 2014.
↑ «Frank Zappa - I Don't Wanna Get Drafted! (Vinyl) at Discogs». discogs. Henta 15. mai 2014.
↑ 150,0150,1 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 161.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 284.
↑ Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 165.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 283.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 269.
↑ Huey, Steve, «You Are What You Is. Review», AllMusic . Henta 14. mai 2014.
↑ 156,0156,1 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 169–175.
↑
Zappa, Frank (November 1982), Absolutely Frank. First Steps in Odd Meters, Guitar Player Magazine, s. 116.
↑ Swenson, John (November 1981), Frank Zappa: Shut Up 'N Play Yer Guitar, Shut Up 'N Play Yer Guitar Some More, The Return of the Son of Shut Up 'N Play Yer Guitar, Guitar World
↑ Huey, Steve, «Valley Girl. Frank Zappa. Song Review», AllMusic . Henta 14. mai 2014.
↑ 160,0160,1 Lowe, 2006, The Words and Music of Frank Zappa, s. 178.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 304.
↑ 162,0162,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 146–156.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 315.
↑ Ruhlmann, William, «London Symphony Orchestra, Vol. 1. Review», AllMusic . Henta 14. mai 2014.
↑ Berkeley Symphony Orchestra - A Zappa Affair
↑ «Bingo! There Goes Your Tenure" by Frank Zappa, 1984
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 323.
↑
Kelp, Larry (June 18, 1984), «Zappa Pokes Into The Fine Arts», The Oakland Tribune, henta 15. mai 2014
↑ 169,0169,1169,2 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 172–173.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 319.
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 73.
↑ Musikalen vart sett opp i 2003. Sjå Thing-Fish – The Return of Frank Zappa, The British Theatre Guide . Henta 15. mai 2014.
↑
Carr, Paul; Hand, Richard J. (2007), «Frank Zappa and musical theatre: ugly ugly o'phan Annie and really deep, intense, thought-provoking Broadway symbolism», Studies in Musical Theatre 1 (1): 44–51., doi:10.1386/smt.1.1.41/1 Ein må ha brukar for å få heile artikkelen. Henta 15. mai 2014.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 340.
↑ For ei omfattande samanlikning av vinyl- og CD-utgåvene, sjå The Frank Zappa Album Versions Guide – Index, The Zappa Patio, lukpac.org/~handmade/patio . Henta 14. mai 2014.
↑ Til dømes vart det lagt nye trommer og bassparti på 1960-talsalbuma We're Only in It for the Money og Cruising with Ruben & the Jets. Sjå Miles, 2004, Frank Zappa, s. 327.
↑ 177,0177,1 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 337–339.
↑ Nuzum, Eric (2001), Parental Advisory: Music Censorship in America, HarperCollins, s. 39, 255, ISBN 0-688-16772-1
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 346–350.
↑ 180,0180,1 Ouellette, Dan (August 1993), «Frank Zappa», Pulse!, s. 48–56.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 374–375.
↑ Det gav han ein posthum Grammypris (med Gail Zappa) for beste plateboks i 1994. GRAMMY Winners, National Academy of Recording Arts and Sciences . Henta 15. mai 2014.
↑ Menn, Don, red. (1992), «Andreas Mölich-Zebhauser—Preparing the Ensemble Modern for the Frankfurt Festival», Zappa! Guitar Player Presents, San Francisco, CA: Miller Freeman, s. 12–13, ISSN 1063-4533
↑ 184,0184,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 369.
↑ 185,0185,1 Miles, 2004, Frank Zappa, s. 371.
↑ Watson, 2005, Frank Zappa. The Complete Guide to His Music, s. 552.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 379–380.
↑ Slaven, 2003, Electric Don Quixote, s. 320.
↑ Nugent, Michael, Famous Atheists, Michael Nugent, henta 15. mai 2014
↑ Kaylan, Howard; Tamarkin, Jeff (2013). Shell Shocked: My Life with the Turtles, Flo and Eddie, and Frank Zappa, etc. Hal Leonard Corporation. ISBN 9781480342934.I was an atheist. Zappa was atheist.
↑ 191,0191,1191,2 Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 315-316, 323-324; 329-330.
↑ Apodaca, Patrice. Frank Zappa, Capitalist Rocker, Los Angeles Times, December 19, 1989
↑ Frank Zappa, Does Humor Belong in Music? (DVD), innspelt august 1984, utgjeve 2003
↑ 194,0194,1 Crossfire with Frank Zappa and John Lofton, CNN [TV Debate], March 1986
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 348.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 365.
↑ Loder, Kurt (1988), «Rolling Stone Interview», Rolling Stone
↑ Interview by Bob Marshall, October 22, 1988 - Part 03
↑ The Real Frank Zappa Book, s. 234–235.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 239, Extract of page 239
↑ Mitchell, Tony (May 1992), «Mixing Pop and Politics: Rock Music in Czechoslovakia before and after the Velvet Revolution», Popular Music. A Changing Europe (Cambridge University Press) 11: 187–203
↑ Lawson, George (2005). Negotiated Revolutions: The Czech Republic, South Africa and Chile. Ashgate. s. 103. ISBN 0-7546-4327-1.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 357–361.
↑ Day, 2000, Censorship, s. 53.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 267.
↑ Zappa with Occhiogrosso, 1989, The Real Frank Zappa Book, s. 262.
↑ Record Labeling. Hearing before the committee on commerce, science and transportation, U.S. Government printing office, September 19, 1985 . Henta 15. mai 2014.
↑ The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll s. 497
↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004), The New Rolling Stone Album Guide: Completely Revised and Updated 4th Edition, New York, NY: Fireside, s. 903, ISBN 0-7432-0169-8
↑ Walley, 1980, No Commercial Potential, s. 3.
↑ Miles, 2004, Frank Zappa, s. 383.
↑ Menn, Don (1992), «From the Editor», i Menn, Don, Zappa! Guitar Player Presents, San Francisco, CA: Miller Freeman, s. 3, ISSN 1063-4533
↑ Kozinn, Allan (December 27, 1996), «Nicolas Slonimsky, Author of Widely Used Reference Works on Music, Dies at 101», The New York Times . Henta 15. mai 2014.
↑ I desember 1981 spelte den då 87 år gamle Slonimsky piano på ein Zappa-konsert. Miles, 2004, Frank Zappa, s. 295–296.
↑ Menn, Don, red. (1992), «Nicolas Slonimsky—The Century's Preeminent Lexicographer Nails Zappa Down», Zappa! Guitar Player Presents, San Francisco, CA: Miller Freeman, s. 6–7, ISSN 1063-4533
↑ Menn, Don, red. (1992), «Kent Nagano—Premiering Zappa with the London Symphony Orchestra», Zappa! Guitar Player Presents, San Francisco, CA: Miller Freeman, s. 8–11, ISSN 1063-4533
↑ Isler, Scott (February 1994), «Frank Zappa», Musician Magazine CS1 maint: display-authors (link)
↑ 1994 Down Beat Critics Poll, Down Beat Magazine . Henta 15. mai 2014.
↑ Frank Zappa, The Rock and Roll Hall of Fame and Museum, Inc. . Henta 15. mai 2014.
↑ Lifetime achievement award, GRAMMY.org . Henta 15. mai 2014.
↑ The National Recording Registry 2005, National Recording Preservation Board, The Library of Congress, May 24, 2005 . Henta 15. mai 2014.
↑ 222,0222,1 «100 Greatest Artists». Rolling Stone Music. Henta 15. mai 2014.
↑ «45 Frank Zappa». Rolling Stone. Henta 15. mai 2014.
↑ Quigley, Mike (September 1969), Interview with Alice Cooper, Poppin, Issue #5
↑ Elfman, Doug (October 15, 2003), «Primus plays Hard Rock», Las Vegas Review-Journal . Henta 15. mai 2014.
↑ Randall, David (2004), Get Ready to ROCK! Interview with singer and frontman of American rock band The Tubes, Fee Waybill, getreadytorock.com . Henta 15. mai 2014.
↑ Boisen, Myles, «Biography: Henry Cow», AllMusic . Henta 15. mai 2014.
↑ Cleveland, Barry (September 2006), Exclusive Outtakes from GP's Interview with John Frusciante!, Guitar Player . Henta 15. mai 2014.
↑ MacDonald, 1994, Revolution in the Head, s. 171.
↑ about mike, mikeportnoy.com . Henta 15. mai 2014.
↑ Menn, Don, red. (1992), «Warren De Martini—Ratt Guitarist Turns Zappa Stylist», Zappa! Guitar Player Presents, San Francisco, CA: Miller Freeman, s. 14, ISSN 1063-4533
↑ Vai.com > All About Steve > Vaiography, Vai.com . Henta 15. mai 2014.
↑ Sos, Mike (August 2005). «Interview: Strapping Young Lad: An extreme metal all-star squad». In Music We Trust. Henta 15. mai 2014.
↑ Sinclair, Tom (May 16, 2005), «Mezmerize (2005): System of a Down», Entertainment Weekly . Henta 15. mai 2014.
↑ The official Pages, clawfinger.net . Henta 15. mai 2014.
↑ SOS, Mike, INTERVIEW: Strapping Young Lad, inmusicwetrust.com . Henta 15. mai 2014.
↑
«Tomas Ulrich at All about Jazz», All About Jazz Henta on 15. mai 2014.
↑ Meridian Arts Ensemble – About Us, meridianartsensemble.com . Henta 15. mai 2014.
↑ Academic Zappa: Seriously Taken Musical Study of Frank Zappa's Music—At Last, ensembleambrosius.com . Henta 15. mai 2014.
↑ About fireworks, fireworksensemble.org . Henta 15. mai 2014.
↑ Bill Frisell Biography, Songline/Tonefield Productions . Henta 15. mai 2014.
↑ Cook, Richard; Morton, Brian (2004), The Penguin Guide To Jazz On CD, Seventh Edition, London: Penguin Books, s. 1721, ISBN 0-14-101416-4
↑ Bush, John, «Biography: George Clinton», AllMusic . Henta 15. mai 2014.
↑ George Winston Biography, georgewinston.com . Henta 15. mai 2014.
↑ gluckbio.html, electricsongs.com . Henta September 1, 2008.
↑ 'Weird Al' Yankovic: Frequently Asked Questions, weirdal.com . Henta 15. mai 2014.
↑ Reynolds, Simon (2005). Rip It Up and Start Again: Postpunk 1978–1984, s. 255.
↑ Martin, 2002, Avant Rock, s. 160.
↑ Plas, Jr., Leo P. (March 1972), «Upper Wolfcampian (?) Mollusca from the Arrow Canyon Range, Clark County, Nevada», Journal of Paleontology (SEPM Society for Sedimentary Geology) 46: 249–260.
↑ Murdy, E. O. (1989), A Taxonomic Revision and Cladistic Analysis of the Oxudercine Gobies (Gobiidae: Oxudercinae), Records of the Australian Museum, ISBN 0-7305-6374-X
↑ Boero, Ferdinando (April 1987), «Life cycles of Phialella zappai n. sp., Phialella fragilis and Phialella sp. (Cnidaria, Leptomedusae, Phialellidae) from central California», Journal of Natural History (Taylor & Francis Groups) 21 (2): 465–480, doi:10.1080/00222938700771131
↑ Bosmans, Robert; Bosselaers, Jan (October 1995), «Spiders of the genera Pachygnatha, Dyschiriognatha and Glenognatha (Araneae, Tetragnathidae), with a revision of the Afrotropical species», Zoologica Scripta (The Norwegian Academy of Science and Letters) 23 (4): 325–352, doi:10.1111/j.1463-6409.1994.tb00392.x
↑ Wassif, Christopher; Cheek, Diana; Belas, Robert (October 1995), «Molecular Analysis of a Metalloprotease from Proteus mirabilis», Journal of Bacteriology (American Society for Microbiology) 177 (20): 5790–8, PMC 177400, PMID 7592325
↑ Russo, James J.; Bohenzky, Roy A. (December 1996), «Nucleotide sequence of the Kaposi sarcoma- associated herpesvirus (HHV8)» (PDF), Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America (National Academy of Sciences Press) 93: 14862–14867.
↑ Salak, Marc; Lescinsky, Halard L. (July 1999), «Spygoria zappania New Genus and Species, a Cloudina-like Biohermal Metazoan from the Lower Cambrian of Central Nevada», Journal of Paleontology (Paleontological Society) 73: 571–576.
↑ Seachrist, Lisa (August 12, 1994), «Random Samples», Science. New Series (American Association for the Advancement of Science) 265: 870–871.
↑ (3834) Zappafrank, IAU: Minor Planet Center (Smithsonian Astrophysical Observatory) . Henta 15. mai 2014.
↑ The Baltimore Sun (September 16, 2010), «Zappa comes home», The Baltimore Sun . Henta 15. mai 2014.
↑ The Baltimore Sun (September 16, 2010), «Zappa-looza: A full guide to the weekend's events», The Baltimore Sun . Henta 15. mai 2014.
↑ Zappanale – Startseite, zappanale.de . Henta 15. mai 2014.
↑ The Associated Press (July 30, 2007), «Berlin Names Street After Frank Zappa», The Washington Post . Henta 15. mai 2014.
↑ Zappa.com > What's New in Baltimore?, zappa.com . Henta 15. mai 2014.
Bakgrunnsstoff |
Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Frank Zappa
- Offisiell nettstad
IMDb om Frank Zappa
Frank Zappa and The Mothers of Invention | |||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Album |
| ||||||||||||||
Andre utgjevingar | The **** of the Mothers · The Guitar World According to Frank Zappa · Beat the Boots · Beat the Boots II · Strictly Commercial · Strictly Genteel · Cucamonga · Cheap Thrills · Son of Cheep Thrills · The Frank Zappa AAAFNRAA Birthday Bundle 2006 · The Frank Zappa AAAFNRAAA Birthday Bundle 2008 · Beat the Boots III · The Frank Zappa AAAFNRAAAA Birthday Bundle 2010 · The Frank Zappa AAAFNRAAAAAM Birthday Bundle 2011 | ||||||||||||||
Singlar | «How Could I Be Such a Fool?» · «Trouble Comin' Every Day» · «Who Are the Brain Police?» · «Big Leg Emma» · «Son of Suzy Creamcheese» · «Lonely Little Girl» · «Motherly Love» · «Deseri» · «Anyway the Wind Blows» · «WPLJ» · «My Guitar» · «Peaches en Regalia» · «Tell Me You Love Me» · «Tears Began to Fall» · «Magic Fingers» · «What Will This Evening Bring Me This Morning» · «Cletus Awreetus-Awrightus» · «I'm the Slime» · «Cosmik Debris» · «Don't Eat the Yellow Snow» · «Du Bist Mein Sofa» · «Find Her Finer» · «Disco Boy» · «Dancin' Fool» · «Bobby Brown» · «Joe's Garage» · «Stick It Out» · «I Don't Wanna Get Drafted» · «Love of My Life» · «Harder Than Your Husband» · «You Are What You Is» · «Goblin Girl» · «Valley Girl» · «The Man From Utopia Meets Mary Lou» · «Cocaine Decisions» · «Baby Take Your Teeth Out» · «In France» · «The Girl in the Magnesium Dress» · «Sexual Harassment in the Workplace» · «Zomby Woof» · «Stairway to Heaven» | ||||||||||||||
Andre komposisjonar | «Absolutely Free» · «Advance Romance» · «The Adventures of Greggery Peccary» · «America Drinks & Goes Home» · «Are You Hung Up?» · «Billy the Mountain» · «The Black Page» · «Brown Shoes Don't Make It» · «Camarillo Brillo» · «Cheepnis» · «Duodenum» · «Father O'Blivion · «Inca Roads» · «Jewish Princess» · «Let's Make the Water Turn Black» · «Memories of El Monte» · «Montana» · «Muffin Man» · «Nanook Rubs It» · «Plastic People» · «The Return of the Son of Monster Magnet» · «Rollo» · «Sleep Dirt» · «St.Alfonzo's Pancake Breakfast» · «Take Your Clothes Off When You Dance» · «A Token of My Extreme» · «The Torture Never Stops» · «What's the Ugliest Part of Your Body?» · «Who Needs the Peace Corps?» · «Willie the Pimp» · «Wind Up Workin' in a Gas Station» | ||||||||||||||
Filmar | 200 Motels · Baby Snakes · The Dub Room Special · Video from Hell · Does Humor Belong in Music? · The True Story of Frank Zappa's 200 Motels · The Amazing Mr. Bickford · Uncle Meat · The Torture Never Stops | ||||||||||||||
Familie | Gail Zappa · Moon Zappa · Dweezil Zappa · Ahmet Zappa · Diva Zappa | ||||||||||||||
Ande artiklar | Diskografi · I popkulturen · Captain Beefheart · The Real Frank Zappa Book · The Frank Zappa Guitar Book · Zappa Plays Zappa · Suzy Creamcheese · Pachygnatha zappa · Phialella zappai · Zappa confluentus · 3834 Zappafrank · Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra · Frankly a Cappella · King Kong: Jean-Luc Ponty Plays the Music of Frank Zappa · Zappa's Universe | ||||||||||||||
Kategori |
|