The Ed Sullivan Show






Ed Sullivan i 1955


The Ed Sullivan Show var eit amerikansk fjernsynsshow som gjekk på CBS frå 20. juni 1948 til 6. juni 1971 med programleiaren Ed Sullivan.[1] Programmet vart erstatta i september 1971 av CBS Sunday Night Movie.[2]


I 2002 var The Ed Sullivan Show rangert på 15. plassen på TV Guide si liste over dei 50 beste fjernsynsshowa gjennom tidene.[3] På tilsvarande liste i 2013 var det på 31. plassen.[4]


Programmet gjekk kvar søndag kveld frå kl. 20 til kl. 21. Alle typar for underhaldning vart vist fram på pgorammet frå klassisk musikk, operasongarar, popartistar, komikarar, ballettdansarar, skodespelarar som framførte monologar og sirkusartistar. Formatet var i røynda det same som varieté.[5]



Kjende episodar og artistar |


The Ed Sullivan Show er særleg kjend for å ha introduserte og skapt gjennombrotet for mange artistar i 1950- og 1960-åra i Amerika, som Elvis Presley, The Beatles, The Supremes, The Dave Clark Five, The Animals, The Beach Boys, The Jackson 5, Janis Joplin, The Rolling Stones, The Mamas & the Papas, The Lovin' Spoonful, Herman's Hermits, The Doors og The Band. Den kanadiske komikarduoen Wayne and Shuster var på programmet 67 gonger, meir enn nokon annan.[6]


Elvis Presley si første framføring på programmet vart sett av 60 million menneske, som på den tida var 82,6 prosent av alle TV-sjåarar i USA, noko som er det største TV-publikummet i historia. The Beatles vart sett av 73,7 millionar menneske i 1964, men det var då 45,3 % av alle sjåarar i USA.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «The Ed Sullivan Show» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2018.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Ed Sullivan Biography | Ed Sullivan Show». Edsullivan.com. Henta 31. mars 2018. 


  2. «Prime Time TV Schedule : 1967 Season». Web.archive.org. Arkivert frå originalen (TXT) 2008-03-14. Henta 31. mars 2018. 


  3. «TV Guide Names Top 50 Shows». Cbsnews.com. 2009-02-11. Henta 31. mars 2018. 


  4. Fretts, Bruce (2013-12-23). «TV Guide Magazine's 60 Best Series of All Time - Today's News: Our Take». TVGuide.com. Henta 31. mars 2018. 


  5. «History of the Ed Sullivan Show | Ed Sullivan Show». Edsullivan.com. 1964-02-09. Henta 31. mars 2018. 


  6. «Wayne and Shuster» The Canadian Encyclopedia. Charles Dougall, 02/07/2006







Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Ed Sullivan Show



  • Offisiell nettstad


  • Video på YouTube


  • The Ed Sullivan Show ved The Internet Movie Database (IMDb)




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum