Skriftspråk




Skriftspråk er språk som blir uttrykt eller representert av teikn, som hieroglyfar eller bokstavar, gjennom eit skriftsystem. Omgrepet kan òg bli brukt for å visa til tale som ligg nær nedskrive språk.


Skriftspråk er kunstige språk, til forskjell frå talespråk som har oppstått naturleg i alle menneskesamfunn. Medan menneske lærer talespråk av seg sjølv frå dei er små ungar, treng dei undervising for å læra skriftspråk.


I dagens skriftprega samfunn blir det sett på som viktig for eit språk å ha eit skriftspråk dersom det skal overleva.



Samanheng mellom skrift og tale |


Medan talespråk stadig utviklar seg er skriftspråk meir statiske. Det vil derfor nesten alltid vera forskjell mellom tale- og skriftspråk.


Ofte blir skriftspråket forma ut frå éin særskild dialekt eller sosiolekt innan eit språksamfunn, som regel den som blir snakka rundt eit maktsenter. I visse samanhengar blir dermed nemninga «skriftspråk» ikkje brukt berre om sjølve skriftspråket, men om ein dialekt som skriftspråket byggjer på eller som blir assosiert med det. I Finland blir t.d. normert talemål kalla for skriftspråk (kirjakieli), sjølv om det nett ikkje er skriftspråk, men talespråk.



Bakgrunnsstoff |


  • AncientScripts.com



Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum