Regnitz
Regnitz | |
elv | |
Vasskvern i Regnitz nær Möhrendorf | |
Land | Tyskland |
---|---|
Lengd | 58 km |
Kjelde | Franken |
- høgd | 290 moh. |
Munning | Main |
Wikimedia Commons: Regnitz | |
Regnitz er ei elv i Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Main frå venstre med ei lengd på 58 km. Ho har sitt utspring der elvane Rednitz og Pegnitz renn i hop i byen Fürth. Frå her renn Regnitz nordover gjennom byane Erlangen og Forchheim, før ho munnar ut i Main i byen Bamberg.
Små delar av Regnitz nær Bamberg er ein del av Rhinen-Main-Donau-kanalen som knyter Main til Donau.
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Regnitz frå Engelsk Wikipedia .
|