Russland




[endre]






























































Росси́йская Федера́ция
Rossijskaja Federatsija

(norsk: Russland, russisk)














Det russiske flagget

Det russiske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Gosudarstvennyj gimn Rossijskoj federatsii»
Motto
Ikkje noko

Geografisk plassering av Russland

Offisielle språk

Russisk (mellom andre)

Hovudstad

Moskva

Styresett

President
Statsminister


Føderal republikk
Vladimir Putin
Dmitrij Medvedev

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
17 098 242 km² (1.)
0,5 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
142 257 519 (9.)
8,3 /km² (184.)

Sjølvstende
  - Dato
Frå Sovjetunionen
24. august, 1991

Nasjonaldag

12. juni

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 471 000 mill. USD (6.)
24 500 USD (57.)

Valuta

Rubel

Tidssone
UTC+2 til +12

Telefonkode
+7

Toppnivådomene
.ru




Den russiske føderasjonen eller berre Russland (russisk: Российская Федерация, Rossijskaja Federatsija eller Россия, Rossija) er eit land i det austlege Europa og nordlege Asia. Storleiken er 17 075 200 km² og folketalet 142,9 millionar ved folketeljinga i 2010.[1] Den noverande staten Russland oppstod 25. desember 1991 som den største etterfylgjarstaten til den oppløyste Sovjetunionen.


Russland er det største landet i verda i areal, det strekkjer seg frå grensa mot Noreg og Finland i nordvest til Beringsundet i nordaust, frå grensene mot Baltikum, Kviterussland og Ukraina i vest, austover tvers gjennom Asia til grensa mot Nord-Korea og det nordlege Stillehavet. Russland er såleis både eit europeisk og eit asiatisk land, den geografiske grensa mellom verdsdelane blir vanlegvis rekna å gå langs fjellkjedene Ural og Kaukasus.


Politisk er Russland ein assymetrisk føderasjon, dvs at dei 84 føderasjonssubjekta, som føderasjonen er bygd opp av, har ulik grad av sjølvstyre. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som opphavleg vart oppretta som sjølvstyrte einingar for etniske minoritetsgrupper. Hovudspråket russisk er eit av dei indo-europeiske språka.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


    • 1.1 Klima




  • 2 Forsvar


  • 3 Demografi


  • 4 Kultur


    • 4.1 Den russiske tenkjemåten


    • 4.2 Språk


    • 4.3 Religion




  • 5 Politikk


  • 6 Referansar


  • 7 Litteratur


  • 8 Bakgrunnsstoff





Geografi |


Russland er det største landet i areal i verda, og omfattar nesten ein tredel av det eurasiske kontinentet. Grensa mellom den europeiske og asiatiske delen av landet går ved fjellkjeda Ural. Den europeiske delen, vest for Ural, utgjer om lag 23 % av arealet. Den asiatisk delen, aust for Ural, vert òg kalla Sibir. Det nordlegaste punktet i Russland, Kapp Fligeli på øygruppa Frans Josefs land ligg på 81°51’ nord. Det austlegaste punktet, på den vestlegaste av dei to Diomedesøyane, ligg på 169°0’ aust, tre kilometer frå amerikansk territorium på den austlegaste av Diomedsøyane. Det sørlegaste punktet ligg ved grensa til Aserbajdsjan, og det vestlegaste ved grensa til Polen. Russland strekkjer seg 4000 kilometer frå nord til sør, og 10 000 kilometer frå vest til aust.


Russland si grense er 60 933 kilometer lang, derav er 38 808 kilometer kystlinje. Russland har grenser mot Noreg (196 km), Finland (1340 km), Estland (294 km), Latvia (217 km), Kviterussland (959 km), Litauen (281 km, gjennom eksklaven Kaliningrad oblast), Polen (232 km, det same), Ukraina (1576 km), Georgia (723 km), Aserbajdsjan (284 km), Kasakhstan (6846 km), Kina (3645 km), Mongolia (3485 km) og Nord-Korea (19 km). Landet har kyst til Austersjøen og Svartehavet i vest, Nordishavet i nord og Stillehavet i aust.


Som det største landet i verda omfattar Russland mange ulike landskapstypar, og stor geografisk variasjon. I den europeiske delen, og vest i Sibir, ligg store sletteland. Enorme område består av taiga og tundra. Store delar av landet har permafrost. Store fjellområde finn ein i Ural, aust i Sibir og i Kaukasus ved sørgrensa i Europa.


Russland er eit av landa som har grense til den største innsjøen i verda, Kaspihavet. I Russland ligg den djupaste innsjøen i verda, Bajkalsjøen, det høgste fjellet i Europa, Elbrus, den lengste elva i Europa, Volga og den største innsjøen i Europa, Ladoga. Fire av dei ti lengste elvene i verda renn gjennom den asiatisk delen av Russland: Jenisej, Ob, Amur og Lena. Den største øya i Russland er Sakhalin utanfor austkysten.


Hovudstaden er Moskva. Politisk er Russland delt inn i 83 føderasjonssubjekt - republikkar, distrikt, territorium og provinsar.




Kart over Russland. Klikk for større utgåve.



Klima |


Sjå òg Klima i Russland

Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebygene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.


Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggande heile vinteren. Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyger.



Forsvar |




Russiske tropper paraderer under en 9. mai-feiring. Den såkalte Seiersdagen, som minnast avslutninga av andre verdenskrig, nyttast til store militærparadar i Russland


Det russiske forsvaret har dei tre forsvarsgreinene Hæren, Marinen og Russlands luft- og romforsvar. I tillegg kjem Dei strategiske rakettstyrkane, og Dei russiske luftlandestyrkane, som har en uavhengig stilling og ikkje er underlagt forsvarsgreinene. Forsvaret er organisert under Forsvarsdepartementet i Russland, med Russlands president som øvstkommanderande. Russland har verneplikt, der menn har plikttjeneste i eitt år og kallast inn i løpet av alderen 18 til 27 år. Dei årlege forsvarsutgiftene utgjer 3,9 % av BNP.[2] Det er stadig synkande mannskapstal i det russiske forsvaret; medan forsvarsstyrkane i 1992 talde 2,8 millioner mann, gjekk talet ned til 1,2 millionar i 1999 og til 850 000 i 2003.[3]



Demografi |


Nevninga russkij («russar») vert brukt om etniske russarar, om dei bur i Russland eller ikkje, medan ordet rossijanin omfattar alle borgarar av Russland («russlendingar»). Ved folketeljinga i 2010 var 77,7 % av innbyggjarane i Russland etniske russarar, ein nedgang frå 79,8 % i 2002. Resten av folkesetnaden utgjorde opptil 160 ulike minoritetsgrupper. Dei største var:[1]




  • Tatarar - 3,7 %


  • Ukrainarar - 1,3 %


  • Basjkirar - 1,1 %


  • Tsjuvasjar - 1,0 %


  • Tsjetsjenarar - 1,0 %


Folketalet i Russland har vore minkande, og gjekk ned med 3,0 % mellom folketeljingane i 1989 og 2010:[1]



  • 1959: 117 534 000

  • 1970: 130 790 000

  • 1979: 137 410 000

  • 1989: 147 220 000

  • 2002: 145 200 000

  • 2010: 142 900 000


I 2007 hadde Russland 11 millionbyar:




  • Moskva - 10 442 700 ib.


  • St. Petersburg - 4 571 200


  • Novosibirsk - 1 391 900


  • Jekaterinburg - 1 315 100


  • Nizjnij Novgorod - 1 278 300


  • Samara - 1 139 000


  • Omsk - 1 134 800


  • Kazan - 1 116 000


  • Tsjeljabinsk - 1 091 500


  • Rostov-na-Donu - 1 051 600


  • Ufa - 1 022 600



Kultur |



Den russiske tenkjemåten |


Det er hevda at den russiske tenkjemåten og mentaliteten skil seg generelt frå den vesteuropeiske på grunnleggjande vis, og at folk med vestleg bakgrunn difor ikkje utan vidare vil kunne skjøne seg på russisk religiøsitet, samfunnstilhøve og politiske prosessar.[4]



Språk |


Map of Russian subjects, 2008-03-01.svg

Det vert tala over 100 ulike språk i Russland. Dei fleste språka er med i den indoeuropeiske, altaiske, uralske, kaukasiske eller paleoasiatiske språkfamilien. Om lag 92 % av folketalet, 130 millionar menneske, har russisk som morsmål. Russisk er òg offisielt språk i Den russiske føderasjonen. Mange av dei enkelte føderasjonssubjekta gir òg offisiell status til eitt eller fleire andre språk. Folketeljinga i 2002 talde kor mange som meistra andre språk enn russisk, men registrerte ikkje om dette var som morsmål eller andrespråk, difor kjem òg vesteuropeiske språk med på lista:[5]




  • Engelsk - 6 955 315


  • Tatarsk - 5 347 706


  • Tysk - 2 895 147


  • Ukrainsk - 1 815 210


  • Basjkirsk - 1 379 727


  • Tsjetsjensk - 1 331 844


  • Tsjuvasjisk - 1 325 382


  • Armensk - 904 892


  • Avarisk - 784 840


  • Fransk - 705 217


  • Aserbajdsjansk - 669 757


  • Mordvinsk - 614 260


  • Kabardino-tsjerkessisk - 587 547


  • Kasakhisk - 563 749


  • Darginsk - 503 523



Religion |


Tradisjonelt har russarane vore russisk-ortodokse kristne. Ortodoks kristendom var statsreligion fram til revolusjonen i 1917, etter at storfyrsten, Vladimir I av Kiev, konverterte til kristendommen i 988. Mange folkeslag som vart underlagt det russiske imperiet konverterte òg til ortodoks kristendom, men mange, særskilt muslimske folkeslag, heldt fast ved den gamle religionen sin. Ei lov frå 1997 definerte kristendom, islam, buddhisme og jødedom som del av Russland si historiske arv.


Det finst i dag ikkje offisiell statistikk over talet på truande for ulike religionar i Russland, men etter overslag midt på 1990-talet var om lag 50 % av folket ikkje truande. 30-40 % var russisk-ortodokse kristne. Ei undersøking i 2007 fann at 63 % av folket såg seg sjølv som ortodokse kristne.


Talet på muslimar vert anslått til mellom 10 og 20 millionar. Fleire av folkeslaga langs Volga, t.d. tatarar og basjkirar, og i Nord-Kaukasus, t.d. tsjetsjenarar, er tradisjonelt muslimar. Det finst over 6000 moskear i Russland.


Burjatar, tuvinarar og kalmykar er tradisjonelt buddhistar. Russlands buddhistiske samband anslår talet buddhistar til mellom 1,5 og 2 millionar.


Ved folketeljinga i 2002 oppgav om lag 230 000 personar jødisk nasjonalitet. Dei fleste jødane i Russland er sekulariserte. Eit stort tal jødar har utvandra til Israel dei siste tiåra. Det finst om lag 70 synagogar i Russland.



Politikk |


Russland er ein føderal, presidentstyrt republikk. Føderasjonen består av 84 føderasjonssubjekt. Landet vert styrt etter grunnlova som vart vedtatt 12. desember 1993. Statsleiaren er presidenten, som vert vald for fire år om gongen ved almenne val. Førre val var den 2. mars 2008, då Dmitrij Anatoljevitsj Medvedev vart vald til sin første presidentperiode. Presidenten kan ikkje stille til val meir enn to gonger på rad. Presidenten har store fullmakter. Han styrer utanrikspolitikken, og er øvstkommanderande for dei væpna styrkane. Presidenten utnevner statsministeren, som må godkjennast av nasjonalforsamlinga, dumaen. Om presidenten fell frå, vert statsministeren fungerande president.


Nasjonalforsamlinga består av to kammer: Føderasjonsrådet (Sovet federatsii) og Statsdumaen (Gosudarstvennaja Duma). I føderasjonsrådet sit to representantar for kvart føderasjonssubjekt. I statsdumaen sit 450 representantar som vert valde ved forholdstalsval, med ei sperregrense på sju prosent. Ved det siste parlamentsvalet, 2. desember 2007, vart partiet Sameint Russland det klart største, med 64,3 % av røystene, og 315 plassar i dumaen. Tre andre parti kom inn i dumaen, Den russiske føderasjonens kommunistiske parti (57), Russlands liberaldemokratiske parti (40) og Rettferdig Russland (38).


Under Vladimir Putin sin presidentperiode (frå 2000 til 2008) vart forholda for opposisjonen i Russland vanskelegare. Den liberale opposisjonen boikotta presidentvalet i 2004. Parlamentsvalet i 2007 vart rekna som ufritt og manipulert av internasjonale observatørar, og det same gjaldt presidentvalet i 2008. Manipuleringa var mest tydeleg i enkelte av dei føderale republikkane - Sameint Russland fekk, etter dei offisielle resultata, over 99 % av røystene i republikkane Tsjetsjenia og Ingusjetia.


Føderasjonssubjekta fekk mindre sjølvstyre under Putin. Seks lite folkesette føderasjonssubjekt har blitt slått saman med naboområde, slik at talet på føderasjonssubjekt i mai 2008 er 83. Russland har vorte kalla ein assymetrisk føderasjon, dette tyder at graden av sjølvstyre varierer mellom føderasjonssubjekta. Størst sjølvstyre har dei 21 republikkane, som er oppretta for ein eller fleire etniske minoritetar. Alle føderasjonssubjekta har eit parlament og ei regjering. Leiarane av republikken har tittelen president. Etter 2004 er ikkje desse leiarane lenger folkevalde, men vert utpeika av Russlands president. Dei må så godkjennast av det regionale parlamentet. Russland er òg delt inn i sju føderale distrikt. Leiaren av desse vert utpeika av Russlands president, og skal sjå til at føderasjonssubjekta fylgjer grunnlova.



Referansar |





  1. 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010


  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet CIA World Factbook


  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet menon


  4. Den russiske idéverda og tilhøyrande problemstillingar er det gjort greie for i til dømes den russiske idéhistorikaren Nikolaj Berdjajevs bok Den russiske idé og nordmannen Peter Normann Waages bok Russland er sitt eget sted.


  5. Folketeljinga i 2002




Litteratur |



  • Waage, Peter Normann, Russland er sitt eget sted : streker til et lands biografi. [Oslo] 2012: Arneberg Forlag. ISBN 978-82-8220-036-3

  • Berdjajev, Nikolaj. 2012. Den russiske idé : Grunnleggende problemer i russisk tenkning på 1800-tallet og begynnelsen av 1900-tallet. Omsett til norsk av Torgeir Bøhler, innleiing av Pål Kolstø, personregister og forklårande notar. Oslo 2012: Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1704-1



Bakgrunnsstoff |


  • russland.ru internettavisen



Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Russland







































Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum