Saratov
Saratov Саратов | |||||
---|---|---|---|---|---|
Fil:Saratov Montage (2016).pngМосковская улица в Саратове.jpg | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Saratov oblast | ||||
Grunnlagd | 1590 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By | 378 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 841 400 2 225,9 /km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 50 moh | ||||
Tidssone - Ved sommartid | MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 410000–410086 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8452 | ||||
Bilnummer | 64, 164 | ||||
Nettstad: www.saratovmer.ru |
Saratov (russisk Сара́тов) er ein stor by sør i Russland. Han er administrativt senter i Saratov oblast og har ei stor hamn ved Volga. Byen har om lag 840 000 innbyggjarar. Dei fleste innbyggjarane er etniske russarar, men her bur òg mange tatarar, ukrainarar, jødar og etniske tyskarar.
Historie |
Gelonus, ein segnomsust skytisk by og den nordlegaste greske kolonien, kan ha vore på same stad som dagens Saratov. Gelonus er nemnd i bok 6 i Sogene til Herodotus og vart i følgje han brend ned i 512 f.Kr. av keisar Darius I av Persia. Ein meir sikker føregjengar til Saratov var Ukek.
Under tsar Fjordor Ivanovitsj vart det bygd fleire busetjingar for å styrke landegrensa. Sommaren 1586 vart festninga Samara grunnlagd. I 1589 vart festninga Tsaritsyn (seinare Stalingrad og i dag Volgograd) bygd i regionen der Volga og Don renn nær kvarandre. Saratov vart bygd i 1590 midt mellom Samara og Tsaritsyn etter ønske av grev Grigorij Zasekin. Bygningane vart reist i tre i dei øvre delane av Volga, eit år før sjølve eit år før grunnlegginga av den eigentlege byen. Om våren vart bygningane teke frå kvarandre, kvar tømmerstokk vart merka og heile byen vart levert til den noverande staden. Ein slik metode gjorde at ein kunne byggje ein heil by i løpet av berre nokre veker.
Saratov vart ei viktig elvehamn på 1800-talet og utvikla seg industrielt etter at han fekk jernbane til Moskva i 1870.
Frå sovjettida og fram til 1991 var Saratov ein lukka by som var stengd for alle utlendingar. Dette kom av at det var ein militær flyfabrikk ved staden. Han var heimstaden til det første mennesket i verdsrommet, Jurij Gagarin.
Tysk samfunn |
Saratov var òg heimwstad for volga-tyskarar. Fram til 1941 var Pokrovsk, i dag Engels, like over Volga for Saratov, hovudstad i ein eigen tysk republikk. Volga-tyskarane talde 800 000 på byrjinga av 1900-talet.
Då den andre verdskrigen braut ut vart alle tyskarane flytta i eksil til Sibir og Kasakhstan, og få kom nokon gong tilbake til regionen. Frå starten av 1980-talet flytta mange tilbake til Tyskland. Den romersk-katolske St. Klementy-kyrkja er eit minne om den tyske fortida til Saratov, sjølv om ho i 1960-åra vart omgjort til ein kinosal.
Bakgrunnsstoff |
- Saratov
- Saratov.ru
- Gamle bilete av Saratov
Byar i Saratov oblast | ||
---|---|---|
Administrativt senter: Saratov | ||
Arkadak · Atkarsk · Balakovo · Balasjov · Engels · Jersjov · Kalininsk · Khvalynsk · Krasnoarmeysk · Krasnyj Kut · Marks · Novouzensk · Petrovsk · Pugatsjov · Rtisjtsjevo · Sjikhany · Volsk |
|