Bybanen i Bergen





System-search.svgNøyaktigheit: Det er usemje om den faglege presisjonen på denne artikkelen. Han kan innehalde faktafeil. Sjå diskusjon for detaljar.























































































Bybanen i Bergen
Bybanen


Bybanen logo.svg

Transporttype
Bybane
Stad
Bergen i Noreg
Opna
22. juni 2010
Opna av
Sonja av Noreg
Drift
Eigar
Hordaland fylkeskommune gjennom Bybanen AS
Operatør
Fjord1 Partner på vegne av Skyss
Sporlengde 20,4 km
Sporvidde 1 435 mm
Elektrifisering køyreleidning 750 volt
Linjer 1
Stasjonar 20
Passasjertal 31 000 dagleg
Vognmateriell
Vognar 12
Lengd 32,2 m
Breidde 2,65 m
Høgd 3,5 m
Vekt 40 tonn
Høgste fart 80 km/t
Høgste fart i drift 70 km/t
Passasjerar 212

Bybanen i Bergen (Bybanen) er ein dobbeltspora, elektrisk driven sporveg for persontrafikk i Bergen, bygd etter bybanestandard. Førebels har bybanen berre ei line, men det ligg føre meir eller mindre konkrete planar om å bygge ut eit vidtfemnande linenett etter kvart. Det er offisielt vedteke at namnet på dette kollektivsystemet skal vere Bybanen i Bergen.


Vedtaket om bygging av ei bybaneline frå sentrum mot Nesttun og deretter vidare til Bergen lufthamn Flesland over Sandsli og Kokstad vart gjort i 2000. Bygginga av fyrste byggesteget, strekninga mellom sentrum og Nesttun, tok til i januar 2008, og banen vart høgtideleg opna av dronning Sonja for ordinær trafikk 22. juni 2010. Andre byggesteget, frå Nesttun til Lagunen, opna 21. juni 2013. Tredje byggesteget, frå Lagunen til Bergen lufhamn Flesland opna fram til Birkelandsskiftet 15. august 2016, og fram til Flesland 22. april 2017. Bybanen fekk 5. oktober 2011 prisen som Worldwide Project of the Year av Light Rail Transit Association i London, Storbritannia og i 2012 Vakre vegers pris.




Innhaldsliste






  • 1 Standarden på linenettet


  • 2 Historie


  • 3 Bygginga av lina mellom Bergen sentrum og flyplassen på Flesland


    • 3.1 Byggesteg 1: Byparken – Nesttun


    • 3.2 Byggesteg 2: Nesttun – Lagunen


    • 3.3 Byggesteg 3: Lagunen – Flesland




  • 4 Vognmateriell


  • 5 Drift


  • 6 Stasjonar


  • 7 Linjekart


  • 8 Vidare utviding


  • 9 Prisar


  • 10 Bakgrunnsstoff


  • 11 Kjelder





Standarden på linenettet |


Bybanen i Bergen går stort sett i gateplan og i eigen trasé i bygatene inne i sjølve byen, men elles som eigen bane. Dette gjer det mogleg med raske og store sporvogner, og togsetta er 32 meter lange og har plass til 212 personar. Men av di det er etter måten mange kryssingar mellom banen og gater og vegar, og mellom banen og avkøyringar til eigedomar frå gater og vegar, kan marsjfarta ikkje alltid vere så høg som sporvognene er meint å køyrast i. Reisetida på den 9,8 kilometer lange strekninga mellom sentrum og Nesttun er ifylgje rutetabellen 25 minutt, og i gågata i Nesttun går sporvognene i sniglefart. På strekninga frå Lagunen til flyplassen er det ingen plankryssingar med køyreveg, og her vert det nytta høgste fart, 70 km/t.


Særskilde trafikkreglar gjeld for bybanen i høve til den andre trafikken på gater og vegar, slik det går fram av føresegnene for trikk og bane i dei generelle trafikkreglane. Annan trafikk har vikeplikt for toga på bybanen, medan bybanen korkje har vikeplikt for syklistar, bilistar eller gåande, sjølv ikkje for gåande i gangfelt. Ein informasjonskampanje om dette vart sett i gang i samband med at bybanen vart sett i drift. Det skjedde likevel nokre uhell i den fyrste tida bybanen gjekk i bergensgatene, men ingen av dei var alvorlege. Eit av uhella råka berre Bybanen. Under køyreopplæring femten dagar før opninga av banen, 7. juni 2010, kolliderte to av vognsetta i låg fart i eit kryssingsspor ved endestoppet nær Byparken i Bergen sentrum. Ingen personar vart skada, men begge vognsetta fekk skader; det eine av dei så store skader at det ikkje kunne nyttast i lang tid etterpå.


Frå 24. mars til 2. april 2011 var Fageråstunnelen stengd fordi ein av køyreledningane måtte utbetrast. Banen gjekk som normalt frå Byparken til Wergeland.[1]



Historie |




Bybanen i Bergen den fyrste dagen med passasjerar
Foto: Nina Aldin Thune





Bybanen på veg til Byparken med dronning Sonja som fyrste offisielle passasjer




Kronstad haldeplass




Bybanen i Bergen under bygging


Framlegg om å byggje bybane i Bergen vart fyrst gjort allereie då drabantbyane rundt byen oppstod på slutten av 1960-talet og 1970-talet. Den fremste talsmannen var då NKP-politikaren, seinareSV-politikaren, Bjørn Gullachsen. Men det vart ikkje noko av framlegga. Ikkje før på slutten av 1980-talet, med aukande trafikkproblem og som fåfengt vart freista løyst med nye, storslegne vegutbyggingar, vart ideane fremja på nytt, med miljørørsla, einskilde politikarar, og bergenskjendisar som forfattarane Gunnar Staalesen og Erling Gjelsvik, i brodden. I 2000 vedtok bystyret, mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet, å byggje bybanen dersom finansiering kom på plass. Hausten 2005 vart prosjektet vedteke etter å ha vorte del av Nasjonal transportplan, ein plan for transporten i Noreg som vert vedteke av Stortinget for ti år og revidert før stortingsvalet kvart fjerde år. Også i 2005 vart vedtaket om bygginga av bybanen gjort mot røystene til Framstegspartiet. Kort tid etter tok byggearbeidet til.


Prosjektet hadde vore kontroversielt lenge. Kritikarane frykta mellom anna at bybanen ville verte eit pengesluk som vil føre til svakare kollektivtilbod i dei store områda der banen ikkje var til nytte. I 2006 starta ei gruppe kritikarar ein underskriftskampanje med krav om å leggje prosjektet fram for folkerøysting. Då partiet Høgre valde å gå mot dette, vart kravet avvist, enno ein gong mot røystene til Framstegspartiet og Pensjonistpartiet. Gaia Trafikk, som stod for busstransporten i Bergen på denne tida, gjorde eit fåfengt framlegg om å byggje vegar for sporbuss, også kalla metrobuss, i staden for bybane.



Bygginga av lina mellom Bergen sentrum og flyplassen på Flesland |


Bybanen frå Bergen sentrum fram til Bergen lufthamn, Flesland var planlagt i tre byggesteg. Det første byggesteget var strekninga frå sentrum til Nesttun, som var ferdig i 2010, det andre var strekninga frå Nesttun til Rådal/Lagunen Storsenter, som var ferdig sommaren 2013, og det tredje, frå Lagunen til flyplassen, var ferdig og teke i bruk fram til Birkelandsskiftet terminal i august 2016, og heilt fram til Flesland haldeplass, som ligg under terminalen på flyplassen, i april 2017.



Byggesteg 1: Byparken – Nesttun |


Bybanen på strekninga mellom Byparken i Bergen sentrum og Nesttun vart opna for vanleg trafikk den 22. juni 2010. Bygginga hadde teke til i januar 2008. Byggeprosessen var splitta i anbod, der åtte føretak hadde ansvaret for kvar si strekning. I desember 2009 var bygginga av sjølve banen ferdig, inklusive ei bru over sundet Straumen mellom Puddefjorden og Store Lungegårdsvann fire tunnelar. Traseen er 9,8 kilometer lang. Banen er bygd med med dobbeltspor heile vegen, slik at det til saman er lagt rundt 39,2 kilometer med skjener.


Totale kostnader for fyrste byggesteget var rekna til 2 200 millionar 2007-kroner.



Byggesteg 2: Nesttun – Lagunen |


Reguleringsplanen for traseen mellom Nesttun og Rådal/Lagunen vart godkjend i bystyret våren 2008. Dei førebuande byggearbeida byrja sommaren 2010. Sjølve byggearbeidet starta 7. januar 2011. Regjeringa gjorde 26. mars 2010 vedtak om at bompengeordninga for innfartsvegane kan halde fram, slik at byggetrinn 2 til Rådal/Lagunen kan finansieras. Investeringane blir jamt delte mellom fylkeskommunen og ved bompengefinansieringa. Ei fråsegn frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa tyder på at det kan verte ein føresetnad for statleg stønad at Bergen kommune sett i verk køprising på innfartsvegane, det vil seie at bompengetakstane for køyring inn til sentrum vert høgare enn elles i dei tidene på døgeret då trafikken er størst: "I den grada Bergen oppfyller vilkåra for middel frå Belønningsordningen kan desse midla nyttast til delfinansiering av forlenging av Bybanen. Samferdselsdepartementet vil likevel stille strenge krav til trafikkregulerende tiltak for tildeling av belønningsmidler."


Byggesteg 2 vart ferdig sommaren 2013.



Byggesteg 3: Lagunen – Flesland |


Byggjearbeidet på lina frå Lagunen til Bergen lufthamn Flesland tok til somaren 2013, og vart for det meste ferdig i august 2016. Men då den nye terminalbygningen på flyplassen, der Bybanen har endestopp i underetasjen, ikkje var ferdig på dette tidspunket, opna banen berre fram til Birkelandsskiftet terminal for ordinær trafikk 15. august 2016. Her er bybanehaldeplassen kombinert med ein terminal for rutebussar, og passasjernane måtte nytte buss på resten av strekninga. Banen kunne opne for ordinær trafikk heilt fram til flyplassen 22. april 2017.


Mellom Lagunen og flyplassen er det 6,81 km dobbeltspor og sju haldeplassar, Råstølen, Sandslivegen, Sandslimarka, Kokstad, Birkelandskiftet, Kokstadflaten og Bergen lufthamn Flesland. På strekninga er det seks tunnelar, tre bruer, seks kulvertar og tre gangbruer. Krysningar av køyrevegar er planfrie, men det er fotgjengarovergangar i plan med banen, særleg i samband med haldeplassane. Mellom haldeplassane går Bybanen med høgste fart på denne strekninga, som er 70 km/t.


I samband med bygginga av strekninga frå Lagunen til Bergen lufthavn vart det bygd ein permanent verkstad med depot på Kokstad, ikkje langt frå endehaldeplassen på Bergen lufthamn Flesland. Her er det plass til 50 vogner med ei lengd på 42 meter kvar, og dette er nok til å dekkje ei utvidinga av bybanenettet med inntil 40 kilometer. Her er det testspor, vognhall på 10 000 m², verkstad, vaskehall, lager, kontor, til saman 22 000 m² med bygningar. Omlag 50 vil ha arbeid her.





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Vognmateriell |


Vognene på bybanen er av typen Variobahn frå tyske Stadler Pankow. Kvart av vognsetta har totalt 212 plassar; av dette er 84 sitteplassar. Vognsettet kan forlengast med 10 m, og dette er førebudd både teknisk og avtalemessig. Til byggesteg 1 er det levert 12 vogner. For byggesteg 2 frå Nesttun til Lagunen er det planlagt med fire vognsett i tillegg. Kontrakten inneheld ein opsjon på ytterlegare 20 vognsett. Bybanen vil ha trådlaust Internett for passasjerane.


Tekniske data:


Lengd: 32,2 m
Breidde: 2,65 m
Høgd: 3,5 m
Vekt: 40 tonn
Høgste fart: 80 km/t (maks 70 km/t i drift)
Vognsetta er bygd som leddvogner, utan skiljevegger mellom dei partene vognsetta er sett saman av. Det er førarplass i kvar ende av vognsetta, og soleis ikkje bygd sporsløyfer ved endestasjonane.



Drift |


Hordaland fylkeskommune ved sitt kollektivtransportselskap Skyss har det overordna ansvaret for drifta av Bybanen, og sett i 2008 drifta ut på anbud. Det skulle konkurrerast om ein driftskontrakt på 7 år, med høve til to års forlenging. Kontrakten skulle inkludere drift av Bybanen og dessutan trafikkstyring. Drift og vedlikehald av infrastrukturen og forvaltning av rullande materiell (gjennom ein vedlikehaldsavtale med vognleverandøren Stadler Pankow GmbH) vil bli gjort av eit eige fylkeskommunalt selskap som vil heite Bybanen AS. Bybanen AS vil vere Hordaland fylkast parallell til Jernbaneverket. Ved utløpet av fristen 16. desember 2008 hadde følgjande fire leverandørar levert inn tilbod på drift av Bybanen:



  • Fjord1 Partnar AS

  • NSB AS

  • Tide Bane AS

  • Veolia Transport Noreg AS


Fjord1 Partnar vann til slutt anbudet, og må saman med Bybanen AS, ha dei naudsynte løyva frå Statens jernbanetilsyn.


Prognosen for talet på passasjerar for Bybanen på strekninga Sentrum-Nesttun er 13,5 - 16,5 mill (45 000 pr. arbeidsdag) i 2015. Med ein gjennomsnittsfart på 27 km/t mellom sentrum og Nesttun blir reisetida 21 minutt. Gjennomssnittsfarten mellom Nesttun og Lagunen er utrekna til 33 km/t.



Stasjonar |


Stasjonene og den visuelle profilen til Bybanen er utforma av CUBUS, Fuggi Baggi Designar og Kontrapunkt. Stasjonane på B1 og B2 ligg på gatenivå, og har billettautomatar og dynamiske skjermar som syner når toga kjem. Plattformene er på nivå med golvet i vognene, slik at passasjerar i rullestol eller med barnevogn kan kome seg lett på og av. Stasjonane er dimensjonert for 44 m lange vognsett, men førebels er vognsetta hovudsakleg 32 meter lange.


Bergen kommune har tillate tettare utbygging rundt stasjonane, og vil at dei fleste nye bustadene i desse delane av Bergen skal byggjast i tilknytnad til banen. Utbyggingsprosjekt for områda kring stoppestadene Slettebakken, Wergeland, Paradis og Lagunen har vorte annonserte av private utviklarar. Mange av stoppestadene ligg i bustadområde, og prosjekta har møtt mykje motstand frå folk som fryktar at nabolaga deira vil bli radikalt endra.


I vognene vert kvar stasjon annonsert med ein eigen melodisnutt laga av musikar og stortingsrepresentant Snorre Valen. Melodiane er tilknytte stasjonane. [1]



Linjekart |




Linjekart for fyrste byggesteget: Byparken-Nesttun


Førebels linjekart for 1., 2. og 3. byggesteg.

































































































































































































































































































































































































Teiknforklaring

BSicon uKACCa.svg


Byparken

BSicon uBUE.svg


Christies gate

BSicon uÜST.svg




BSicon uÜSTr.svg


17. mai-pensen

BSicon uBUE.svg


Strømgaten

BSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BAHN.svg


Nonneseter Bergen stasjon

BSicon uBUE.svg


Østre Strømkaien

BSicon .svgBSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS2.svgBSicon PARKING.svg


Bystasjonen

BSicon uBUE.svg


Riksvei E 16.svg  Fjøsangervegen

BSicon uBUE.svg


Nygårdsgaten/Lars Hilles gate

BSicon uHSTACC.svg


Nygård

BSicon uBUE.svg


Fv256 Nygårdsgaten/Fv272 Thormøhlens gate

BSicon uHSTACC.svg


Florida

BSicon uBUE.svg


Fv256 Nygårdsgaten

BSicon uWBRÜCKE1.svg


Nygårdsbroen

BSicon uBUE.svg


Møllendalsveien

BSicon uBUE.svg


Fv255 Ibsens gate

BSicon uHSTACC.svg


Danmarksplass

BSicon uBUE.svg


582N Bjørnsons gate

BSicon uBUE.svg


582N Inndalsveien/Bjørnsons gate

BSicon uENDEaq.svgBSicon uABZq+l.svgBSicon uhKRZ.svgBSicon uSHI4rq.svgBSicon .svg


Bybanen testspor

BSicon .svgBSicon STR.svgBSicon uhABZgl+l.svgBSicon uSHI4g+lq.svgBSicon uKDSTeq.svg


Kronstad depot

BSicon dLSTRq.svgBSicon ABZqr.svgBSicon umhKRZ.svgBSicon dLSTRq.svgBSicon .svg


Vossabanen

BSicon uHSTACC.svg


Kronstad

BSicon uBUE.svg


582N Inndalsveien

BSicon uHSTACC.svg


Brann stadion

BSicon uBUE.svg


582N Inndalsveien

BSicon uHSTACC.svg


Wergeland

BSicon uTUNNEL1.svg

Fageråstunnelen (663 m) Fv252 Hagerups vei

BSicon uTUNNEL1.svg

Fageråstunnelen (663 m)

BSicon uBUE.svg


Wiers-Jenssens vei

BSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS2.svg


Sletten

BSicon uHSTACC.svg


Slettebakken

BSicon uTUNNEL1.svg

Slettebakkstunnelen (412 m)

BSicon uHSTACC.svg


Fantoft

BSicon uTUNNEL1.svg


Fantofttunnelen (1 107 m) 585 Sandbrekkevegen

BSicon uTUNNEL1.svg


Fantofttunnelen (1 107 m)

BSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS2.svg


Paradis

BSicon uBUE.svg


Tjernvegen

BSicon uTUNNEL1.svg


Tveiteråstunnelen (443 m)

BSicon uWBRÜCKE2.svg


Nesttunvassdraget

BSicon uHSTACC.svg


Hop

BSicon .svgBSicon ueABZg+l.svgBSicon uexENDEeq.svg


Fråsettingsspor etablert i byggesteg 2

BSicon uBUE.svg


Sanddalsvegen

BSicon .svgBSicon .svgBSicon uHSTACC.svgBSicon BUS2.svgBSicon PARKING.svg
9,8 km

Nesttun

BSicon uENDExe.svg


byggesteg 1 (opna 22. juni 2010)
byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)


BSicon uexHST.svg
10,2 km

Nesttun sentrum

BSicon uexmKRZ.svg


Gamle Vossabanen (nedlagt)

BSicon uexTUNNEL1.svg


Nesttunhaugtunnelen (450 m)

BSicon .svgBSicon uexSTHST-Yo.svgBSicon BUS2.svg
10,9 km

Skjoldskiftet stasjon på bru over 582 Fanavegen

BSicon uexHST.svg
11,4 km

Mårdalen

BSicon uexTUNNEL1.svg


Skjoldtunnelen (400 m)

BSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS2.svg
12,3 km

Skjold

BSicon uexBUE.svg


Sætervegen

BSicon .svgBSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS2.svgBSicon PARKING.svg
13,2 km

Lagunen

BSicon uexSKRZ-Mo.svg


Riksvei 580.svg  Fanavegen

BSicon uexSTR+GRZq.svg


byggesteg 2 (byggestart august 2010, ferdig juni 2013)
byggesteg 3


BSicon uexTUNNEL1.svg


Folldalstunnelen

BSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS2.svg


Råstølen

BSicon uexTUNNEL1.svg


Steinsviktunnellen

BSicon uexBRÜCKE1.svg


Steinsvikvegen

BSicon uexTUNNEL1.svg


Feråstunnelen

BSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS2.svg


Sandslivegen

BSicon uexHST.svg


Sandslimarka

BSicon uexTUNNEL1.svg


Sandslitunnelen

BSicon uexSKRZ-Eu.svg


Ytrebygdsvegen

BSicon uexHST.svg


Kokstad

BSicon uexSKRZ-Yo.svg


Riksvei 580.svg  Flyplassvegen

BSicon .svgBSicon .svgBSicon uexHST.svgBSicon BUS2.svgBSicon PARKING.svg


Birkelandsskiftet

BSicon uexSKRZ-Yu.svg


Riksvei 580.svg  Flyplassvegen

BSicon uexHST.svg


Birkelandsskiftet

BSicon uexKRW+l.svgBSicon uexKRWgr.svgBSicon .svg




BSicon uexKDSTe.svgBSicon uexSTR.svgBSicon .svg


Kokstadflaten

BSicon uextSTRa.svg


Fleslandtunnelen

BSicon .svgBSicon .svgBSicon uextKBHFe.svgBSicon FLUG.svgBSicon BUS2.svg


Flesland haldeplass Bergen lufthamn, Flesland

BSicon uextENDEe.svg


Vendespor


Vidare utviding |


Bergensprogrammet, vedteke i Stortinget 2002, stadfestar at banen fyrst skal byggjast frå Bergen sentrum til Nesttun, og vidare fram mot Flesland i ein neste runde.


Det er under planlegging ei ny banestrekning frå Åsane(nord for Bergen sentrum) via Kronstad til Kristianborg, gjennom fjellet Løvstakken til Oasen i Fyllingsdalen (vest for Bergen sentrum). Kommunen har òg presentert meir ambisiøse planar der linja blir utvida frå Fyllingsdalen til Loddefjord, med ytterlegare høve til utvidingar både nordover og vestover til nabokommunane.


Spørsmålet om kor langt bybanen skal gå var ei viktig valkampssak under kommunevalkampane i Bergen i 2003 og 2007. Då Frp gjekk til val på motstand mot bybanen og kom inn i byrådet hausten 2007, vart det tvilsamt om bybanen ville gå lengre enn til Nesttun. Men etter forhandlingar med byrådskompanjongane KrF og Høgre gav Frp seg på dette, og byrådet går no inn for full utbygging fram til Flesland. Frp trekte seg i 2009 frå byrådssamarbeidet fordi Frp sitt landsmøte nektar Frp lokalt å røyste for auka bompengefinansiering. Ansvaret for bybaneutbygginga vart i 2007 flytta frå Bergen kommune til Hordaland fylkeskommune.


NSB har for eiga rekning lagt fram planar om ein jarnbane frå Bergen sentrum om Fyllingsdalen til Flesland. Jernbaneverket arbeider med planar om ei godstoglinje mellom Bergen sentrum og Flesland.



Prisar |



  • 2011: Worldwide Project of the Year[2]

  • 2011: Light Rail Awards i kategorien årets prosjekt[3]

  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger[4]

  • 2012: Vakre vegers pris[5]

  • 2012: Kollektivtrafikkprisen[6]

  • 2012: Vegdirektørens pris for vakre veger[7]



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bybanen i Bergen




  • Bybanens nettsider - Offisiell side

  • Bergen Kommune: Introduksjon til Bybanen


  • Begens Tidende: «Slik blir bybanen» - 12. mai 2007.


  • Bergens Tidende: «Det skjer langs bybanen» - 9. januar 2008.


  • Bergens Tidende: «Bybanen baner seg frem» 1. oktober 2008


  • NRK - Ta en eksklusiv tur med Bybanen. Video, historie og bakgrunnsstoff (18.06.2010).


  • Bergens Tidene: Bybanen i mål ved Lagunen 10. oktober 2012



Kjelder |





  1. Bybane-arbeid ferdig før antatt


  2. Look to Norway - og Bybanen


  3. «Her er verdens beste bybane» (på norsk). Bergensavisen. 8. oktober 2011. Henta 1. desember 2012. 


  4. «Norges vakreste» (på norsk). Bergensavisen. 3. mars 2012. Henta 1. desember 2012. 


  5. Vakre vegers pris til Bybanen


  6. «Bybanen fikk Kollektivtrafikkprisen» (på norsk). Bergensavisen. 22. november 2012. Henta 22. november 2012. 


  7. «Får pris for vakker Bybane» (på norsk). Bergensavisen. 30. november 2012. Henta 1. desember 2012. 







































Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

What is the offset in a seaplane's hull?

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029