Lillehammer
Lillehammer | |
By | |
Lillehammer sett frå Vingnes. | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Oppland |
Kommune | Lillehammer |
Areal | 11,14 km² |
Folketal | 20 400 (2017) |
Folketettleik | 1 831 / km² |
Innbyggjarnamn | lillehamring |
Preposisjon | på Lillehammer |
Wikimedia Commons: Lillehammer | |
Lillehammer er ein by og administrasjonssenteret i Lillehammer kommune i Oppland fylke. Byen har 20 400 innbyggjarar per 1. januar 2017, er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Oppland, og er prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Olympiske og paralympiske vinterleikar
3 Vennskapsbyar
3.1 I Norden
3.2 I andre land
4 Sjå òg
5 Kjelder
5.1 Fotnotar
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med byen sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode kommunikasjonar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidare samband med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet gjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden mogleg, og bidrog til at byen voks fram.
Olympiske og paralympiske vinterleikar |
Lillehammer var i 1994 vertsby for dei 17. olympiske vinterleikane; vinter-OL 1994. Samstundes var vinter-PL 1994 arrangert i byen. I den samanhengen vart det bygd nye idrettsanlegg, og eksisterande kulturbygg og vegar fekk ei opprusting. I 2016 var Lillehammer på nytt vertsby for OL etter at han 7. desember 2011 var valt ut som vertsby for vinter-OL for ungdom 2016.
Vennskapsbyar |
|
|
Sjå òg |
- Lillehammer kommune
- Tettstader i Oppland
Kjelder |
«Lillehammer» i Store norske leksikon, snl.no.
Fotnotar |
↑ Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 19.
Bakgrunnsstoff |
- Lillehammer kommune
Vêrvarsel for Lillehammer, yr.no
Vertsbyar for Dei olympiske vinterleikane | |
---|---|
|
Vertsbyar paralympiske vinterleikar | |
---|---|
1976: Örnsköldsvik • |
Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|