Borgarkrigstida




















Borgarkrigstida

Birkebeinerne ski01.jpg
Birkebeinane fraktar den vesle kongsarvingen Håkon Håkonsson i tryggleik for fienden baglarane.

Knud Bergslien har måla denne kjende soga frå borgarkrigstida.




















Dato
1130–1240
Stad

Noreg

Krigsårsak
Omstridd
Resultat
Siger til Birkebeinane og kong Håkon Håkonsson i den siste fasen

Partar

Birkebeinane

Baglarane

Ribbungane
Kommandantar

Øystein Møyla

Sverre Sigurdsson
Inge Bårdsson
Håkon Håkonsson



Eirik Ivarsson

Nikolas Arnesson
Erling Steinvegg
Filippus Simonsson



Sigurd Ribbung

Gudolf Blakstad




Borgarkrigstida eller innbyrdeskrigane er nemningar på kampar om makta i Noreg mellom 1130 og 1240.


Borgarkrigstida kan delast inn i tre fasar:



  1. Sporadiske stridar mellom nær skylde kongsemne, frå 1130 til om lag 1160.

  2. Omfattande kampar mellom ulike kongsemne, om lag 1160 til 1184.


  3. Birkebeinane nedkjempa opposisjonen frå kyrkja og ulike opprørsflokkar, 1184—1240.


Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Etter lova kunne alle ekte og uekte etterkommarar at kongen bli konge, og nye kongsemne hevda å vera kongssøner, og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokka mellom anna lendmannspartiet, birkebeinane og baglarane. Kong Sverre utrudde dei fleste av lendmennene og konsoliderte makta si, men møtte ny motstand frå kyrkja og erkebiskopen i Nidaros, Øystein Erlendsson. Son til Sverre, Håkon Sverresson, inngjekk forlik med kyrkja, men døydde etter kort tid. Håkon Håkonsson vart vald til konge i 1217 mot kandidatuet til Skule Bårdsson. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, men det var ikkje nok til å stagga ambisjonane hans, og i 1239 fekk han gitt seg sjølv kongsnamn på Øyratinget. Skule vart etter kvart drepen av kong Håkon sine menn. Borgarkrigane i Noreg tok så slutt.



Norske kongar og tronkrevjarar i borgarkrigstida |


I lista er tronkrevjarane markert med eit ekstra innrykk. Desse vert vanlegvis ikkje rekna med i den norske kongerekkja.




  • Magnus IV (Sigurdsson) Blinde (1130–1135)


  • Harald IV (Magnusson) Gille (1130–1136)

    • Sigurd Magnusson Slembe : 1135–1139



  • Sigurd II Munn (1136–1155)


  • Inge I (Haraldsson) Krokrygg (1136–1161)


  • Øystein II Haraldsson (1142–1157)


  • Håkon II (Sigurdsson) Herdebrei (1157–1162)


  • Magnus V Erlingsson (1161–1184)


    • Sigurd Sigurdsson Markusfostre : 1162–1163


    • Øystein Øysteinsson Møyla : 1174–1177


    • Jon Ingeson Kuvlung : 1185–1188


    • Sigurd Magnusson : 1193–1194


    • Inge Magnusson : 1196–1202


    • Erling Magnusson Steinvegg : 1204–1207


    • Filippus Simonsson : 1207–1217




  • Sverre Sigurdsson (1177–1202)


  • Håkon III Sverresson (1202–1204)


  • Guttorm Sigurdsson (1204)


  • Inge II Bårdsson (1204–1217)


  • Håkon IV Håkonsson (1217–1263)

    • Skule Bårdsson : 1239–1240




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Borgarkrigstida








Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad