Olav II av Noreg




















































Olav II Haraldsson
Overselo Olof04.jpg
Kong Olav II av Noreg
Konge av Noreg
Regjeringstid
1016-1028
Fødd
995 på Gvarv
Fødestad Ringerike kommune
Død
29. juli 1030 på Stiklestad
Dødsstad Stiklestad
Mor Åsta Gudbrandsdotter
Far Harald Grenske
Ektefelle Astrid Olofsdotter
Barn
Magnus
Ulvhild
Føregangar Ladejarlane Eirik og Svein Håkonsson
Etterfølgjar Ladejarlen Håkon Eiriksson

Olav II Haraldson også kalla Heilag-Olav eller Olav Digre, fødd 995 på Gvarv[1], død 29. juli 1030 på Stiklestad, var konge av Noreg frå 1016 til 1028. Han vart gjort til helgen etter å ha vorte drepen under slaget på Stiklestad, og vart deretter rekna for å ha innført kristendommen i heile Noreg på ein varig måte. Helgenattributt for Sankt Olav er ei stridsøks.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Liv


  • 3 Død


  • 4 Sjå òg


  • 5 Fotnotar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Namn |




Sankt Olav med helgen-attributt. Kalkmåleri i Överselö kyrka i Sverige. (Foto: Klaus Fuisting).


Kongen er truleg mest kjend under namnet Olav den heilage eller Heilag-Olav. På norrønt språk var han kalla Óláfr hinn helgi. Andre namn på han er Olav Haraldsson, Olav Digre, og som helgen Sankt Olav og St. Olav, på svensk S:t Olof, engelsk Saint Olaf. Namnet Olav kan òg verta skrive Olaf eller Olaus, svensk Olof av Norge, latin Olavus rex.



Liv |


Olav var son av Harald Grenske, ein norsk småkonge, og Åsta Gudbrandsdotter. Han vart gift i 1019 i Sarpsborg med Astrid Olofsdotter som var dotter til kong Olof Skötkonung i Sverige. Med henne fekk han dottera Ulvhild, f. 1020 i Borg, d. i Saksen 24 mai 1071; g. m. Ordulf av Saksen (1020-1072). Med frilla Alvhild fekk han sonen Magnus (1024-1047), seinare kjend som Magnus den gode.



Død |




Bilete på eit altarfrontale (forstykke til altarbord) av tre frå mellomalderen som syner kong Olavs død. Altarfrontalet er å sjå på eit sidealtar i Nidarosdomen i Trondheim.




Heile altarfrontalet; biletet av kong Olavs død nede til høgre. Heile biletserien på frontalet skildrar Olav som konge og helgen.


Olav døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli 1030, og som helgen vert han feira den 29. juli: Olsok eller «Olavsvaka». I Nidaros vart det i mellomalderen reist ei praktfull kyrkje til ære for Sankt Olav, og leivningane etter han plassert i kyrkja, som etter kvart vart kalla Nidarosdomen. I mellomalderen var Sankt Olav ein viktig helgen i heile Norden, og Nidaros ein valfartsstad for pilegrimar frå heile Norden og andre land[2].


Etter dei opplysningane Snorre Sturlason gjev i soga om Olav dei heilage, døyr kong Olav av hogg i halsen, magen og låret. Snorre hevder at Torstein Knarresmed fyrst hogg kongen i låret med ei stridsøks, og at kongen deretter la seg opp mot ein stein, kasta våpna frå seg og gav opp kampen. Så hogg Kalv Arnesson den forsvarslause kongen i halsen med eit sverd, og høvdingen Tore Hund stakk kongen med eit spyd opp under brynja og inn i magen. Framstillinga som Snorre gjev, samsvarer med mange av bileta frå mellomalderen av korleis kong Olav døydde, mellom anna med motivet på ein portal som er teke vare på frå den nedrivne Hemsedal stavkyrkje, som har som tema kong Olavs martyrium og status som kristusliknande helgen.


Framstillinga på stavkyrkjeportalen frå Hemsedal syner at den krafta og styrken som Sankt Olav vart tillagt som kristningshelgen har basis i den framgangsmåten som dei tre heidne krigarane fylgde då dei drap kongen under slaget på Stiklestad, kombinert med måten kongen oppførte seg på i denne samanhengen. Både i skildringa åt Snorre og i dei biletlege framstillingane frå mellomalderen, er drapet av kongen gjeve preg av eit heident kultdrap innanfor ei kristen, mytisk ramme. Denne framstillinga av drapet av kongen som ei menneskeofring etter heidenske kultiske framgangsmåtar, danna i sin tid grunnlaget for at Sankt Olav (altså den døde og heilaggjorte, himmelske kongehelgenen) fekk ei mytologisk basert verknad i heidne samfunn, slik det går fram av at det heidne Trøndelag kunne leggjast under kristen kongemakt utan væpna kamp kort tid etter Sankt Olavs død og heilagkåring[3].


Det var altså fyrst etter å ha døydd og og vorte heilagkåra at kong Olav klarte å kristne Norge. Dette var sjølvsagt ikkje den brutale og maktsjuke krigarkongens eigen forteneste, men ei fylgje av at kyrkja og kongemakta fekk i stand ei soge om han og den særeigne måten han døydde på som kunne nyttast som ein hendig og verknadsfull reiskap i kristningsarbeidet. På bakgrunn av biletmaterialet frå mellomalderen er Snorres skildring av kong Olav og hans død soleis først og fremst å sjå på som ei attgjeving av ei formfullendt helgenlegende som hadde til hensikt å fremje og konsolidere kristendommen og kristen konge- og kyrkjemakt i både heidne og kristne samfunn.



Sjå òg |


  • Tore Hund


Fotnotar |





  1. Per Simon Mustvedt (7. desember 2011). «Thorstein fann Olav den helliges fødested». nrk.no. 


  2. Rumar (red.) 1997: Helgonet i Nidaros


  3. Hoftun 2002, side 94-105; Hoftun 2008




Bakgrunnsstoff |


Ein kan lesa om Olav som konge og helgen i mellom anna Heimskringla, ei samling av norske kongesoger, av islendingen Snorre Sturlason. ISBN 82-521-4711-9



  • Passio Olavi - Lidingssoga og undergjerningane åt den Heilage Olav; Oslo 1970. ISBN 82-521-4397-0


  • Hoftun, Oddgeir. Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, Copenhagen 2002; Borgens Forlag. S. 94 - 105. ISBN 87-21-01977-0

  • Hoftun, Oddgeir. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008; Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8

  • Lidén, Anne; Olav den Helige i Medeltida Bildkonst, Legendmotiv och attribut; Monographs. KVHAA. Stockholm 1999. Vitterhetsakademien. ISBN 91-7402-298-9. (Abstract and summary in English: Saint Olav in Medieval Pictorial Art. Narrative Motifs and Attributes.)

  • Rumar, Lars (red.). Helgonet i Nidaros : Olavskult och kristnande i Norden, [Stockholm] 1997. ISBN 91-88366-31-6.





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum