Egil Skallagrimsson
Egil Skallagrimson (norrønt Egill Skallagrímsson)[a] var ein høvding frå Island i vikingtida. Han var fødd på Island om lag år 910, og døydde om lag år 990.
Han var son av Skallagrim Ulfsson (Skalla-Grímr Kveldulfsson) og Bera Yngvarsdottir. Skallagrim Ulfsson hadde i si tid reist frå det norske Vestlandet til Island.
Egil Skallagrimson var ein stor skald, og er rekna som den fremste av dei norrøne diktarane. I soga om Egil Skallagrimson (Egilssoga eller Egils saga) vert det fortalt at han kunne kveda dikt allereie då han var tre år. Truleg er Snorri Sturluson (1179-1241) opphavsmann til Egilssoga. Soga fortel at han gjorde sitt første drap då han var berre sju år gamal. Egil kunne og med trolldomskunstar.
I soga er Egil skildra som ein hard krigar, det òg fortalt om to høve då Egil gjekk holmgang; ein gong mot Atle den skamme på Gulating og ein annan gong mot Ljot den bleike på Sunnmøre. I årevis stod Egil i strid med kong Eirik Blodøks og dronning Gunnhild. Han kjempa både i det seinare Storbritannia, så vel som i andre land kring Nordsjøen.
Born med Asgerd (eller Asgjerd) Bjørnsdottir |
- Thorgerd Egilsdottir
- Bera Egilsdottir
- Bodvar Egilson
- Gunnar Egilson
- Thorstein Egilson
Merknadar |
↑ Namnet er stava på ymse måtar, andre stavemåtar er mellom anna Egill Skallagrímsson», Eigill Skallagrimsson, Egill Skalla-Grímsson eller Egil Skallagrimsson.
Bakgrunnsstoff |
Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950)
Höfundur Egill Skallagrímsson (Islandsk)
Egils saga (Islandsk)
Egil Skallagrímsson Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie (Finnur Jonsson 1920)
Kjende kvad av Egil Skallagrimsson:
Hovudlausen dråpa til kong Eirik Blodøks.
Sonatorrek (Sonetapet) - minnekvad over sonen Bodvar som drukna.
Arinbjarnarkvida Eit kvad til minne om Egil sin ven Arinbjørn herse.
Adalsteinsdråpa Dråpa om kong Adalstein (Athelstan) i England- Berudråpa
- Skjaldardråpa
Lausaviser (48 vers)- Fragment
|