Kveldulv Bjalvesson







Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletstein på Gotland)


Kveldulv Bjalvesson (norrønt (Kveld-Úlfur) var ein norsk bygdehovding og skald som levde på slutten 800-talet. Ein reknar med at han vart fødd omkring 820 og døydde omkring 890.




Innhaldsliste






  • 1 Norrøne kjelder


  • 2 Familie


  • 3 Liv og lagnad


  • 4 Notar


  • 5 Referansar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Norrøne kjelder |


Han er nemnt i den islandske landnåmaboka[1], men mest opplysningar om han finn vi i Egilssoga[2]. Der blir det fortalt at han i røynda heitte Ulv (Úlfur Bjálfason) men vart kalla Kveldulv fordi han om kveldane vart mannsstygg og ikkje tilsnakkande. Folk sa at han kunne skifte ham (han var hamrammr).



Familie |


Far hans var Bjalve (Brunda-Bjalve) i Fjordane (Firdafylke) og mor hans var Hallbera Ulvsdotter frå Ramsta i Namdalen. Han var gift med Salbjørg, dotter til Berle-Kåre (Kåre Vemundsson) på Bremanger. Brørne hennar var Øyvind Lambe[Note 1], lendmann på Sandnes i Alsta, og skalden Olve Nuva.


Kveldulv hadde to søner: Torolv og Grim.
Torolv Kveldulvsson vart ein mektig hovding i Hålogaland, nemnd som lendmann og hirdmann hos kong Harald Hårfagre. Han vart gift med Sigrid[3], dotter åt den mektige Sigurd herse på Sandnes.
Grim Kveldulvsson vart kalla Skallagrim av di han skal ha blitt tidleg skalla, og han var gift med Bera Yngvarsdotter. Han var landnåmsmann og ein av dei første nordmennene som busette seg på Island.[Note 2].



Liv og lagnad |


I Egilssoga blir det fortalt om Kveldulv at han var stor og sterk og rik på jord og lausøyre. I ungdommen låg han ute i viking og herja og truleg hadde han heimstaden sin i Firdafylke. Han fekk lendmanns rett, slik forfedrane hans hadde hatt, og han var ein mektig mann.


Kveldulv var blitt ein gamal mann på den tida då kong Harald Hårfagre var i ferd med å gjere seg til herre over Vestlandet. Han ville ikkje gi støtte til kongen, men han ville heller ikkje gi støtte til motstandarane hans og sa at han ville heller sitje heime og lat vere å tene kongar. Han let likevel sonen Torolv fare til kong Harald for å bli mannen hans, og slik fekk Kveldulv leve i fred.


Torolv Kveldulvsson var med i slaget i Hafrsfjord og han var i byrjinga vel omtykt av kong Harald. Men seinare vart det usemje mellom dei og kongen drap Torolv. Det er etter denne hendinga Kveldulv gjorde diktet nedanfor[4], det einaste skaldeverset vi kjenner etter han:








Nú frák norðr í eyju,

(norn erum grimm) til snimma

Þundr kaus þremja skyndi,

Þórólf und lok fóru;

létumk þung at þingi

Þórs fangvina at ganga,

skjótt munat hefnt,

þótt hvettimk hugr,

malm-Gnáar brugðit.




Tidend tung eg frette,

Torolv der nord er fallen,

eg fekk usæl lagnad,

Odin krov han ovsnart.

Alder tyngjer;

inkje eg evlar sverd å bera.

Hemnen vart ikkje lett

om hugen eggja meg.

(norsk omsetjing, etter Egilssoga s. 49)




Kveldulv og Skallagrim fór til kong Harald og ville ha bot for drapet på Torolv, men kongen sa nei. Dei tok då hemn for mordet og drap meir enn femti av kong Harald sine menn, mellom dei to av kong Harald sine frendar, brørne som Egilssoga kallar Hallvard Hardfare og Sigtrygg Snarfare. Skallagrim gjorde dette diktet[5] om hendinga [Note 3]:








Nú's hersis hefnð

við hilmi efnð,

gengr ulfr ok ǫrn

of ynglings bǫrn;

flugu hǫggvin hræ

Hallvarðs á sæ;

grár slítr undir

ari Snarfara.





No hemnar-hand

på Harald vann;

åt ulvetonn

ligg ynglings born;

eg Hallvard heiv,

i hav han bleiv,

grådig are

et Snarfare

(norsk omsetjing, etter Egilssoga s. 55)




Deretter rusta dei ut to skip, og far og son siglde til havs for å fare til Island. Kveldulv vart sjuk under sjøferda og døydde før skipet hans kom til lands og Egilssoga fortel då at han vart lagt i ei kiste og kasta på sjøen. Kista skal deretter ha drive i land på Island. Skallagrim fann seinare kista og der bygde han ein gard som vart kalla Borg (Borg á Mýrum) og fjorden og heradet gav dei namnet Borgarfjord. Det var på denne garden at sonesonen til Kveldulv, skalden Egil Skallagrimsson, vart fødd om lag år 910.



Notar |




  1. Øyvind Lambe var farfar til skalden Øyvind Skaldespiller


  2. Skallagrim Kveldulvsson var far til skalden Egil Skallagrimsson


  3. Det er ein teori om at det i røynda var Egil Skallagrimsson som gjorde diktet til ære for far sin.



Referansar |





  1. Landnåmaboka (kafli 18 og 19) frå snerpa.is


  2. Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1962)


  3. Hovdingsetet på Sandnes Om Bård Kvite, Torolv Kveldulvsson og Sigrid Sigurdsdotter.


  4. Lausavise av Kveldulv Bjalvesson, omkring år 878 (Skaldic Project)


  5. Lausavise av Skallagrim Kveldulvsson (Skaldic Project)




Bakgrunnsstoff |




  • Kveldulv Store norske leksikon.


  • Kveldulv Norsk biografisk leksikon, bind 8 side 106.


  • Riksombudsmenn i Nord-Norge 850-1350 Trond Gabrielsen 2007.




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029