Gregorius Dagsson







Dronning Ingerid og Gregorius eggjar kong Inge, teikning av Erik Werenskiold.


Gregorius Dagsson (død 1161) var ein norsk høvding i borgarkrigstida. Gregorius Dagsson var lendmann for kong Inge Krokrygg, og Snorre fortel i Haraldssønenes saga at Gregorius og Inge si mor Ingerid Ragnvaldsdotter freista å styra den vanføre kongen.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Lendmann i borgarkrigstida


  • 3 Våpenskjold?


  • 4 Referansar


  • 5 Litteratur





Bakgrunn |


Gregorius var son av Dag Eilivsson, som grunnla Gimsøy kloster, og gjennom mora var han i nær skyld med Giskeætta. Systera Baugeid var abbedisse ved klosteret.[1] Ei anna syster, Borghild, var gift med Kåre kongbror, sammødre halvbror av kong Olav Magnusson.[2]



Lendmann i borgarkrigstida |


Gregorius var ein av dei fremste lendmennene i si tid, og budde på garden Bratsberg i Grenland. Då han hadde påkalla seg kong Sigurd Munn sin vrede, gjekk han over til bror til kongen, Inge Krokrygg. Han vart ein av Inges sterkaste støtter i dei følgjande konfliktene, då Inge sine brør, Sigurd og Øystein Haraldsson slo seg saman for å fråta han hans del av riket. Inge var sterkt funksjonshemja, og lét høvdingane (mellom anna Gregorius) rå for det meste av landstyringa.[3] Inge sin bror Øystein freista å ta Gregorius til fange, men Gregorius klarte å rømme, og Øystein brann garden hans.[4]


Gregorius vende seg fyrst mot Sigurd og fekk han drepen i Bergen i 1155. Då Øystein ville hemne drapet, overrumpla Gregorius han nokre år seinare ved Foss i Ranrike, der Øystein fall. Då Sigurd Munns son Håkon Herdebrei seinare tok kongsnamn, var Gregorius ein av førarane for den hæren som slo han ved Konghelle i 1159. Men då Gregorius med få menn ville angripe Håkon sine bønder i nærleiken av Uddevalla i januar 1161, vart han drepen. Liket vart gravlagd i Gimsøy kloster.[5]



Våpenskjold? |


Gregorius vart i «Gerhard Schønings våpenbok»
frå sist på 1700-talet, påstått å ha hatt eit våpenskjold, utan at dette er stadfesta i kjelder frå mellomalderen.[6] Påstanden finst ikkje i Iver Hirtzholms våpenbok frå 1600-talet. Truleg er våpenet ei forveksling med våpenet til sysselmannen i Skien, Stig Håkonsson, som er kjent frå 1335.[7]



Referansar |




  1. Snorre: Håkon Herdebreis saga s. 647 (kapittel 14)


  2. Snorre: Magnus Blindes og Harald Gilles saga s. 606 (kapittel 13)


  3. Snorre: Haraldssønnenes saga s. 626 (kapittel 22)


  4. Snorre: Haraldssønnenes saga s. 633 (kapittel 29-30)


  5. Snorre: Håkon Herdebreis saga s. 647 (kapittel 14)


  6. Harald Nissen og Terje Bratberg: Schønings våpenbok – Gamle Norske Adel Efter et gammelt Manuskript Assessor Ifver Hirtzholm tilhørende, Pirforlaget, Trondheim 2013 sidene 80-81, 164-165 og 251-252. Same våpen, namn og tekst finst i eit handskrift frå Oluf Bang (død 1783): «En gammel fortegnelse på den norske adel». Våpenet er au med under namnet Orm Dagson i Lexicon over Adelige Familier i Danmark, Norge og Hertugdømmerne, bind I, København 1787, side 109.


  7. H.J. Huitfeldt-Kaas m.fl.: Norske Sigiller fra Middelalderen, Oslo 1899-1950, segl nr. 274 og Stigs farfar, baronen Tore Håkonsson, med samme skjold i segl nr. 27 fra 1303.



  • Denne artikkelen bygger på «Gregorius Dagsson» frå Wikipedia på bokmål, den 2. august 2017.



Litteratur |




  • Hans Cappelen: «Ikke Gregorius Dagsson», Våpenbrevet nr. 94 mars 2015, Norsk Heraldisk Forening, Oslo 2015. Artikkelen justert i Ætt og Annet nr. 96, Grenland Ættehistorielag, Skien 2015, side 37-38

  • Johan Marius Setsaas: «Schønings våpenbok: Til glede og bekymring», Genealogen nr. 2/2014, Oslo 2014, side 45-51


  • Nordisk familjebok. Uggleupplagan. Bd. 10 (1909), «Gregorius Dagssön» [1]


  • Snorre: Norges Kongesagaer. Oversatt av Anne Holtsmark og Didrik Arup Seip. Gyldeldal, Oslo 1979




  • «Gregorius Dagsson» i Store norske leksikon, snl.no.


  • Gregorius Dagsson i Norsk biografisk leksikon




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum