Formannskapslovene




Formannskapslovene var to norske lover som vart vedtekne 23. og 24. november 1836 og sanksjonerte av Kongen den 14. januar 1837.[1] Med formannskapslovene vart folkevalde styringsorgan introdusert både i fylka (amta) og kommunane (formannskapa).




Innhaldsliste






  • 1 Formannskapet


  • 2 Amtet


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Formannskapet |


Lovene la den kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret, difor vart det ofte eit formannskap i kvart prestegjeld. Bestod eit prestegjeld av fleire sokn, skulle kvart av desse velje sine formenn og representantar. Formannskapslovene av 1837 vart seinare avløyst av nye kommunelover som vart vedtekne i åra 1921, 1938 og 1954.


Seinare på 1800-talet vart det vanleg å kalle formannskapa for herad og på 1900-talet vart kommune det vanlegaste omgrepet.



Amtet |


Allereie ved lova av 1837 fekk landkommunane sitt «amtsformannskap.»
Amtstinget, som det snart vart heitande, sett saman av ordførarane frå kommunane i amtet.
Frå 1850-talet fekk amtskommunane nye store oppgåver, som ansvar for sjukehusa, dei vidaregåande skulene og vegtilsynet i amtet.
I 1919 endra amtstinget namn til fylkesting, men valordninga til fylkestinget var i det vesentlege uendra frå fylkesdemokratiet vart innført i 1838 og fram til valet i 1964: Fylkestinget var og samansett av ordførarane i heradskommunane.


I 1961 kom ei eiga lov for fylkeskommunane. Fra 1963, då denne nye fylkeskommunelova tok til å gjelde, kom også byane med i fylkeskommunen,
og fylkestingsrepresentantane vart frå då av valde av kommunestyra.
I 1976 vart direkteval til fylkesting innført.
I 1992 vart det vedteke ei felles lov for kommunar og fylkeskommunar. Denne vert ofte kalla kommunelova.



Referansar |





  1. [1]




Bakgrunnsstoff |



  • ”Kommunesektorens finansiering fra 1837 til i dag” (fra Odin)

  • ”Kommunal virksomhet - organisering innenfor kommunelovens system - gjeldende

  • Formannskapslovene 150 år




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum