Ingeniør






Ingeniørar diskuterer bygginga av ei hengebru mellom øya Anglesey og fastlandet i Wales (teikna av John Lucas i 1868).


Ingeniør (frå latin/fransk) ein utdannings og yrkestittel innan tekniske fag. Kva som ligg i tittelen «ingeniør» varierer mykje frå land til land.




Innhaldsliste






  • 1 Opphav


  • 2 Noreg


  • 3 Andre land


  • 4 Eur Ing


  • 5 Kjelder





Opphav |


Ingeniør er ei omskriving av det franske ordet ingénieur, som har opphav i det mellomarderske franske ordet gigneor eller jingnor. Det opphavlege tydinga femna om alt frå ein høgt utdanna spesialist til ein fagmann for utførte praktisk arbeid, om lag som den engelske tydinga i dag. «Ingénieur» vert òg sett i samband med det franske ordet génie, som i sin tur stammar frå det latinske ordet genius, som tyder «å generera» eller «å produsera». I moderne fransk vert «génie» nytta i betydninga teknisk fagområde, som til dømes maskin, elektro, kjemi, osb.



Noreg |


I Noreg er sivilingeniør ein rettsbeskytta tittel. Etter Kvalitetsreforma har denne tittelen falle vekk, og er no erstatta med Mastergrad.


Høgskoleingeniør viser til nokon som har ingeniørutdanning frå ein høgskule, men tittelen er ikkje rettsbeskytta. I Noreg viser tittelen ingeniør vanlegvis til at den som ber tittelen har gjennomført ei 3-årig utdanning ved ein høgskule og teke ein bachelor-grad i ingeniørfag, eventuelt ei toårig vidareutdanning, såkalla høgskulekandidatutdanning, for studentar med bakgrunn som fagarbeidarar eller teknikarar i industrien. Tittelen «ingeniør» i norsk industri er gjerne meir ein stillingstittel enn eit mål på utdanning og kompetanse, og det er glidande overgangar mellom kva som vert kalla teknikar og ingeniør.



Andre land |


Den franske tittelen «ingenieur» og den tyske tittelen «diplomingenieur» tilsvarar den norske tittelen «sivilingeniør». Omgrepet «engineer», som vert nytta i engelsktalande land har ulik tyding alt etter i kva samanheng det vert nytta. Det kan vera alt frå ein «chartered engineer», som tilsvarar om lag det same som ein norsk sivilingeniør til ein maskinist på eit skip, eller ein montør.



Eur Ing |


I ein freistnad på å harmonisera omgrepet og gjera det lettare å utveksla arbeidskraft oppretta FEANI på 1990-talet tittelen «Eur Ing», men dei nasjonale organa som godkjende kven som kunne få titellen stilte ikkje strenge nok krav, så tittelen fekk ein låg status[treng kjelde].



Kjelder |



Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum