Toscana






















































Regione Toscana

Flag of Tuscany.svg

Italy Regions Tuscany Map.png
Kart som viser plasseringa til Toscana i Italia

Hovudstad

Firenze
President
Claudio Martini

Provinsar
10

Kommunar
287

Areal
22 990 km²
 - Rangering
5. (7,6 %)

Folketal (2006 est.)
 - Totalt
3 619 872
 - Rangering
9. (6,1 %)
 - Tettleik
157/km²
Heimeside

www.regione.toscana.it

Toscana er ein av tjue regionar i Italia. Hovudstaden er Firenze, det har eit areal på 22 990 km² og om lag 3,6 millionar innbyggjarar. Toscana er kjend for landskapet sitt og som eit senter for kunst gjennom lange tider. Seks stader i Toscana er på UNESCO si verdsarvliste: Det historiske senteret Firenze (1982), det historiske senteret Siena (1995), Piazza dei Miracoli med Det skeive tårnet i Pisa (1987), det historiske senteret San Gimignano (1990), det historiske senteret Pienza (1996) og Val d'Orcia (2004).




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Historie


    • 2.1 Appenninske og villanovanske kulturar


    • 2.2 Etruskarane


    • 2.3 Romarane


    • 2.4 Mellomalderen


    • 2.5 Renessansen


    • 2.6 Den moderne perioden




  • 3 Demografi


  • 4 Bakgrunnsstoff


    • 4.1 Biletgalleri







Geografi |


Toscana er ein region sentralt i Italia og grensar til Emilia-Romagna i nord, Liguria i nordvest, Tyrrenhavet i vest, Umbria og Marche i aust og Lazio i søraust. To tredjedelar av regionen er åslendt, medan ein fjerdedel er fjellkledd. Resten består av sletter som dannar dalen til elva Arno.



Provinces of Tuscany map.png


Toscana er delt inn i ti provinsar:



  • Arezzo

  • Firenze

  • Grosseto

  • Livorno

  • Lucca

  • Massa-Carrara

  • Pisa

  • Pistoia

  • Prato

  • Siena



Historie |



Appenninske og villanovanske kulturar |


Den før-etruskiske historia til området seint i bronse- og jernalderen går parallelt til historia til dei første grekarane. Toscana-området var busett av folk frå den såkalla Appenniniske kulturen seint på 1000-talet fvt. (om lag 1350 til 1150 fvt.) som dreiv handel med den minoiske og den mykenske sivilisasjonen i Egearhavet. Etter dette tok den villanovanske kulturen (1100 - 700 fvt.) over Toscana og resten av Estruria vart delt mellom høvdingar. Det utvikla seg bystatar seint i den villanovanske perioden før «orientaliseringa» skjedde og etruskarane kom til makta.



Etruskarane |



For meir om dette emnet, sjå Den etruskiske sivilisasjonen.





Castiglioncello nær Rosignano Marittimo. Kvar by har sitt eige etruskiske museum.


Etruskarane var den første store sivilisasjonen i denne delen av Italia og var stor nok til å bygge vegar, drive jordbruk og gruvedrift, i tillegg til å produsere livaktig kunst. Folket som danna sivilisasjonen levde i området (kalla Etruria) langt inn i førhistorisk tid. Sivilisasjonen voks i området mellom elvane Arno og Tiber frå 700-talet fvt. og nådde toppen av på 600- og 500-talet før dei avstod all makt og alle områda sine til romarane ved 1. århundret fvt. Medan dei eksisterte mista dei område til dei omliggande sivilisasjonane Magna Graecia, Kartago og Gallia. Trass i at grekarane skildra dei som eit folk med eigne skikkar og tradisjonar, vart kulturen seinare påverka av både romarane og grekarane som viska ut skilnadane, og etruskarane oppretta mellom anna ein overklasse slik som romarane hadde.



Romarane |


Like etter dei hadde tatt over Estruria grunnla romarane byane Lucca, Pisa, Siena og Firenze og gav området ny teknologi og utvikling. Dette inkluderte vegar, akvedukter og kloakkanlegg og bygginga av mange nye bygningar, både private og offentlege. Romarriket kollapsa på 400-talet evt. og gotarar og andre forlet området utan kontroll. På 500-talet kom langobardarane kom til området og gjorde Lucca til hovudstaden i hertugdømet Tuscia.



Mellomalderen |



For meir om dette emnet, sjå Markgrevskapet Toscana.


Mange pilegrimar reiste langs Via Francigena mellom Roma og Frankrike og dette førte til velstand og utvikling i mellomalderen. Dei reisande trengde mat og ly og dette førte til at nye samfunn med kyrkjer og vertshus voks opp. Konflikten mellom Welf og ghibellinarane, som støtta høvesvis Kyrkjestaten og Det tysk-romerske riket sentralt og nord i Italia på 1100- og 1200-talet delte det toskanske folket.


Desse to faktorane gav opphav til mektige og rike kommunar i Toscana: Arezzo, Firenze, Lucca, Cortona, Pisa og Siena. Balansen mellom desse kommunane av goda dei kvar hadde, Pisa hadde ei hamn, Siena hadde ein bank og Lucca hadde ein bank og silke. I renessansen hadde derimot Firenze vorte den kulturelle hovudstaden i Toscana og sikra ei lys og fredeleg framtid for regionen.



Renessansen |


Toscana vert rekna som fødestaden til renessansen og den kunstariske arva etter denne perioden finn ein i arkitektur, måleri og skulptur, samla i dusinvis av museumar i byar i heile regionen. Dei mest kjende er kanskje Uffizi og Bargello i Firenze. Toscana var fødestaden til Leonardo da Vinci, Michelangelo og Dante Alighieri («faren til italiensk språk»).



Den moderne perioden |


På 1400-talet annekterte herskarane av Firenze, Medici-familien, dei nærliggjande landområda og oppretta det som i dag er Toscana. Den polske arvefølgjekrigen i 1730-åra enda med at Toscana vart gjekk frå Medici-familien til Frans, den habsburgske hertugen av Lorraine, som vart keisar i Det tysk-romerske riket. Då Napoleon oppløyste dette riket gjekk Toscana til etterfølgjaren Det austerrikske riket. Etter den italienske sjølvstendekrigen i 1850-åra var til slutt Toscana overført frå Austerrike til det nyoppretta Kongedømet Italia.




Typisk landskap frå Val d'Orcia i Toscana



Demografi |


Byar i Toscana med meir enn 50 000 innbyggjarar:























































Kommune
Folketal (2006 est.)

Firenze
366 901

Prato
183 823

Livorno
160 534

Arezzo
95 229

Pisa
87 737

Pistoia
85 947

Lucca
84 422

Grosseto
76 330

Massa
69 399

Carrara
65 125

Viareggio
63 389

Siena
54 147


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toscana




  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Tuscany frå Wikivoyage

  • Kart over Toscana

  • Historie og geografi i Toscana



Biletgalleri |



  • Borghi di Toscana

  • PhotoGlobe - Toscana

  • Paradoxplace








Flag of Italy.svg






Regionar i Italia

Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto


Koordinatar: 43°24′36″N 11°00′00″E





Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum