Kaliningrad oblast
| |||||
Hovudstad | Kaliningrad | ||||
Areal - Totalt | Rangering: 80. 15 100 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 57. ca. 941 900[1] (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Nordvestlege | ||||
Økonomisk region | Nordvest | ||||
Regionsnummer | 39 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Nikolaj Nikolajevitsj Tsukanov | ||||
Nasjonalsong | | ||||
Tidssone | UTC +0200 |
Kaliningrad oblast (russisk: Kaliningradskaja oblast) er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Det administrative distriktet (oblastet) omfattar dei nordlege delane av den gamle provinsen Austpreussen i Tyskland. Området går frå Austersjøen opp til Litauen, og vart okkupert av Sovjetunionen etter Andre verdskrig. Hovudbyen i oblastet har namnet Kaliningrad. I 1946 vart byen omdøypt frå Königsberg, og oppkalla etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. Kaliningrad oblast er ein eksklave utan samband over land til det eigentlege Russland, og er frå 2004 omgjeve av EU-landa Polen og Litauen.
Ved vala til oblast-parlamentet 13. mars 2006 vart Sameint Russland det klart største partiet. Heile 16,5 % av veljarane røysta "mot alle", som tilsvarar å røysta blankt.
Innhaldsliste
1 Folkesetnad
1.1 Kjende personar frå Kaliningrad Oblast
2 Fotnotar
3 Bakgrunnsstoff
Folkesetnad |
Den einaste store byen er Kaliningrad, som hadde 431 900 ibuarar i 2010.[1]
Dei største folkegruppene ved folketeljinga i 2010 var:[1]
Russarar: 82,0 %
Ukrainarar: 3,5 %
Kviterussarar: 3,5 %
Litauarar: 1,0 %
7349 personar, 0,7 % av befolkninga, oppgav tysk nasjonalitet.
Kjende personar frå Kaliningrad Oblast |
Aleksej Leonov, kosmonaut
Viktor Patsajev, kosmonaut
Ljudmila Putina, kona til president Vladimir Putin
Fotnotar |
↑ 1,01,11,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kaliningrad oblast
- Litauarar i Kaliningrad-området
Russiske oblast | ||
---|---|---|
Amur | Arkhangelsk | Astrakhan | Belgorod | Brjansk | Irkutsk | Ivanovo | Jaroslavl | Kaliningrad | Kaluga | Kemerovo | Kirov | Kostroma | Kurgan | Kursk | Leningrad | Lipetsk | Magadan | Moskva | Murmansk | Nizjnij Novgorod | Novgorod | Novosibirsk | Omsk | Orenburg | Orjol | Penza | Pskov | Rjazan | Rostov | Sakhalin | Samara | Saratov | Smolensk | Sverdlovsk | Tambov | Tjumen | Tomsk | Tsjeljabinsk | Tula | Tver | Uljanovsk | Vladimir | Volgograd | Vologda | Voronezj |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|