Torgeir Vraa
Torgeir Vraa | |
Fødd | 16. mai 1868 Fyresdal |
---|---|
Død | 21. juni 1934 |
Parti | Arbeidarpartiet, Venstre |
Torgeir Olavsson Vraa (16. mai 1868–21. juni 1934) var ein norsk pressemann og politikar frå Fyresdal. Han var fyrst medlem av Venstre, frå 1897 representerte han Arbeidarpartiet.
Liv |
Vraa var son til ein gardbrukar på Rui i Fyresdal. Han gjekk Asker seminar og var ferdig seminarist i 1889. Åra 1890-1904 var han lærar i Modum, samstundes som han var gardbrukar på garden kona hans kom i frå. Frå 1902 var han journalist i Social-Demokraten. I 1905 vart han den fyrste redaktøren i den ferske avisa Fremtiden i Drammen, busett i byen der. Han redigerte avisa heilt fram til han døydde.
Vraa var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet periodane 1906-09, 1925-27 og 1931-33. I sin fyrste periode var han vald frå einmannskrinsen Strømsø og Tangen, dei to siste gongane frå kjøpstadene i Buskerud (Drammen, Hønefoss, Kongsberg). Han var 1906-09 medlem av protokollkomiteen, på dei seinare stortinga var han medlem av skog- og vassdragskomiteen. Vraa var kjend som ein framifrå agitator, og reiste vidt og breitt i Noreg på talarferd for Arbeidarpartiet.
Han var også lokalpolitikar, medlem av heradsstyret i Modum og var varaordførar i Drammen bystyre mellom 1910 og 1913, samt medlem av formannskapet i til saman fire valperiodar mellom 1913 til 1928. Han var elles formann i Buskerud Arbeidarparti, samt landsstyremedlem av Det Norske Arbeidarparti 1904-12 og 1918-20.
Vraa døydde i Drammen i 1934. Ein statue av han vart reist i byen to år etter.
Kjelder |
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff |
- Biografi fra NSD
|