Senegal




[endre]






























































République du Sénégal

(norsk: Senegal, senegalesisk)














Det senegalesiske flagget

Det senegalesiske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Pincez Tous vos Koras, Frappez les Balafons»
Motto
Fransk: Un peuple, un but, une foi
(eit folk, eit mål, ei tru)


Geografisk plassering av Senegal

Offisielle språk

Fransk

Hovudstad

Dakar

Styresett

President
Statsminister


Republikk
Macky Sall
Mohammed Dionne

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
196 722 km² (87.)
2,1 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
14 668 522 (72.)
74,6 /km² (110.)

Sjølvstende
  - År
Frå Frankrike
1959

Nasjonaldag

4. april

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
36 300 mill. USD (114.)
2 800 USD (164.)

Valuta

CFA-franc

Tidssone

UTC

Telefonkode
+221

Toppnivådomene

.sn




Senegal er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Gambia i vest, Mauritania i nord, Mali i aust og Guinea og Guinea-Bissau i sør. Det ligg sør for Senegalelva med kyst mot Atlanterhavet i vest.


Senegal blei oppretta i 1960 etter oppløysinga av Mali-føderasjonen, som var blitt oppretta av tidlegare franske koloniar i 1959. Den største folkegruppa i landet er wolof-folk, som utgjer rundt 43 % av innbyggjarane. Deretter følgjer fulaniar (ca. 23 %) og sererfolk (ca. 15 %). Dei aller fleste innbyggjarane er muslimar (rundt 94 %), medan eit mindretal er kristne (5 %) eller følgjer tradisjonelle religionar.




Kart over Senegal



Klima |


Senegal har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Temperaturane held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april.


Regnmengdene aukar frå nord til sør, og dei nordlege områda av landet er påverka av den intertropiske konvergenssona med skyer og regn mellom juni og september. I løpet av desse månadane regner det likevel berre 20-30 dagar, og den årlege nedbørsnormalen er rundt 300-350 mm. I sør aukar den årlege nedbøren til mellom 1000 og 1500 mm, og det regnar om lag 60-90 dagar i regntida. Her strekkjer regntida seg inn i oktober. Dakar mellom desse to områda og har ein årleg nedbørsnormal på 542 mm. Dei nordlege områda av Senegal ligg i utkanten av Sahara, og er eit tørt område.


I tørketida bles det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og denne kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lågare i denne tida, og temperaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lågare.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Senegal» frå Wikipedia på bokmål, og «Senegal» frå Wikipedia på svensk den 5. september 2015.



Bakgrunnsstoff |











Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Modern approach to radio buttons

A word for worn pool table felt