A Change Is Gonna Come














































A Change Is Gonna Come
Singel av Sam Cooke
frå albumet Ain't That Good News


A-side
«Shake»

Utgjeve
22. desember 1964

Innspelt
16. november 1964
RCA Studios
(Hollywood, California)

Sjanger



  • Rhythm and blues

  • soul




Lengd
3:12

Selskap

RCA Victor

Låtskrivar(ar)
Sam Cooke

Produsent

Hugo & Luigi

Sam Cooke-kronologi
«Cousin of Mine»
(1964)

A Change Is Gonna Come
«It's Got The Whole World Shakin'»
(1965)




«A Change Is Gonna Come» er ein song av den amerikanske plateartisten Sam Cooke, gjeven ut den 22. desember 1964 på RCA Victor, 11 dagar etter at Cooke døydde. Han vart produsert av Hugo & Luigi og arrangert og dirigert av René Hall og gjeven ut som B-side til «Shake». Songen tek for seg stillinga til afroamerikanarar i det amerikanske samfunnet, med refrenget «It's been a long time coming, but I know a change is gonna come» («det har vart lenge, men eg veit det skal endre seg»). Songen var inspirert av forskjellige personlege hendingar i livet til Cooke, mellom anna ei hending då han og bandet hans vart avvist ved eit motell i Louisiana som berre var for kvite. Cooke følte seg tvinga til å skrive songen som talte om kampen hans og dei rundt han, og han spelte inn songen for den første utgjevinga på det siste albumet sitt, Ain't That Good News.


Sjølv om det berre vart ein liten hit for Cooke samanlikna med dei førre singlane hans, vart «A Change Is Gonna Come» eit symbol for den amerikanske borgarrettsrørsla. Songen vert rekna som ein av dei beste songane til Cooke, og er blitt stemd fram som ein av dei beste songane gjennom tidene av forskjellige publikasjonar. I 2007 vart songen utvald til bevaring i Library of Congress der National Recording Registry rekna songen som «kulturelt, historisk og estetisk viktig.»




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Innspeling og produksjon


  • 3 Komposisjon


  • 4 Medverkande


  • 5 Utgjeving


    • 5.1 Ettermæle




  • 6 Lister (Sam Cooke-versjonen)


  • 7 Sjå òg


  • 8 Bibliografi


  • 9 Kjelder


  • 10 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


«A Change Is Gonna Come» var delvis inspirert av ei hending der Cooke og bandet hans prøvde å sjekke inn på eit motell for «berre kvite» i Shreveport i Louisiana. Den 8. oktober 1963 hadde Cooke ringt på førehand til Holiday Inn North for å reservere rom til kona si Barbara og seg sjølv, men då han og gruppa kom fram, vart portieren nervøs og sa det var fullt.[1] Broren Charles protesterte og Sam var rasande og forlangde å få snakke med bestyraren. Kona hans prøvde å roe han ned og sa til han «Dei kjem til å ta livet av deg», og han svarte «Dei kjem ikkje til å drepe meg, for eg er Sam Cooke».[1] Då dei klarte å overtyde Cooke til å dra derfrå og gruppa køyrde av stad medan dei ropte hånande og tuta med bilane. Då dei kom fram til Castle Motel i sentrum, venta politiet på dei og arresterte dei for ordensforstyrring.[1]The New York Times trykte ein rapport frå AP i avisa dagen etter med overskrifta «Negro Band Leader Held in Shreveport,» men afroamerikanarar vart rasande og skapte ei myte kring hendinga, som overdreiv delar av soga og fabrikkerte andre delar.[2]


I tillegg vart Cooke så rørt av Bob Dylan sin «Blowin' in the Wind» i 1963 og at nokon som ikkje var svart kunne skrive ein så gripande song om rasisme i Amerika. Han vart òg skamfull over at han ikkje hadde klart å skrive noko slikt sjølv.[3] Imaget hans og frykta for å miste den hovudsakleg kvite fansen sin, hindra han i å skrive ein slik song.[4] Cooke likte Dylan-songen så godt at han med ein gong byrja å spele songen på konsertane sine.[5]



Innspeling og produksjon |


Etter jula 1963 inviterte Cooke J.W. Alexander heim til seg for at han skulle lytte på ein ny song han hadde skrive, ein Cooke var særs nøgd med. Då han kom fram spelte Cooke gjennom songen på gitaren sin to gonger, og andre gongen gjekk han gjennom songen linje for linje.[6] Begge var særs nøgd med songen, og Alexander meinte songen var meir personleg og politisk enn noko han hadde skrive tidlegare. Han åtvara Cooke om at songen truleg ikkje kom til å selje like godt som dei lettare og meir popaktige songane hadde gjort, men Cooke brydde seg ikkje om det.[7] Han forklarte Alexander at han håpa at songen skulle gjere faren stolt.[7] «Det var mindre arbeid enn noko anna song han hadde skrive», sa biografen Peter Guralnick.[5] «Han var nesten skremd av songen - det var nesten som om songen var meint for noko andre. Han henta den ut av lause lufta og han kom til han ferdig, trass i at det på mange måtar er den mest komplekse songen han har skrive. Han var både sett frå eit enkelt menneske, slik han startar med 'I was born by the river' - men vert òg fortalt ut frå synspunktet til ein heil generasjon.»[5]


Cooke gav songen til partneren sin René Hall, utan spesifikke instruksjonar om kva han ønskte, utanom å gje songen «den instrumenteringa og orkestreringa som songen krev».[8] Tidlegare hadde duoen samarbeidd om arrangement, men dette var første gongen Hall fekk all kontroll over arrangementet, og han komponerte det på same måte som filmmusikk, med fyldige, symfoniske strykarar.[8] «Eg ønskte at det skulle bli det største eg hadde gjort i livet- eg brukte lang tid, sette i verk mange idear, og endra dei og omarrangerte dei,» sa Hall.[8] Cooke var godt kjend som ein perfeksjonist og «kontrollfreak» i platestudioet, så det var uhøyrt at han gav Hall full kontroll.[5]


AFO-trommeslagaren John Boudreaux var skremd av orkesterarrangementet og nekta å forlate kontrollrommet, så studiomusikaren Earl Palmer som arbeidde i nabostudioet, steppa inn. Luigi Creatore bad Cooke om å spele inn fleire opptak, og det åttande var «nesten perfekt».[9] Luigi var særs nøgd med songen, og rekna opptaket som eit av hans beste, både særs seriøs men likevel unik.



Komposisjon |


Kvart vers er ein ny sats, der strykarane ber det første, blåsarane det neste og pauker ber mellomspelet.[5]Valthornet i innspelinga var meint å gje ei kjensle av melankoli.[8]


Cooke skreiv om personlege hendingar i songen, som møte i Memphis, Shreveport og Birmingham, for å syne liva og kampane til afroamerikanarar på denne tida.[7] Linjene «I don't know what's up there / Beyond the sky» kan syne til at Cooke er i tvil om at ein kan oppnå absolutt sann rettferd på jorda.[7] I det siste verset ber Cooke «brørne» sine om hjelp. Verset held fram med '«But he winds up knocking me / back down on my knees.»{{sfn|Guralnick|2005|p=541}



Medverkande |


«A Change Is Gonna Come» vart spelt inn 11. november 1964 i RCA Studios i Hollywood i California.[10] Lydteknikaren var Wally Heider, og innspelinga vart dirigert og arrangert av René Hall. Musikarane spelte inn «Falling in Love» same dagen.[10]








  • Sam Cooke – vokal

  • SR Crain – korvokal

  • Paul Foster – korvokal

  • Jimmie Outler – korvokal

  • Richard Gibbs – korvokal

  • JJ Farley – korvokal

  • René Hall – gitar

  • Norman Bartold – gitar

  • Arnold Belnick – gitar

  • Clifton White – gitar

  • Chuck Badie – bassgitar

  • Earl Palmer – trommer

  • Harold Battiste – piano

  • William Hinshaw – valthorn

  • Emil Radocchia – marimba, pauke, perkusjon





  • William Kurasch – trompet

  • Louis Blackburn – trombone

  • John Ewing – trombone

  • David Wells – trombone

  • Harry Hyams – bratsj

  • Alexander Neiman – bratsj

  • Israel Baker – fiolin

  • Irving Lipschultz – fiolin

  • Leonard Malarsky – fiolin

  • Jack Pepper – fiolin

  • Ralph Schaeffer – fiolin

  • Sidney Sharp – fiolin

  • Darrel Terwilliger – fiolin

  • Tibor Zelig – fiolin

  • Emmet Sargeant – cello





Utgjeving |


Cooke framførte først «A Change Is Gonna Come» på The Tonight Show Starring Johnny Carson den 7. februar 1964. Den nye manageren til Cooke, Allen Klein, var særs nøgd med songen og overtydde Cooke om å la vere å marknadsføre den nyaste singelen, «Ain't That Good News», og spele «Change» i staden. Cooke protesterte og meinte at det ikkje var tid til å setje saman eit arrangement på så kort tid.[11] Klein fekk RCA til å betale for ein fullstendig strykeseksjon og Cooke framførte songen på The Tonight Show, i tillegg til «Basin Street».[12] Opptaket er ikkje teke vare på.[11][12] Klein og Alexander meinte begge det kom til å bli ein milepåle i karrieren til Cooke, men det vart overskugga av framføringa til The Beatles på The Ed Sullivan Show på CBS berre to dagar seinare.[12]


Cooke spelte aldri «A Change Is Gonna Come» igjen, både fordi arrangementet var så komplekst, men òg på grunn av den illevarslande karakteren til songen.[5] Då han synte songen for protesjéen sin Bobby Womack, svarte han at songen høyrdest ut «som døden».[5]


Ti månader seinare vart «A Change Is Gonna Come» førebudd for singelutgjeving, og verset og refrenget før mellomspelet vart fjerna for å få songen spelt på radio.[13] Borgarrettsrørsla plukka raskt opp songen.[5]



Ettermæle |


Sjølv om songen berre selde moderat, vart «A Change Is Gonna Come» ein kampsong for den amerikanske borgarrettsrørsla, og vert rekna som den beste songen til Cooke. I løpet av åra er han blitt hylla på mange måtar, og i 2005 stemde representantar frå musikkindustrien songen fram til 12. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han hamna på tredjeplassen på lista til Pitchfork Media over dei 200 beste songane frå 1960-åra. Songen er òg blant dei 300 viktigaste songane som er spelt inn av National Public Radio (NPR) og vart valt ut av Library of Congress som ein av 25 utvalde innspelingar til National Recording Registry i mars 2007.


Trass i lovorda, har singelen vore plaga av kontraktsproblem. Ein strid mellom forlaget til Cooke, ABKCO, og plateselskapet RCA Records, gjorde at innspelinga stort sett var utilgjengeleg i nesten 40 år etter han kom ut. Sjølv om songen vart nytta i filmen Malcolm X i 1992, kunne han ikkje gjevast ut på filmmusikkalbumet som følgde. I 2003 vart striden oppklart og songen vart gjeven ut på den nymastra utgåva av Ain't That Good News, og i Cooke-samlinga Portrait of a Legend.


Konsertutgåver av songen vart gjeven ut i filmmusikken til Michael Mann-filmen Ali i 2001. James Taylor spelte inn ein versjon for ein episode med same tittel i fjernsynsserien The West Wing. The Allman Brothers Band spelte songen i 2003 på Live at the Beacon Theatre, som vart gjeven ut på DVD.


Andre kjende artistar som har spelt songen er mellom andre Allison Moorer, Jeffrey Gaines, Matt Doyle, Luther Vandross, Cory Wells, Bob Dylan, Aretha Franklin frå «I Never Loved a Man the Way I Love You» (1967), The 5th Dimension (i ein medley frå 1970 med The Rascals sin «People Got to Be Free»), Three Dog Night, The Band, Wayne Brady, Billy Bragg, Evelyn Champagne King, Solomon Burke, Terence Trent D'Arby, Gavin DeGraw, the Fugees, the Cold War Kids, Deitrick Haddon, Graham Parker, Patti Labelle, Solo, Prince Buster, Morten Harket, The Neville Brothers, jacksoul, Ben Sollee, Johnny P, Billy Preston, Otis Redding, Baby Huey, Michael Thompson med Bobby Womack, Leela James, Tina Turner, The Righteous Brothers (Bobby Hatfield solo), The Gits, Brandy, The Supremes, The Manhattans, Tony Carey, Gerald Alston, Jimmy Barnes og Seal. Arcade Fire nytta songen til å støtte presidentkampanjen til Barack Obama. I nyare år er songen blitt sampla av rapparane Ghostface Killah (1996), Ja Rule (2003), Papoose (2006), Lil Wayne (2007) «Long Time Coming (remix)» Charles Hamilton, Asher Roth og B.o.B (2009), og Nas på It Was Written.


I 2004 framførte Patti LaBelle songen på Nobelfredspriskonserten.



Lister (Sam Cooke-versjonen) |















Liste (1965)
Plassering

Billboard R&B Singles Chart
9

Billboard Hot 100
31


Sjå òg |



  • Blowin' in the Wind

  • The Times They Are a-Changin'



Bibliografi |




  • Portrait of a Legend 1951-1964. Abkco Records, 2003. Los Angeles, California.


  • Werner, Craig (1999). A Change Is Gonna Come: Music, Race, and the Soul of America. Plume. ISBN 0-452-28065-6. 


  • Wolff, Daniel J.; S.R. Crain; Clifton White; G. David Tenenbaum (1995). You Send Me: The Life and Times of Sam Cooke. William Morrow & Co. ISBN 0-688-12403-8. 


  • Guralnick, Peter (2005). Dream Boogie: The Triumph of Sam Cooke. Back Bay Books. ISBN 978-0316013291. 



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «A Change Is Gonna Come» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2016.





  1. 1,01,11,2 Guralnick 2005, s. 526.


  2. Guralnick 2005, s. 527.


  3. Guralnick 2005, s. 512.


  4. Guralnick 2005, s. 513.


  5. 5,05,15,25,35,45,55,65,7 «Sam Cooke And The Song That 'Almost Scared Him'». NPR (National Public Radio). 1. februar 2014. Henta 13. mai 2016. 


  6. Guralnick 2005, s. 540.


  7. 7,07,17,27,3 Guralnick 2005, s. 541.


  8. 8,08,18,28,3 Guralnick 2005, s. 547.


  9. Guralnick 2005, s. 548.


  10. 10,010,1 Portrait of a Legend: 1951–1964 (liner notes). Sam Cooke. USA: ABKCO Records. 2003. 92642. 


  11. 11,011,1 Guralnick 2005, s. 550.


  12. 12,012,112,2 Guralnick 2005, s. 552.


  13. Guralnick 2005, s. 607.




Bakgrunnsstoff |



  • Heile songteksten på MetroLyrics







Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029