Pavel Koltsjin

























Pavel Koltsjin

Pavel-Kolchin (cropped).jpg

Verkeleg namn Павел Константинович Колчин
Fødd
9. januar 1930
Jaroslavl
Død

29. desember 2010
Otepää


Yrke
langrennsløpar

Pavel Koltsjin på Commons

Pavel Konstantinovitsj Koltsjin (9. januar 1930–29. desember 2010) var ein russisk langrennsløpar som konkurrerte for Sovjetunionen. Han vann åtte OL og VM-medaljar i tida mellom 1956 og 1964, hans einaste gullmedalje kom på 4x10 km stafett under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo.



Aktiv |


Koltsjin. som var frå Jaroslavl, debuterte i dei store internasjonale meisterskapane med ein 10. plass på 30 km under Ski-VM 1954 i Falun. To år seinare vann han bronsemedaljen på same distansen under OL 1956 i Cortina, var då over minuttet bak både olympiameisteren Veikko Hakulinen og den svenske sølvvinnaren Sixten Jernberg. Tre dagar seinare, 30. januar 1956, tok han ein ny bronse, då berre tre sekundar bak Jernberg som fekk eit nytt sølv, men over halvminuttet bak gullvinnaren Hallgeir Brenden. Etter å ha vorte nummer seks på femmila, gjekk Koltsjin andreetappen på Sovjets sigrande stafettlag. Saman med Fjodor Terentjev, Nikolaj Anikin og Vladimir Kuzin gjekk han Sovjet inn til gull på tida 2.15,30; 1.01 minutt føre sølvlaget frå Finland.


Koltsjin markerte seg stort også under Ski-VM 1958 i Lahti. Her vann han tre sølvmedaljar på høvesvis 15 km, 30 km og 4x10 km stafett. I tur og orden måtte han gje tapt for finnane Kalevi Hämäläinen på 30 km og Veikko Hakulinen på 15 km, og til sist Sveriges firemannslag på stafetten. Seinare i 1958-sesongen vann Koltsjin både 15 og 50 km under Holmenkollrenna.


Både under ski-VM 1962 i Zakopane og vinter-OL 1964 i Innsbruck var Koltsjin med i Sovjet-mannskapa som ved begge høva vann bronsemedaljar.


Koltsjin vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1963, saman med kona Alevtina Koltsjina, Astrid Sandvik og Torbjørn Yggeseth.


Koltsjin døydde i Otepää i Estland.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Pavel Koltsjin» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2012.



Bakgrunnsstoff |



  • Holmenkollvinnarar sidan 1892

  • Vinnarar av Holmenkollmedaljen

  • FIS-profil




  • (en) Pavel Koltsjin – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.




Popular posts from this blog

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Bunad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum