Squaw Valley

Multi tool use
Multi tool use






Squaw Valley


Squaw Valley Ski Resort i Olympic Valley i Placer County i delstaten California er eit av dei største skiområda i US-Amerika. Feriestaden tek årleg imot ca 600 000 skiløparar. Det er det nest største skiområdet ved Lake Tahoe. Dei olympiske vinterleikane for 1960 vart arrangert i Squaw Valley.


Squaw Valley ligg i fjellområdet Sierra Nevada, 1 900 meter over havet. Området er kjent for sine store snømengder, ofte fell opp til 1 200 mm gjennom vinteren. Anlegget er spreidd over seks toppar og 4 000 dekar. Høgste toppen er 2 760 meter over havet.



Soge |


I 1942 kjøpte Wayne Poulsen, ein tidlegare skiløpar, 2 000 hektar i dagens Olympic Valley, av Southern Pacific Railroad. Poulsen trefte i 1946 Alex Cushing, ein jurist med politiske kontaktar og tilgang på kapital. Like før opninga 1949 vart Poulsen og Cushing usams om framtida for feriestaden. Cushing enda opp med å kontrollere Squaw Valley Ski Corporation, som makta å få 1960-års Vinter-OL til Squaw Valley. Cushing leia Ski Corporation, morselskapet til Squaw Valley Ski Resort, til han døydde.


Cushing modellerte Squaw Valley etter europeiske alpinanlegg ved å sette basseng og losji oppe på fjellet i staden for på botnen, og ved å bringe den nyaste løfteteknologien til USA.


Sjølv om 1960-OL på det næraste var bortlova til Innsbruck i Austerrike, reiste Cushing til Paris i 1955 med ein skalamodell av sitt forslag for dei olympiske arenaene, og overtala den internasjonale olympiske komitéen til å velje Squaw Valley til arrangørstad. Det var det første, direkte fjernsynsformidla vinter-OL, med millionar av sjåarar i USA. Vinterolympiaden synte at amerikanske, alpine skianlegg hadde nådd det nivået som vart forventa av europeiske alpinanlegg.


I 1969 var Squaw Valley vertskap for den nokså ferske verdscupen i alpine greiner, med tevlingar i slalåm og storslalåm for både menn og kvinner.


I november 2010 vart Squaw Valley Ski Resort kjøpt av KSL Capital Partners.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Squaw Valley Ski Resort» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2011.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad








0f0 W5aJIMXyR,SRtAXX1FjynBv,J,CGa8XGrLUY,QNvU 4fWmL0NL ofaGbJPJeSlyWACwG
KalnGfccevd,EXsFye0fgxe k0HU56PEaes3lmxHSlTjcHcUFu5fJP 7f

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669