Serpentin
Serpentin er ei mineralgruppe av hydroksylhaldige magnesiumsilikat Mg3Si2O5(OH)4. Dei er viktige bestanddelar i mange bergartar på lågt
metamorfosetrinn, som kleberstein, grønskifer og andre.
Serpentin blir oftast danna ved hydrotermal omvandling av magnesiumrike silikat, særleg olivin.
Dei tre hovudtypane av serpentin er lizarditt, antigoritt og krysotil (serpentinasbest).
Serpentinmineral finst mange stader, òg i Noreg. Vent gulgrøn til grøn edelserpentin frå Modum er brukt mellom anna som prydstein til fasadar.
Serpentingruppa |
Amesitt Mg2Al(Al SiO5)(OH)4
Antigoritt Mg3Si2O5(OH)4
- Lizarditt
- Krysotil
Greenalitt Fe3Si2O5(OH)4
Kjelder |
- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Serpentin: mineral. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/serpentin%2Fmineraler.
Bakgrunnsstoff |
Fyllosilikat | |
---|---|
Serpentingruppa | Antigoritt Krysotil Lizarditt Népouitt |
Leirmineralgruppa | Kloritt1Dickitt Halloysitt Illitt Kaolinitt Montmorillonitt Nakritt Nontronitt Palygorskitt Saponitt Sepiolitt Serpentin1Talk |
Glimmergruppa | Biotitt Glaukonitt Lepidolitt Margaritt Muskovitt Flogopitt |
Klorittgruppa | Kloritt |
1. Serpentin og kloritt er somme tider klassifisert som leirmineral |