Tatjana Lysenko

Multi tool use
Multi tool use
















Tatjana Lysenko

Tatyana Lysenko Daegu 2011.jpg

Fødd
9. oktober 1983
Batajsk
Yrke
sleggekaster, friidrettsutøvar

Tatjana Viktorovna Lysenko[a](fødd 9. oktober 1983) er ein russisk friidrettsutøvar frå Batajsk som tevlar i sleggjekast. I perioden 2006-13 har ho vorte både olympisk meister, verdsmeister og europameister i øvinga.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Doping


    • 1.2 Nye triumfar




  • 2 Merknadar


  • 3 Kjelder





Aktiv |


Lysenko deltok i dei olympiske leikane 2004 i Aten, men makta ikkje kvalifisere seg til finalen. Sommaren etter fekk ho sitt internasjonale gjennombrot. Den 15. juli 2005 forbetra ho i Moskva den seks år gamle verdsrekorden til rumenske Mihaela Melinte med 99 centimeter til 77,06 m. Halvannan månad seinare vann ho bronsemedaljen ved friidretts-VM i Helsinki.


Den 24. juni 2006 tok ho i Zjukovskij tilbake verdsrekorden i sleggjekast med eit kast på 77,41 m, ein rekord som Gulfija Khanafejeva hadde hatt ei kort tid. Kort etter at ho hadde sigra ved europameisterskapen i Göteborg med 76,67 m, forbetra Lysenko sin eigen verdsrekord til 77,80 meter under eit stemne den 15. august 2006 i Tallinn.



Doping |


Midt i juli 2007 vart ho dømd for å ha testa positivt i ein dopingkontroll i mai månad. Før ho vart utestengd i to år, hadde Lysenko i slutten av mai månad lagt ytterlegare på sin eigen rekord, denne rekorden vart sidan underkjend grunna dopingbruken.



Nye triumfar |


Sommaren 2009 var ho tilbake i sleggjeringen og vart nummer seks under friidretts-VM i Berlin med 72,22 m. I 2010 tok ho sølvmedaljen ved EM i Barcelona, og sigra i Kontinentalen-Cupen i Split.


Lysenko vann i 2011 gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Daegu med eit bestekast på 77,13 m. Året etter steig ho heilt til topps i sleggjeøvinga under dei olympiske sommarleikane i London med heile 78,18 m. I 2013 forsvarte ho VM-tittelen i sleggjekast på heimebane i Moskva, der ho sette russisk rekord med 78,80 m.



Merknadar |





  1. Russisk skrift Татьяна Викторовна Лысенко




Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Tatjana Wiktorowna Lyssenko» frå Wikipedia på tysk, den 22. september 2014.
















N QNyT 6hxN TS yDFk,gy,vkG1 fj ZTlsYUpPd8fbqHI7cZJqFEgAaVSz84j FpSbCuH C1I35 s77KKIM,4c,AhOe6HLxMiD L2wg Tag
66cpArg4ooncF 5GcXyYJupVmpSTF2T HZOWO

Popular posts from this blog

Bruad Bilen | Luke uk diar | NawigatsjuunCommonskategorii: BruadCommonskategorii: RunstükenWikiquote: Bruad

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

Chléb Obsah Etymologie | Pojmy při krájení bochníku nebo pecnu chleba | Receptura a druhy | Typy českého chleba | Kvalita chleba v České republice | Cena chleba | Konzumace | Postup výroby | Odkazy | Navigační menuDostupné onlineKdo si mastí kapsu na chlebu? Pekaři to nejsouVývoj spotřebitelských cen – Český statistický úřadDostupné onlineJak se co dělá: Chleba4008364-08669