Alberto Tarantini
Alberto Tarantini | ||
Alberto Tarantini | ||
| Fødd | 3. desember 1955 Ezeiza | |
Alberto César Tarantini (fødd 3. desember 1955) er ein tidlegare fotballspelar frå Ezeiza i Gran Buenos Aires som vart verdsmeister med Argentina på heimebane i 1978 og vann Copa Libertadores 1977 med Boca Juniors. Kring 1980 var han ein av dei beste venstrebackane i verda.
Innhaldsliste
1 Klubbspel
2 Landslagsspel
3 Merittar
4 Kjelder
Klubbspel |
Tarantini spelte på Boca Juniors 1973-77 og River Plate 1980-83, med begge desse laga som høyrer heime i Buenos Aires vann han eitt nasjonalt seriegull. Hausten 1977 var han som Boca-spelar med å vinne den søramerikanske fotballpokalen, Copa Libertadores. Sesongen 1978/79 hadde han eit mislukka opphald i engelske Birmingham City. Sidan spelte han 1983/84-sesongen på Bastia i fransk toppserie og heldt fram 1984-88 i FC Toulouse, utan nemnande suksess.
Landslagsspel |
Tarantini fekk sin landslagsdebut våren 1974, der etter gjekk det nesten to år før landkamp nummer to. Sitt internasjonale gjennombrot fekk han under VM i fotball 1978 i heimlandet. Han spelte då alle Argentinas kampar og som offensiv sideback skåra han sitt einaste landslagsmål då Peru i mellomrunda vart slått 6-0, ein elles illgjeten kamp. I finalen var han med å vinne 3-1 over Nederland etter ekstraomgangar. Også i Fotball-VM 1982 i Spania var Tarantini med i alle kampane, der Argentina rauk ut i mellomrunda etter tap mot Italia og Brasil. Sidan kom han ikkje med på landslaget og stoppa på 61 kampar for Argentina.
Merittar |
- Verdsmeister: 1978 for Argentina
- Vinnar av Copa Libertadores: 1977 med Boca Juniors
- Nasjonal seriemeister i Argentina: 1976 med Boca Juniors og 1981 med River Plate
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Alberto Tarantini» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2018.
Argentina sin tropp – VM i fotball 1978 (verdsmeistrar) | ||
|---|---|---|
1 Alonso • 2 Ardiles • 3 Baley • 4 Bertoni • 5 Fillol • 6 Gallego • 7 L. Galván • 8 R. Galván • 9 Houseman • 10 Kempes • 11 Killer • 12 Larrosa • 13 La Volpe • 14 Luque • 15 Olguín • 16 Ortiz • 17 Oviedo • 18 Pagnanini • 19 Passarella (lagkaptein) • 20 Tarantini • 21 Valencia • 22 Villa • Trenar: Menotti | ||
Argentina sin tropp – VM i fotball 1982 | ||
|---|---|---|
1 Ardiles • 2 Baley • 3 Barbas • 4 Bertoni • 5 Calderón • 6 Díaz • 7 Fillol • 8 Galván • 9 Gallego • 10 Maradona • 11 Kempes • 12 Hernández • 13 Olarticoechea • 14 Olguín • 15 Passarella (kaptein) • 16 Pumpido • 17 Santamaría • 18 Tarantini • 19 Trossero • 20 Valdano • 21 Valencia • 22 Van Tuyne • Trenar: Menotti | ||