Feltspat






















































































Feltspat
Feldspar-Group-291254.jpg
Feltspatkrystall (18×21×8.5 cm) frå Jequitinhonhadalen i Minas Gerais i Søraust-Brasil.
Generelt
Kategori Tektosilikat
Kjemisk formel
KAlSi3O8 – NaAlSi3O8 – CaAl2Si2O8
Identifikasjon
Farge rosa, kvit, grå, brun
Krystallsystem
Triklinsk eller monoklin
Tvilling Tartan]], carlsbad, etc
Kløyv to eller tre
Brot langs kløyvplan
Fastleik ?
Mohs hardleiksskala 6.0-6.5
Glans glasaktig
Strekfarge kvit
Transparens ugjennomsiktig
Spesifikk vekt 2.55 - 2.76
Tettleik 2.56
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks 1.518-1.526
Dobbeltbryting førsteordens
Pleokroisme ingen
Andre eigenskapar avblanda lamell er vanleg
Kjelder [1]

Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa av mineral og utgjer opp til 60 % av jordskorpa. Feltspatane er essensielle i magmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer frå magma både i djupbergartar og dagbergartar. Dei kan òg opptre som kompakte mineral, i gangar og finst i metamorfe bergartar og mange sedimentære bergartar.
Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst òg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.




Innhaldsliste






  • 1 Etymologi


  • 2 Mineralogi og kjemisk samansetjing


  • 3 Bruk


  • 4 Kjelder


  • 5 Sjå òg


  • 6 Bakgrunnsstoff





Etymologi |


Ordet feltspat kjem frå dei tyske orda «feld», som betyr 'felt', og «spat», for 'stein som ikkje inneheld malm'. Visse stader i Noreg bruker ein «spatt» som eit dialektisk uttrykk for feltspat.
Om eit materiale inneheld feltspat kan det omtalast som feltspatisk. Feltspatoide mineral er bergartsdannande mineral som liknar på feltspat kjemisk og strukturelt, men som inneheld mindre SiO2 enn feltspatane.



Mineralogi og kjemisk samansetjing |


Feltspatgruppa sine mineral høyrer til nettverkssilikata (det vil si at dei har eit tredimensjonalt rammeverk av silikatar) kor kvart SiO4-tetraeder deler fire oksygenatom med dei tilstøytande tetraedera. For å tillate kation som Na+, K+ og Ca2+ å gå inn i krystallgitteret og verne ladningsbalansen i gitteret har ein til ein viss grad substitusjon av Al3+ for Si4+.


Samansetjinga av feltspatane kan representerast med trekantdiagram med


KAlSi3O8 (kalifeltspat; mikroklin og ortoklas, Or),


NaAlSi3O3 (albitt, Ab) og


CaAl2Si2O8 (anortitt, An)


i kvart sitt hjørne. Blandingar mellom kalifeltspat og albitt vert kalla alkalifeltspat, medan blandingar mellom albitt og anortitt vert kalla plagioklas. I den førstnemnde blandinga er det full blandbarheit ved alle temperaturar, mens i sistnemnde er det berre full blandbarhet ved temperaturar høgre enn 700 °C. Ved lågare temperaturar minker blandbarheten mykje.


Sanidin (monoklin), ortoklas og mikroklin (triklin) er polymorfe kalifeltspatar.
Sanidin er mest stabil ved høge temperaturar og mikroklin ved låge temperaturar.
I alkalifeltspatane er perthittar vanlege teksturar. Perthittane er avblandingslamellar som vert danna når temperaturen søkk og vert lågare enn 700 °C og det ikkje lenger er full blandbarhet mellom kalifeltspat og albitt.


Plagioklasane klassifiserer ein etter mengde anortitt i minerala:




  • Albitt (0-10 %)


  • Oligoklas (10-30 %)


  • Andesin (30-50 %)


  • Labradoritt (50-70 %)


  • Bytownitt (70-90 %)


  • Anortitt (90-100 %)


Eitt trekk som er typisk ved feltspatane er evna til å danne tvillingkrystallar. Hos alkalifeltspat er Karlsbad-tvillingar vanleg, mens hos plagioklas er albitt-tvillingar, kor annakvart individ har lik orientering, svært vanleg.


Alkalifeltspatane finst først og fremst i den kontinentale jordskorpa. Kalifeltspat finst særleg i bergartar som granitt, syenitt, gneis og arkose.
Plagioklas dominerer i den oseaniske skorpen og er hovedmineral i basalt, gabbro og dioritt. Bergartar som inneheld meir enn 90% plagioklas vert kalla anortositt.
Heilt grov og rein feltspat med opptil fleire meter store krystallar kan finnast i pegmatittgangar.



Bruk |


Feltspat er eit mineral med fleire bruksområde innan industrien og kor det er store krav til at ein har reine mineralkonsentrat.


I industriell samanheng omtalast alkalifeltspat og albitt som ’’kalifeltspat’’ og ’’natronfeltspat’’. Begge utgjer viktige delar av mineralblandingar som brukast til forskjellige typar glas, porselen, keramikk, glasur og emalje. Dessutan brukast feltspat, særleg plagioklas, som slipemiddel og fyllmasse (filler) i mellom anna måling, sparkel og plast.


Kalifeltspat vert føretrekt i produksjon av keramikk og porselen, mens natronfeltspat vert føretrekt til dømes i glas. Grovkrystallin og kvit albitt (òg kalla «tannspat» eller «dentalspat») brukast òg til produksjon av kunstige tenner.


Sand framstilt ved knusing og sikting av anortositt brukast som eldfast-materiale, til ulike typar aluminiumskjemikaliar, keramikk og kvit pukk som nyttast i ulike typar lyst vegdekke.


Feltspat brukast òg ofte som halv-edelstein i smykke. Desse omfattar den grønfarga alkalifeltspaten amazonitt, ein plagioklas med eit metallisk blåleg fargespel som ofte er omtalt som «månestein» og aventurin («solstein»), som er ein plagioklas med eit raudleg fargespel.


Feltspatar kan òg brukast til termolumeniscent datering og optisk datering i geovitenskap og arkeologi.



Kjelder |



  • Lapidus, Dorothy Farris: Collins dictionary of geology. HarperCollins 1990 (Fyrste gong gjeve som «The facts On File Dictionary of Geology and Geophysics», 1987) ISBN 0-00-434148-1

  • Prestvik, Tore: Mineralogi. Vett & viten, 1992. ISBN 82-412-0127-3

  • Feltspat hos Noregs Geologiske Undersøking (NGU)



Sjå òg |


  • Mineral omtalt på Wikipedia


Bakgrunnsstoff |



  • Geologisk studiesamling om mineral, bergartar, fossil osv. ved Universitetet i Tromsø

  • Geologisk museum si mineralsamling

  • NGU

  • Om feltspatgruppa på mindat.org




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Feltspat




  1. «Feltspat». Gemology Online. Henta 8. november 2012. 




Popular posts from this blog

Færeyskur hestur Heimild | Tengill | Tilvísanir | LeiðsagnarvalRossið - síða um færeyska hrossið á færeyskuGott ár hjá færeyska hestinum

He _____ here since 1970 . Answer needed [closed]What does “since he was so high” mean?Meaning of “catch birds for”?How do I ensure “since” takes the meaning I want?“Who cares here” meaningWhat does “right round toward” mean?the time tense (had now been detected)What does the phrase “ring around the roses” mean here?Correct usage of “visited upon”Meaning of “foiled rail sabotage bid”It was the third time I had gone to Rome or It is the third time I had been to Rome

Slayer Innehåll Historia | Stil, komposition och lyrik | Bandets betydelse och framgångar | Sidoprojekt och samarbeten | Kontroverser | Medlemmar | Utmärkelser och nomineringar | Turnéer och festivaler | Diskografi | Referenser | Externa länkar | Navigeringsmenywww.slayer.net”Metal Massacre vol. 1””Metal Massacre vol. 3””Metal Massacre Volume III””Show No Mercy””Haunting the Chapel””Live Undead””Hell Awaits””Reign in Blood””Reign in Blood””Gold & Platinum – Reign in Blood””Golden Gods Awards Winners”originalet”Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Looks Back On 37-Year Career In New Video Series: Part Two””South of Heaven””Gold & Platinum – South of Heaven””Seasons in the Abyss””Gold & Platinum - Seasons in the Abyss””Divine Intervention””Divine Intervention - Release group by Slayer””Gold & Platinum - Divine Intervention””Live Intrusion””Undisputed Attitude””Abolish Government/Superficial Love””Release “Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer” by Various Artists””Diabolus in Musica””Soundtrack to the Apocalypse””God Hates Us All””Systematic - Relationships””War at the Warfield””Gold & Platinum - War at the Warfield””Soundtrack to the Apocalypse””Gold & Platinum - Still Reigning””Metallica, Slayer, Iron Mauden Among Winners At Metal Hammer Awards””Eternal Pyre””Eternal Pyre - Slayer release group””Eternal Pyre””Metal Storm Awards 2006””Kerrang! Hall Of Fame””Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Bullet-For My Valentine booed at Metal Hammer Golden Gods Awards””Unholy Aliance””The End Of Slayer?””Slayer: We Could Thrash Out Two More Albums If We're Fast Enough...””'The Unholy Alliance: Chapter III' UK Dates Added”originalet”Megadeth And Slayer To Co-Headline 'Canadian Carnage' Trek”originalet”World Painted Blood””Release “World Painted Blood” by Slayer””Metallica Heading To Cinemas””Slayer, Megadeth To Join Forces For 'European Carnage' Tour - Dec. 18, 2010”originalet”Slayer's Hanneman Contracts Acute Infection; Band To Bring In Guest Guitarist””Cannibal Corpse's Pat O'Brien Will Step In As Slayer's Guest Guitarist”originalet”Slayer’s Jeff Hanneman Dead at 49””Dave Lombardo Says He Made Only $67,000 In 2011 While Touring With Slayer””Slayer: We Do Not Agree With Dave Lombardo's Substance Or Timeline Of Events””Slayer Welcomes Drummer Paul Bostaph Back To The Fold””Slayer Hope to Unveil Never-Before-Heard Jeff Hanneman Material on Next Album””Slayer Debut New Song 'Implode' During Surprise Golden Gods Appearance””Release group Repentless by Slayer””Repentless - Slayer - Credits””Slayer””Metal Storm Awards 2015””Slayer - to release comic book "Repentless #1"””Slayer To Release 'Repentless' 6.66" Vinyl Box Set””BREAKING NEWS: Slayer Announce Farewell Tour””Slayer Recruit Lamb of God, Anthrax, Behemoth + Testament for Final Tour””Slayer lägger ner efter 37 år””Slayer Announces Second North American Leg Of 'Final' Tour””Final World Tour””Slayer Announces Final European Tour With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Tour Europe With Lamb of God, Anthrax And Obituary””Slayer To Play 'Last French Show Ever' At Next Year's Hellfst””Slayer's Final World Tour Will Extend Into 2019””Death Angel's Rob Cavestany On Slayer's 'Farewell' Tour: 'Some Of Us Could See This Coming'””Testament Has No Plans To Retire Anytime Soon, Says Chuck Billy””Anthrax's Scott Ian On Slayer's 'Farewell' Tour Plans: 'I Was Surprised And I Wasn't Surprised'””Slayer””Slayer's Morbid Schlock””Review/Rock; For Slayer, the Mania Is the Message””Slayer - Biography””Slayer - Reign In Blood”originalet”Dave Lombardo””An exclusive oral history of Slayer”originalet”Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Jeff Hanneman”originalet”Thinking Out Loud: Slayer's Kerry King on hair metal, Satan and being polite””Slayer Lyrics””Slayer - Biography””Most influential artists for extreme metal music””Slayer - Reign in Blood””Slayer guitarist Jeff Hanneman dies aged 49””Slatanic Slaughter: A Tribute to Slayer””Gateway to Hell: A Tribute to Slayer””Covered In Blood””Slayer: The Origins of Thrash in San Francisco, CA.””Why They Rule - #6 Slayer”originalet”Guitar World's 100 Greatest Heavy Metal Guitarists Of All Time”originalet”The fans have spoken: Slayer comes out on top in readers' polls”originalet”Tribute to Jeff Hanneman (1964-2013)””Lamb Of God Frontman: We Sound Like A Slayer Rip-Off””BEHEMOTH Frontman Pays Tribute To SLAYER's JEFF HANNEMAN””Slayer, Hatebreed Doing Double Duty On This Year's Ozzfest””System of a Down””Lacuna Coil’s Andrea Ferro Talks Influences, Skateboarding, Band Origins + More””Slayer - Reign in Blood””Into The Lungs of Hell””Slayer rules - en utställning om fans””Slayer and Their Fans Slashed Through a No-Holds-Barred Night at Gas Monkey””Home””Slayer””Gold & Platinum - The Big 4 Live from Sofia, Bulgaria””Exclusive! Interview With Slayer Guitarist Kerry King””2008-02-23: Wiltern, Los Angeles, CA, USA””Slayer's Kerry King To Perform With Megadeth Tonight! - Oct. 21, 2010”originalet”Dave Lombardo - Biography”Slayer Case DismissedArkiveradUltimate Classic Rock: Slayer guitarist Jeff Hanneman dead at 49.”Slayer: "We could never do any thing like Some Kind Of Monster..."””Cannibal Corpse'S Pat O'Brien Will Step In As Slayer'S Guest Guitarist | The Official Slayer Site”originalet”Slayer Wins 'Best Metal' Grammy Award””Slayer Guitarist Jeff Hanneman Dies””Kerrang! Awards 2006 Blog: Kerrang! Hall Of Fame””Kerrang! Awards 2013: Kerrang! Legend”originalet”Metallica, Slayer, Iron Maien Among Winners At Metal Hammer Awards””Metal Hammer Golden Gods Awards””Bullet For My Valentine Booed At Metal Hammer Golden Gods Awards””Metal Storm Awards 2006””Metal Storm Awards 2015””Slayer's Concert History””Slayer - Relationships””Slayer - Releases”Slayers officiella webbplatsSlayer på MusicBrainzOfficiell webbplatsSlayerSlayerr1373445760000 0001 1540 47353068615-5086262726cb13906545x(data)6033143kn20030215029